«Flyt på energien du kjenner i din ånd»

Norsk Sakprosa let av og til studentar presentere sine masteroppgåver. Eg kan ikkje mykje om diskusanalyse, men eg har sansen for Mirjam Vada Bø sin presentasjon av hennar oppgåve Bare tro på deg selv! En kritisk diskursanalyse av sjangeren inspirerende sitater. Her kan ein t.d. lære om «Pseudo Profound Bullshit»:

Især flere hjerte-metaforer kan betegnes som klisjéer og floskler, og noen steder er det vanskelig å se hvilke handlinger det egentlig oppfordres til, som i «Flyt på den energien du kjenner i din ånd.» (Gjør det som gir deg stjerner i øynene, 2020). Her kan vi trekke linjer til forskning på det som omtales som Pseudo Profound Bullshit; hvordan noen mennesker finner mening i ytringer som ikke egentlig har mening, men som er utformet slik at de virker dype (Pennycook, Cheyne et al. 2015).

Og ho har gått gjennom ordbruken i dei tre bøkene ho har undersøkt:

Frekvensanalyser på ordnivå bekrefter at sitatene har et tydelig og smalt fokus. For eksempel står de 20 mest brukte substantivene for over en tredel av den totale forekomsten av substantiver, og de 20 mest brukte adjektivene dekker 60 prosent av forekomstene, noe som skiller seg kraftig fra de gjennomsnittlige andelene på henholdsvis åtte prosent og 25 prosent (Viberg 1990). De fleste adjektiv er positive, men vage. Også de to mest brukte verbene – være og gjøre, er veldig generelle. Et annet interessant funn på ordnivå, er at verbet tro er det tredje hyppigst brukte verbet.

Eg finn ikkje sjølve oppgåva på nett, men eg ser for meg trur at ho kjem inn i databasen til UiA på sikt.

Star Wars og Noreg

Det finst ein del koplingar mellom Star Wars og Noreg. (Ja, fleire av dei er ganske søkte.)

Hoth og «Jess Allashane»

Mark Hammil som les "Det Nye".
Bilete av Mark Hamill (Luke) som les Det nye. (via Reddit)

Den mest kjende koplinga Star Wars har til Noreg er at scener frå isplaneten Hoth blei filma på Finse. Dette er det gitt ut ei bok om og det er ein festival på Finse i ære av det. I dokumentaren The Making of Empire Strikes Back er det ein eigen del om filminga i Noreg.

Som ein del av innspelinga var det mange nordmenn som var statistar, bl.a. krimforfattar Tom Egeland. Arve Juritzen og Odd Johan Nelvik meldte seg også på som statistar for å dekke filminga i hemmelegheit for Se&Hør. Ein kan lese meir om det i Dagsavisen (22. april 2005) og Journalisten.no har meir om Se&Hør-saka. Ein kan lese meir om korleis det var å vere statist i denne BT-artikkelen, der det også kjem fram at det er ei norsk bok på veg.

Det er litt usikkerheit om Arve Juritzen som statist spelte figuren «Jess Allashane«. Som kjelde i ein Star Wars-wiki har dei at Juritzen sjølv har signert eit Jess Allashane-samlekort, men det spørs kor god kontroll Juritzen har på dette sjølv: «Jeg vet ikke hva jeg var. Kanskje var jeg stormtroppsoldat. Var stormtroppene de som angrep? Nei, vent litt, vi var opprørere, de snille[.]» (frå Dagsavisen-saka).

Juni frå Hotel Cæsar sine tankar om Star Wars

I 1999 kom Hotel Cæsar-romanen Juni – tyven, tyven skal du hete (1999). I den får ein eit innblikk i kva såpeoperakarakteren Juni tenkte om Star Wars då ho såg han på Forum scene i Bergen i oppveksta:

Juni ble litt imponert, til tross for at hun syntes hele greia var vrøvl. Noen av effektene var utrolig spesielle, og den ene av de unge mennene som spilte hovedrollene, var ikke så aller verst å se på. Han var en blanding av bølle og blautfisk, hard på overflaten og øm under skallet. Ja, med alle de rette klisjeene på riktig plass. Juni kom alltid til å være litt svak for Harrison Ford etter Star Wars.

Tru om om dette kjem til uttrykk i nokon av dei 3123 episodane av Hotel Cæsar?

Namn: Norge, Lars, Eyvind, osv.

I dataspelet Star Wars: X-Wing Alliance (1999) har eit av fraktskipa fått namnet Norge, truleg fordi det er knytt til isplaneten Hoth. Det er i tillegg fleire figurar som har norsk-aktige namn, som Lars-familien og ein kar som heiter Eyvind. Så har me også planeten Voss og svikaren Vidkun. (Oppdatert 24. april 2024: Ja, og i The Mandalorian dukkar Ragnar opp.)

Brødrene Dal og skapningen frå Pirion

I boka Den selsomme historien om brødrene Dal og professor Drøvels hemmelighet (1981), basert på TV-serien, får me møte ein skapning frå «Pirion» (som ikkje er med i serien). Han blir skildra som eit «skrekkinnjagende og hårete monster» med «sammenbitte tenner», viftande «stilkeøyne» og med røyk som siv ut av nesebora. I boka stiller Roms spørsmålet: «Og vil det hårete monsteret fra Pirion noengang få en rolle i Star Wars III?». No er både tredje film, episode III og tredje trilogi i serien ute. Tru kva skapnad i filmane som best passar til skildringa?

