Knut Westads Peer Gynt

Knut Westad (1955-2017) var den første norske Fantomet-teiknaren, og det var han som fekk i jobben då Fonna Forlag ville gje ut nye historiar om Ingeniør Knut Berg frå 2007-2009. Då Westad døydde i 2014, hadde dei med ei hylling av han i juleheftet, der dei mellom anna nemner at han hadde jobba med ein teikneserieversjon av av Henrik Ibsens Peer Gynt (1867). Dette vekka min interesse kvifor hadde eg ikkje høyrt om denne utgjevinga før? Kor kan eg lese ho? I SNL-artikkelen om Westad får eg eit svar: «Westad jobbet i flere år med en tegneserieversjon av Peer Gynt, i samarbeid med Mari Tangen, men den ble aldri utgitt.» Det blei altså aldri ei utgjeving av det. Men det finst nokre spor på nett av kva som kunne ha vore.

Det første sporet kjem frå ein artikkel i Dagens Næringsliv 12. august 1999:

Likevel føler Knut Westad at penselen tynger når han omarbeider Ibsens nasjonalepos Peer Gynt. «Jeg var i grunnen livredd for mine egne tanker,» forteller Westad. «Min første tanke var: dette kan jeg bare gjøre ved å beholde originalteksten.» Den tidligere Fantomet-tegneren beskriver boken, som «noe midt mellom illustrert fortelling og tegneserie». […] Det er imidlertid ikke spenningsversjonen av Peer Gynt Westad nå lager, målet er å gi historien en dramaturgi som passer tegneseriespråket uten å ødelegge originalhistorien. For å få et bredere dramatisk spillerom, har han byttet ut Tigalos realistiske strektegning med fargerik akvarell.

Her kjem det også fram at boka skulle vere klar alt i 2000, utgjeve av Fantasi-Fabrikken. Neste spor er frå 2006, då Westad er med på «Tegneseriens dag» på teikneseriemuseet i Brandbu. Oppland Arbeiderblad skriv om arrangementet, og har med litt om Westad: «Westad er for tiden aktuell med tegneserien om Peer Gynt som kommer ut til høsten. Bildene i tegneserien er laget av blant annet olje og akrylmalerier.» I artikkelen er det med eit bilete av Bukkerittet, som skal vere omslaget til teikneserien:

Foto: Marie D. Lorentzen / Oppland Arbeiderblad (Utsnitt)

Seinare same år deltek Westad på «Vossastreken». Serienett er på arrangementet og skriv om Peer Gynt-prosjektet i ein artikkel der dei gjengjer litt informasjon om kva verket skal vere: «Dette er en bok på 100 sider i blandet media. 32 av sidene er i tegneserieform. Der det er dramatikk, er det lagt opp til tegneserier». Artikkelforfattar Kristian Hellesund deler fleire år seinare eit bilete på Facebook der ein får sjå ein av desse 32 sidene eit utdrag frå Peer sitt møte med Bøygen:

Foto: Kristian Hellesund (via Facebook)

Eit siste spor er ein artikkel frå desember 2006 der det står at Westad hadde eit samarbeid med Leser søker bok. Og det er alt eg kan finne om prosjektet i denne omgang. Eg håper at meir kjem fram i lyset etter kvart, då eg vil tru at arbeidet finst der ute eit sted.

Om du blei fysen på Peer Gynt som teikneserie, finst teikneserieromanen Peer Gynt (2014), skrive av David Zane Mairowitz med illustrasjonar av Geir Moen. Stripeserien Peer Gynt av Thomas Sierk Rian (2014-2015) låner også fritt frå Ibsens stykke, men er ikkje ein adaptasjon. Så kom det faktisk ein teikneserieversjon av Peer Gynt alt i 1961, av Arne Øverland og Per Opøien — men meir om den i eit seinare innlegg.