Leias kropp

Filmen Rogue One: A Star Wars story kom ut då skodespelar Carrie Fisher (Leia) var 60 år, men er sett i tida like før første Star Wars film. Dei ville likevel ha med karakteren Leia, så dei løyste det med filmtriks: eit digitalt fjes på kroppen til ei anna kvinne. Og ho andre kvinna er norske Ingvild Delia.

C-3PO på festkonsert i Oslo

Anthony Daniels speler C-3PO i alle Star Wars-filmane, og i 1979 var han i Noreg. I ein festkonsert i Oslo i høve «Operation Sail» dukkar han opp på scenen i karakter. Han er først i ein kort sketsj, så dirigerer han litt i eit musikknummer før han får applaus saman med dei andre til slutt. (via Star Wars Norge-gruppa på facebook)

«Stjernekrigen» med Harald Mæle

Harald Mæle har vore stemmen i ei heil rekke norske produksjaner, noko som gjer at stemmen er lett å kjenne att. Ei av desse er eit Star Wars-hefte som blei gitt ut saman med ei lydbok, slik at unge kan lese og lytte samtidig. Du kan lese heftet her og lytte til Harald Mæle (som forteljar og som Darth Vader) her – eventuelt sjå dei saman som ein YouTube-film. Og hadde det ikkje vore kult om nokon sette lyden til faktiske klipp frå filmen? Jo, det hadde det. (via @tanketom)

Norsk (offisiell) Star Wars-kunst

I slutten av 70-talet og starten av 80-talet ga Semic ut ei rekke med Star Wars-teikneseriealbum. Av ein eller annan grunn fekk dei norske Knut Westad til å teikne framsida til heftet Siste advarsel frå 1982.

I 1987 kom spelselskapet Domark ut med eit Star Wars-spel til Atari (og seinare til GameBoy), som dei fekk norske Steinar Lund til å teikne basert på kinoplakaten.

I tillegg til dette har Torstein Nordstrand i nyare tid illustrert eit par Star Wars-bøker: Dawn of the Jedi: Into the Void (2013) og Darth Plagueis (2013).

Prinsesse Leah

Her siterer eg like greitt direkte frå eit intervju med Märtha Louise i Aftenposten:

Ari tok initiativet til [navnet Leah Isadora] fordi han alltid har vært fascinert av danseren Isadora Duncans liv og tragiske død. Han har dessuten reist mye i Midtøsten, og Leah kommer derfra. Så må jeg innrømme at jeg alltid har vært en stor Star Wars-fan, og prinsesse Leia har alltid vært den vakreste i hele verden!

«Jeg er Leah» i Aftenposten 16.06.2005

Skeive Holberg?

Det går for tida ein debatt om Ludvig Holberg i bergensavisa BA. Kjerna i saka er om omgrepet «skeiv» er relevant å bruke om Holberg, der BA-spaltist Erling Gjelsvik meiner at dette er ei unaudsynt sexifisering av Holberg mens UiB-professor Jørgen Sejersted meiner at det er ein fruktbar måte å forstå Holberg sitt forhold til kropp/kjønn. Debatten tek utgangspunkt i eit Morgenbladet-intervju som er bak betalingsmur, men innlegga i BA kan ein gratis lese frå sidelinja. Sitata gjer eit inntrykk av innlegga, men les dei helst i sin heilskap:

  • Erling Gjelsvik: Hvorfor må Holberg gjøres skeiv? (5. november): «Sex-maset er blitt så innarbeidet i den offentlige samtalen at det hindrer innsyn i det vesentlige. Når noen vil skape ny oppmerksomhet rundt dette bemerkelsesverdige mennesket, virker det søkt å sette søkelys på seksualitet.»
  • Jørgen Sejersted: «Skeiv» rommer også Holberg (9. november): «Kjønn har slett ikke vært det dominerende perspektivet, verken for meg eller andre. […] Jeg sender kritikken tilbake: Hvorfor er det først når man nevner Holbergs kjønn, at man får overskrifter i pressen?»
  • Erling Gjelsvik: Intet nytt om Holbergs legning (19. november): «For å berge i land en ryggdekning for sine oppfatninger, drives Sejersted til å operere med et mildt sagt utvidet skeivhetsbegrep, omfattende nok til å flyte ut i det meningsløse. […] Skal vi eksempelvis forstå det slik at Holbergs advokatur for likestilling mellom kjønnene, et fremmedartet og kontroversielt syn i hans samtid, gjør ham «skeiv»? Ergo er Mor Nille en sten: Erasmus Montanus kunne knapt nok gjøre det bedre enn Jørgen Sejersted.»
  • Jørgen Sejersted: Holbergs kjønn – fremdeles provoserende (29. november): «Jeg tror kroppen betyr mye for hvordan vi oppfatter verden rundt oss og beskriver den. Dette gjelder også koleriske bergensere – som Holberg. Men viktigere: Dette er også Holbergs mening, som han vender tilbake til gang på gang: «Det er Legemet, som gjør meg til non conformist». En slik formulering er radikal, betydningstung, og slett ikke noe alle og enhver kunne rive av seg.»

Og der ligg ballen no. (Eg oppdaterer innlegget med nye innslag om/når dei kjem.) Eg støtter gjerne opp om meir offentleg ordskifte om Ludvig Holberg og håper at innlegga får ein drøss klikk og lesarar.

Ordet «ørten»

Eg blei nysgjerrig på ordet «ørten». Kva kjem det av? Og kor gammalt er det? La oss sjå kva me finn ut av med litt lekmannsforsking!

Av refleks går eg alltid først til UiB/språkrådet si teneste Ordbøkene.no (bokmåls- og nynorskordboka), sidan dei gjerne har litt om opphavet til ord. Om «ørten» skriv dei: «uvisst opphav, dannet etter tallord på -ten«.

Neste steg blir riksmålsforbundet si flotte ordbok NAOB.no. Dei er også usikre, men peiker til ein svensk parallell: «av uviss opprinnelse; jf. svensk aderton «atten», med muntlig uttale a`rtån». Men NAOB har også med sitat, og då kan me sjå at det i alle fall er frå 1991.

Det monumentale bokprosjektet Norsk Ordbok (1939-2016) er i 12 band og inneheld ord frå nynorsk og norske dialekter. Dei er i gang med å revidere artiklane og legge til nye, men det er eit langvarig prosjekt og nettsida er ikkje heilt på plass enno. Men i Norsk Ordbok (alfaversjon) er det er ein artikkel om «ørten» frå 2016. Her har dei ikkje meir informasjon om opphavet, men dei viser til eit par litterære kjelder som er eldre enn 1991. Blant anna er Tone Tryti si bok om norsk slang nemnd, meir om den seinare.

Metaordboka let deg søkje i «rådataen» dei har brukt for å lage Norsk Ordbok, altså setlane med ord som har blit sendt til dei og dialektordbøkene dei har lagt inn i sitt «ordbokhotell». Brukargrensesnittet er dessverre noko vanskeleg, så eg er litt på tynn is sjølv. Men om ein søkjer på «ørten» og trykker på resultata, kjem det ei liste med lenkjer til ymse setlar ein kan sjå på. Eg finn ikkje meir om opphavet, mens den eldste setelen er frå 1983.

Som siste ledd i ordboksarbeidet, vil eg sjå litt på svensk og dansk. I Svenske akademiens ordböckar finn me «arton», som NAOB peika på. Om det er lånt herfrå, er det berre sjølve ordlyden. Via den dugnadsbaserte Wikitonary ser eg at dei på svensk har femtielva/femtioelva som tilsvarande tulletal. I eit søk på danske Ordnet.dk finn eg ikkje «ørten» (eller noko liknande). Tru kva slags tulletal dei bruker på dansk? Det næraste eg kjem etter litt tid på Google er «for hundrede og syttende gang» (frå ordsprog og talemåder).

Det er på tide å sjå i slangboka til Tone Tryti. Me finn ho på Nasjonalbiblioteket: Norsk slang (1984). Tryti skriv:

I tillegg har det i den siste tiårsperioden oppstått enkelte «betydningstomme» nylaginger som brukes som hyperbolske tallord. De vanligste av disse psevdotallene er ørten, fnørten og fjarten, men varianter som fjaksen, fjæksjen og fjøksjen er også i bruk. Alle ordene brukes om en stor, men ikke nærmere avgrenset mengde. […] Disse forsterkende tallekvivalentene kan også brukes sammen med ordinære tallord i kombinasjoner som fjarten tusen, ørten hundre, hundre og fjæksjen, tohundre-og-fnørten og ørtogførti.

«Ørten» er altså berre eit av fleire «hyperbolske talord» som er i omlaup. Ho skriv også at ordet er brukt i romanane Villskudd av Gudmund Vindland (1979) og i Jon Michelets Orions belte (1977). Dette er dei eldste døma av bruk me har funne til no.

Kanskje eg kan grave fram nokre eldre tilfelle enn dei ho har? Nasjonalbiblioteket har digitalisert omtrent heile den norske bokarven og let deg søkje gjennom han. Det burde vere ein smal sak å søke etter «ørten» og sortere etter dato. Problemet er at metodane ein har for å gjere innskanna bilete om til tekst, er framleis langt frå optimale, så ein må bla seg gjennom ein god del støy for å finne relevante treff. Likevel fann eg raskt romanen Din siste vilje (Gunnar Messel, 1977), men me er framleis ikkje lenger bak enn 1977. Eg gjer eit forsøk på å søke i avisane, men då avgrensar eg meg til 70-talet. Det eldste sikre treffet eg kan sjå er Tidens Krav (27. juni 1977). Det er eit til lovande resultat («hennes hele svin og ørten liter kremfløte pr. porsjon») frå Aftenposten (28. februar 1976), men sidan det ikkje ligg ut ope, får eg ikkje sjekke om det faktisk er «ørten» det står. Rekketal/ordenstal-varianten «ørtende»/»ørtande» finn eg i 1979, t.d. i romanen Det er bare kjærligheten som ikke sover og i Klassekampen (23. mai 1979). Og kva med dei andre hyperbolske talorda? Eg finn fjarten i 1977, fnørten i 1976 og ørtogførti i 1983.

Eg burde vel også Google ordet. Her er også problemet støy, men om ein legg til andre stikkord (t.d. «språk»), kjem det fram nokre meir eller mindre relevante treff. På diskusjon.no prøvde dei å talfeste ørten i 2007, men av opphav kjem det berre ein teori om at det heng saman med den gamle vekteininga «ort». I Språkspalta på Facebook diskuterte dei ordet i 2016. Fleire skriv at dei hugser ordet frå 70- og 80-talet, og ein ser også at det er vanleg over store deler av landet. I tillegg kjem det mange fleire døme på hyperbolske tal (og årstal). I eit anna Facebook-innlegg frå 2021 kjem det meir av det same.

Tja, er det då fleire steinar ein kan snu? Det finst jo fleire etymologiske ordbøker i bokform, men dei har eg ikkje tilgang til. På Nasjonalbiblioteket kan ein søke etter «ørten» og sortere etter «faglitteratur – språk», men dei bøkene som kanskje er relevante, ligg ikkje ope ute på nett. Eit søk på forskingsbasen Oria kan kanskje finne akademiske tekster om «talord» og «slang»? Eg fann ikkje noko på nokre raske søk, men her er det uansett også mykje som ikkje ligg ope på nett.

Så det. Eg fann ikkje nokon klare svar, og det er vel framleis fleire steinar å snu. Her er mine avsluttande tankar:

  • Det kan sjå ut som om det på 70-talet var ein periode med språkleg kreativitet når det gjaldt tullete talord. Eller kanskje er det først då dei kjem på trykk? Kor lenge dei florerte munnleg er vanskeleg å seie noko om. Kanskje vil fleire digitaliserte og transkiberte kjelder kunne avdekke meir i framtida? T.d. NRK sine arkiv.
  • Dei første som brukte «ørten» i trykk var alle på østlandet, rundt 76-77. Kanskje spreidte det seg derfrå?
  • Opphavet er framleis eit mysterium. Svenske «arton»? Vekteininga «ort»? Kva veit vel eg. Ordet «ørtogførti» kan jo få ein til å tenke på at det kan vere ein leik med «førti» som har ført til «ørten». Men det kan jo også ha gått andre vegen, at «ørten» klingar bra med «førti».

Munchs posthume vurderingar

I ei melding av Munchmuseet si utstilling av Rolf Stenersen si samling, skriv Yngve Sikko i Aftenposten:

Etter at det nye Munchmuseet åpnet har det vært mye snakk om hva Edvard Munch ville ha ment, gjort og sagt, hadde han bare levd i dag. Museets avtroppende direktør, Stein Olav Henrichsen, hevdet at Munch ville ha kjørt en elbil fra Polestar. Andre har ment at Munch anno 2022 ikke ville ha brukt det-og-det ordet og kastet glør på woke-bålet.

Sånt snakk er bare tøv. Døde mennesker er døde mennesker, ikke buktalerdukker.

Likevel: Munch ville ikke likt denne utstillingen!

Det mener jeg.

Og fordi eg liker så godt Polestar-påstanden, siterer eg også denne pressemeldinga frå direktør på Munch-museet Stein Olav Henrichsen:

Edvard Munch hadde en stor interesse for tekniske nyvinninger og jeg er ganske sikker på at hvis Munch hadde levd i dag, så hadde han nok ervervet en Polestar

Tru kva andre slags posthume vurderingar me har frå Munch? Eit raskt søk gjev eit lite utval av andre ting Munch hadde vore positiv til:

  • Per Heimly sine nytolkingar av Munch: Per Heimly: «Jeg tror Munch hadde likt bildene» (Per Heimly i Nettavisen, 20. november 2013)
  • Andøya: «Jeg tror Munch hadde likt seg på Andøya» (Kari Bremnes i Vesterålen 5. august 2014)
  • Kunstneren Per Elsdorff: «Burde ikke denne beskjedne kunstneren hatt litt oppmerksomhet han også? Det tror jeg faktisk Edvard Munch hadde likt.» (Kragerø Blad Vestmar 8. juni 2013)
  • Et bilde av Fredrik Langes gate i Tromsø fra 1952: «Dette er et motiv Edvard Munch ville likt å sette penselen i.» (Nordlys 5. februar 2007)
  • Et skjerf med Skrik-motiv: «Linda Brakstad Glenne viser fram et skjerf Edvard Munch ville likt å ha rundt halsen.» [Skjerfet har et skrik-litografi på seg] (Jarlsberg 1. okt. 2016)
  • Bilder på dataskjerm: «- Hva tror du Munch ville sagt hvis han hadde vært klar over at hans bilder kunne vises fram på en dataskjerm? – Jeg tror han hadde hatt stor sans for nye virkemidler innen formidling.» (Telemarksavisa 13. juli 1996)
  • Inngangspartiet til Miniøya i 2013: «I tillegg til billedgalleriet rundt festivalområdet har man også fått laget en helt ny inngangsportal til årets Miniøya, basert på Edvard Munchs Solen. […] Jeg er sikker på at Munch ville likt dette prosjektet godt. Så mye fargerikt engasjement fra så mange barn.» (Aftenposten 1. juni 2013)

Men eit problem med desse posthume vurderingane er jo at dei ikkje alltid er einige med kvarandre, til dømes har han litt ulike tankar om det nye Munch-museet:

Kanskje Munch kan bli ei slags historisk nikkedukke som det er fritt fram å meine på vegner av?

The Byrds – Gene Tryp (Peer Gynt)

The Byrds var eit amerikansk rockeband som var meir eller mindre aktive frå 1963-2000. Det einaste faste medlemmet var Roger McGuinn, og han blei i 1969 involvert i eit prosjekt med Jacques Levy om å lage ein rocke-musikal basert på Ibsens Peer Gynt (1867). Denne musikalen skulle ha namnet Gene Tryp (anagram av Peer Gynt) og var sett til den amerikanske ville vesten rundt år 1840.

I eit intervju frå 1970 fortel McGuinn litt om prosjektet:

Well, it’s going to be an 1840s version of Peer Gynt, in the southwestern United States. […] Gene Tryp is the lead character, he’s Peer Gynt, you know, and he goes through all these Siddhartha changes, finding his own self, trying to get to know himself in the end, and he goes through a thing with this chick, and they’re in love and then this thing gets between them, and he has to go around, into different bags and different scenes, to get back to her. He finally gets back to her in the end, and he dies in her arms. It’ll be a classic, I think. It’ll be a top musical.

[…]

We’ll be using tapes and liquid projection . . . […] We’ll be playing our music on tape. […] We’ll have a twenty-three-piece pit band, also, in there. They’ll be correlating the music. There’ll be live musicians on stage doing hoedowns and stuff, and there’ll be the band, and there’ll be the tape. It’ll all be worked out and synchronized.

«Roger McGuinn of The Byrds – interview by Jay Ruby«(1970, s. 108) frå The rock giants (1970) av red. Riveli og Levin.

Og akk, hadde berre finansieringa vore på plass, hadde me kanskje hatt Bob Dylan på lista over ikoniske Peer Gynt-tolkarar:

The two wrote all of the songs together, and McGuinn had Bob Dylan in the mind to play the lead role. Tim Buckley and Jon Voight were other possible choices. The show was conceived as a lavish spectacle – moving towards a (then hefty) million dollar budget. However the withdrawal of backers David Merrick and Don Kirshned meant a budget cut to $300,000. Columbia Records» offer of $150,000 for right to the score didn’t help enough to meet the show’s financial needs, however, and interest in the project began to wane.

All across the telegraph : a Bob Dylan handbook (1987, s. 184) av red. Gray og Bauldie

Prosjektet blei det altså ikkje noko av, men seks av dei 26 songane blei spelte inn av The Byrds. I tillegg framførte McGuinn (delar av) stykket i 1992 saman med studentar på Colgate University i 1992 under namnet Just a Season: A Romance of the Old West. Eg finn ikkje noko opptak av dette, men programmet for denne framsyninga gjer litt informasjon om strukturen i stykket.

Fyrste akt:

  • Chestnut Mare (song, tekst, wikipedia). Dette er openbert ein variant av Peer Gynt som fortel om bukkerittet, berre her er det ei hoppe. McGuinn syng litt frå songen når han snakkar om musikalen i eit intervju med NRK i 1991.
  • All The Things (song, tekst). Det er ikkje tydeleg frå songteksta kor i stykket dette er. I framsyninga er songen tidleg i stykket og Peer/Gene syng. Kanskje er det i bakrus etter brurerovet? Eller når han bestemmer seg for å reise?
  • Kathleen’s Song (song, tekst). Dette er enkelt og greitt ein versjon av Solveigs song, her sungen av stykket sin Solveig/Kathlene.

Andre akt:

  • Lover Of The Bayou (song, tekst). I framsyninga er denne sungen av «Mojo Man, Madame, Hookers» og ei kjelde seier at songen er frå ei scene «set during the Civil War, and Gene Tryp was smuggling guns to the confederates». Kanskje er dette ein variant av Peer som blir rik av å selje slavar og jesusikon?
  • I Wanna Grow Up to Be a Politician (song, tekst). Peer drøymer til stadig om storheit, så kor i stykket denne er frå er vanskeleg å seie. Kanskje er det i prat med sine utanlandske vener? Eller i stykket sin variant av Egypt?
  • The Robbin» of the Stage. Denne er ikkje gitt ut. Programmet seier han blir sungen av «The Plummer Gang». Kan gjengen vere stormen som synk skipet til Peer? Eller ein variant av dei ulike karakterane som skremmer Peer i siste handling?
  • Just a Season (song, tekst). Dette er nok ein eldre Peer/Gene som reflekterer over fortida og seg sjølv. Meir er det vanskelegare å slå fast.
  • Home on the Hillside. Denne er ikkje gitt ut. Det er ein duett mellom Peer/Gene og Solveig/Kathleen, så eg vil tru at dette er Peer i Solveigs fang.

Og det var det, så langt som eg kan finne. Burde ein ikkje setje opp dette i Noreg? I 1995 kjem det eit forslag om å få Roger McGuinn som gjest til Ibsensfestivalen i Skien, i eit håp om at han kan bruke Peer Gynt som ein ramme for ein konsert. Det blei ikkje noko av, sjølv om festivalen for alvor vurderte forslaget. Det skal og ha vore snakk om å setje opp stykket i Halden i 2005, men eg finn ikkje noko meir informasjon om det.

Men me får kanskje snart fleire svar: «[McGuinn] is currently recording the songs of «Gene Tryp» from the play in which he collaborated with Jacques Levy in 1968. […] The project will include a booklet with the story behind the songs that made it a piece of musical history.» (kjelde)

Takk til M. Trinde for tips.

Knut Westads Peer Gynt

Knut Westad (1955-2017) var den første norske Fantomet-teiknaren, og det var han som fekk i jobben då Fonna Forlag ville gje ut nye historiar om Ingeniør Knut Berg frå 2007-2009. Då Westad døydde i 2014, hadde dei med ei hylling av han i juleheftet, der dei mellom anna nemner at han hadde jobba med ein teikneserieversjon av av Henrik Ibsens Peer Gynt (1867). Dette vekka min interesse kvifor hadde eg ikkje høyrt om denne utgjevinga før? Kor kan eg lese ho? I SNL-artikkelen om Westad får eg eit svar: «Westad jobbet i flere år med en tegneserieversjon av Peer Gynt, i samarbeid med Mari Tangen, men den ble aldri utgitt.» Det blei altså aldri ei utgjeving av det. Men det finst nokre spor på nett av kva som kunne ha vore.

Det første sporet kjem frå ein artikkel i Dagens Næringsliv 12. august 1999:

Likevel føler Knut Westad at penselen tynger når han omarbeider Ibsens nasjonalepos Peer Gynt. «Jeg var i grunnen livredd for mine egne tanker,» forteller Westad. «Min første tanke var: dette kan jeg bare gjøre ved å beholde originalteksten.» Den tidligere Fantomet-tegneren beskriver boken, som «noe midt mellom illustrert fortelling og tegneserie». […] Det er imidlertid ikke spenningsversjonen av Peer Gynt Westad nå lager, målet er å gi historien en dramaturgi som passer tegneseriespråket uten å ødelegge originalhistorien. For å få et bredere dramatisk spillerom, har han byttet ut Tigalos realistiske strektegning med fargerik akvarell.

Her kjem det også fram at boka skulle vere klar alt i 2000, utgjeve av Fantasi-Fabrikken. Neste spor er frå 2006, då Westad er med på «Tegneseriens dag» på teikneseriemuseet i Brandbu. Oppland Arbeiderblad skriv om arrangementet, og har med litt om Westad: «Westad er for tiden aktuell med tegneserien om Peer Gynt som kommer ut til høsten. Bildene i tegneserien er laget av blant annet olje og akrylmalerier.» I artikkelen er det med eit bilete av Bukkerittet, som skal vere omslaget til teikneserien:

Foto: Marie D. Lorentzen / Oppland Arbeiderblad (Utsnitt)

Seinare same år deltek Westad på «Vossastreken». Serienett er på arrangementet og skriv om Peer Gynt-prosjektet i ein artikkel der dei gjengjer litt informasjon om kva verket skal vere: «Dette er en bok på 100 sider i blandet media. 32 av sidene er i tegneserieform. Der det er dramatikk, er det lagt opp til tegneserier». Artikkelforfattar Kristian Hellesund deler fleire år seinare eit bilete på Facebook der ein får sjå ein av desse 32 sidene eit utdrag frå Peer sitt møte med Bøygen:

Foto: Kristian Hellesund (via Facebook)

Eit siste spor er ein artikkel frå desember 2006 der det står at Westad hadde eit samarbeid med Leser søker bok. Og det er alt eg kan finne om prosjektet i denne omgang. Eg håper at meir kjem fram i lyset etter kvart, då eg vil tru at arbeidet finst der ute eit sted.

Om du blei fysen på Peer Gynt som teikneserie, finst teikneserieromanen Peer Gynt (2014), skrive av David Zane Mairowitz med illustrasjonar av Geir Moen. Stripeserien Peer Gynt av Thomas Sierk Rian (2014-2015) låner også fritt frå Ibsens stykke, men er ikkje ein adaptasjon. Så kom det faktisk ein teikneserieversjon av Peer Gynt alt i 1961, av Arne Øverland og Per Opøien — men meir om den i eit seinare innlegg.



50-talets målstrid (som limerick)

Hausten 1957 hadde NRK ein limerick-konkurranse i seks omganger, der dei ba folk om å sende inn sine bidrag. Kvar 14. dag kommenterte Andre Bjerke og Erik Bye nokre av bidraga, og året etter blei ein del av dei gjevne ut i boka En midjesmal frue fra Grue. Mange av dikta handlar om aktuelle tema i samtida, og blant dei var målsaka:

En riksmålstilhenger fra Grensen
kom febersyk til doktor Jensen.
På doktorens «Nå?»
svarte mannen som så:
«Jeg tror jeg har fått influensen.»

Gunner Stavestrand, Oslo. (s. 38)

I same pulje som dette diktet, kom det to til med same grunnidé. At dei tre dikta blei sende inn uavhengig av kvarandre kallar Bjerke «et av de mysterier vi av og til møter i åndslivet».

En dikter vi kjenner fra skolen
som talsmann for riksmålsparolen
ble sur som en løk
da vi bød ham for spøk
på et sprudlende glass Cocen Colen.

Ludvig Carlsen, Tønsberg. (s. 40)

Bjerke kommenterer:

Foran mikrofonen erklærte jeg at jeg godtok poenget, men ville nedlegge protest mot bildet «sur som en løk». Dikteren kunne gjerne sagt «salt som et jordbær» eller «blå som en rubin» eller … Her ble jeg avbrutt av Erik Bye, som sa: «Så, så! Ikke bli bitter nå!»

Han omtaler også limericket som eit hardt slag for riksmålet, men etter dette tredje limericket tenker han at saka står 1-1:

En norsklærerinne fra Rama
gav sin klasse et samnorsk-proklama:
«Hugs: det ender på -a!
Skreiv du -a, gjeng det bra!
Skreiv du -en, strauk du blankt til eksama!»

Arne Willumsen, Bergen. (s. 42)

Det er også andre limerick om språk, sputnik, Mykle-debatten og mykje meir. I tillegg har boka ei fin lita innleiing om limerick som sjanger. Du kan lese heile boka på Nasjonalbiblioteket: En midjesmal frue fra Grue.

Barndomsheimens cockney

I språkpodkasten Språktalk (av Helene Uri og Kristin Storrusten) har dei ein episode om «Arvede ord», det vil seie dei ord og vendingar ein har internt i ein familie. Forfattaren Tor Åge Bringsværd er også innom dette i sitt foredrag Min vei til science fiction (bok, foredag), der han koplar det opp mot «cockney»-prat:

Det var ikke et språk som ble benyttet ute eller overfor fremmede, det var et språk til «hjemmebruk». […] For et ungt øre kunne det ofte bli misforståelser, eller misforfjamselser, som min mor pleide å kalle dem – et ord som ikke må forveksles med forfjamselser (som betyr overraskelser), noe som absolutt ville vært ganske forfjampelig (ergerlig), for fremdeles å holde seg til det litt spesielle vokabularet. Så det gjaldt å handtuple det riktig. Derfor – for å være helt tydelig og si det enkelt – hendte det at de i stedet for «misforståelse» valgte et ord som nesten lignet, nemlig misforstoppelse. De satte også egne navn på tingene omkring seg, som for eksempel paraplaks (paraply), komerasje (garasje), servitutt (serviett) og øyelokkelig (øyeblikkelig). At jeg selv som ganske liten kalte lommetørkle for buntesusle, ble tatt imot med begeistring og interesse av husets kvinner, husker jeg, og straks tatt inn i stammens felles vokabular.

Min egen interesse for språk og merkelige ord begynte derfor ganske tidlig. Sitvasjasken var slik at jeg ikke akrobat hadde noe valg, kan vi vel også si. [… F]remdeles kan jeg høre små brokker i hodet, og jo mer jeg tenker på dette kvinnespråket, jo mer forstår jeg hvilke deilige hoppeklinker de var, alle disse jentene, og at de fortjener taken tuss med slufse fordi de så tidlig lærte meg hvilken herlighetens pannekake det gir oss å tulle med språket.

Han har tidlegare skrive om det same i Det eventyrlige (1991), der han skriv direkte til si mor og tante:

Det er rent så en kan le seg en skakk hårtull, men hvis de to leser dette avsnitt rett og akrobat, uten å dubbe – og hvis jeg ikke har handtuplet det altfor klønete – er det mitt håp at ingen av dem forsvimer og må på sovelefse, men øyelokkelig får inn i tippetoppen at det jeg proberer å si, er at de begge er to deilige hoppeklinker som fortjener stjerne med slufse og taken tuss fordi de så tidlig lærte meg hvilken glede det gir å tulle med språket. (Slik at falle blir rulle, paraply blir paraplaks, serviett blir servitutt og garasje blir komerasje.) Ellers tror jeg – A. Herre min hatt! – Å, herlige pannekake! – at jeg rett og slett primer! For enhver annen lesemåte er slettes meg ikke å betrakte som annet enn en forfjampelig misforstoppelse. Godjø!

(Sjølv hugser eg godt ord som «kattafontelalog» og «all-bings» frå eigen oppvekst.)

Ibsens babygulrøter

Litt før klimakonferansen i Glasgow (COP26) hadde The Guardian eit intervju med Greta Thunberg der ho fortel om livet sitt og klimakampen. I det høvet kjem journalisten inn på internhumoren i klimaaktivisetnettverket til Thunberg:

And then we have these internal jokes, like the poem about the baby carrot.” At this point, I have to admit to her that she’s lost me. But she’s on a roll. “It’s Henrik Ibsen. You can Google it. We sometimes have discussions where we just write ‘babycarrot, babycarrot, babycarrot’.” (I do Google it later, and discover it’s a source of contention whether Ibsen actually wrote the 11-word poem Dear Babycarrot.)

Berre for å slå det fast: Ibsen har aldri skrive eit dikt om babygulrøter. Det er ikkje eit ope spørsmål eller «a source of contention». Det er tull – Digt og forbandet Løgn. Men kor kjem så denne ideen frå? For det er ikkje berre Greta Thunberg som skriv om diktet. Sjå til dømes denne analysen, som eg trur er satirisk meint:

Within this context, therefore, the babycarrot in Ibsen’s poem could be seen as the working classes, who are perceived as “ugly” and insignificant (“small”) by those in power and are thus forced to live in their shadow.

«Why this Norwegian poem about carrots is the best thing you’ll read today» av professorwu (2016)

Ein brukar på Quora ber også om ein analyse, og mens fleire heldigvis viser til at diktet ikkje er av Ibsen, er det nokon som vel å bite på:

Perhaps Ibsen is making a hint of youth, how young people grow up in the shadows of their parents and, despite being newly grown, he considers them ugly compared to their parents. The interesting thing here is the contrast. Being smooth and more perfect is less desirable in this poem than being knobbly and aged. There is a character in an older carrot that is missing in the young.

Quora: «How would you analyze the poem, Babygulrot, by Henrik Ibsen?«av Greg Burns (ca. 2017)

Og så vidare:

The poem, apart from being succinct, has been regarded by scholars to represent the political concept of socialism.

«When A Baby Carrot Was The Symbol For Socialism» av Moshita Prajapati (2018)

Sjølv om Ibsen ikkje skreiv eit dikt om gulrøter, har altså nokon gjort det, og Ibsen har av ein eller annan grunn fått æra for det. Diktet ser altså slik ut:

Kjære, babygulrot

Babygulrot
Liten
Stygg
Lever i gulrotens skygge
Babygulrot.

Forfattaren er (framleis) ukjend, men det er kreditert til «Henrik Ibsen, 1942». Det kan sjå ut som diktet fekk merksemd i den engelstalande verda gjennom eit innlegg frå tumblr-brukaren ticklishvagina den 21. mai 2015. Ho er norsk, men set diktet om til engelsk for bloggen sin:

Dear, babycarrot

Babycarrot
small
ugly
lives in the shadow of the carrot
babycarrot

Innlegget har i skrivande stund 141237 samhandlingar berre på tumblr. Om ein søkjer på «Ibsen baby carrot» på google, kjem det fleire skjermdumpar av innlegget på twitter, reddit og andre sosiale media. I tumblr-innlegget viser ho ikkje til kjelde, men ein kan sjå frå biletet at det truleg er frå dikt.org, der ein framleis i dag kan finne diktet (kreditert til «Ukjent»). Etter å ha gravd litt i Archive.org sitt nettarkiv og i det som ligg ute i dag på dikt.org, har eg laga meg ei slags tidslinje:

  • 29. november 2014: Diktet finst kanskje på «nye dikt» på forsida til dikt.org, men dette kan også vere eit anna dikt med same namn (sjå nedanfor).
  • 29. mars 2015: Dette er den eldste arkiverte versjon eg finn av sjølve diktet. Her er «Henrik Ibsen, 1942» med.
  • 22. februar 2016: Diktet blir sletta fra dikt.org
  • 31. mai 2016: Diktet blir lagt inn på ny av brukaren Rosa Klebb med kommentaren: «Det var oppgitt feil forfatter, men det er fortsatt et veldig fint dikt og jeg må analysere det i norsken så ikke slett!!»
  • 17. oktober 2016: Brukaren «Dr. Julius No» legg inn att Henrik Ibsen som forfattar, og 7. november legg han også inn att «1942». (Begge deler blir fjerna 27. november 2017.)

Eg kan altså ikkje finne sikkert kven som oppretta diktet, men kanskje det kan vere verdt å høyre med «Dr Julius No» eller «Rosa Klebb»? Hen som driv dikt.org vil kanskje også finne meir i sine loggar.

Eit anna mogleg spor eir eit anna dikt med same namn («Kjære, babygulrot!») som eg finn på dikt.org rundt desember 2014, men som står oppført med «Max Marius 03. mars 2014». Eg tok kontakt med Max Marius, og han stadfestar at han skreiv dette diktet, men hadde ikkje noko meir informasjon om det andre babygulrot-diktet.

Personen bak diktet kan i alle fall skryte på seg internasjonal merksemd langt ut over det dei fleste norske dikt får. Brannfakkel: kanskje er det eit av dei mest lesne norske dikta frå 2000-talet? Om ein ser vekk frå songtekstar, trur eg at det er høgt oppe på lista, i alle fall. Med tanke på kor utbreidt diktet er på nett, er det vanskeleg å klandre Thunberg for at ho tek det for god fisk. Og kven veit, kanskje var skuletimen ho hadde om Ibsen på ein fredag?