Ibsens babygulrøter

Litt før klimakonferansen i Glasgow (COP26) hadde The Guardian eit intervju med Greta Thunberg der ho fortel om livet sitt og klimakampen. I det høvet kjem journalisten inn på internhumoren i klimaaktivisetnettverket til Thunberg:

And then we have these internal jokes, like the poem about the baby carrot.” At this point, I have to admit to her that she’s lost me. But she’s on a roll. “It’s Henrik Ibsen. You can Google it. We sometimes have discussions where we just write ‘babycarrot, babycarrot, babycarrot’.” (I do Google it later, and discover it’s a source of contention whether Ibsen actually wrote the 11-word poem Dear Babycarrot.)

Berre for å slå det fast: Ibsen har aldri skrive eit dikt om babygulrøter. Det er ikkje eit ope spørsmål eller «a source of contention». Det er tull – Digt og forbandet Løgn. Men kor kjem så denne ideen frå? For det er ikkje berre Greta Thunberg som skriv om diktet. Sjå til dømes denne analysen, som eg trur er satirisk meint:

Within this context, therefore, the babycarrot in Ibsen’s poem could be seen as the working classes, who are perceived as “ugly” and insignificant (“small”) by those in power and are thus forced to live in their shadow.

«Why this Norwegian poem about carrots is the best thing you’ll read today» av professorwu (2016)

Ein brukar på Quora ber også om ein analyse, og mens fleire heldigvis viser til at diktet ikkje er av Ibsen, er det nokon som vel å bite på:

Perhaps Ibsen is making a hint of youth, how young people grow up in the shadows of their parents and, despite being newly grown, he considers them ugly compared to their parents. The interesting thing here is the contrast. Being smooth and more perfect is less desirable in this poem than being knobbly and aged. There is a character in an older carrot that is missing in the young.

Quora: «How would you analyze the poem, Babygulrot, by Henrik Ibsen?«av Greg Burns (ca. 2017)

Og så vidare:

The poem, apart from being succinct, has been regarded by scholars to represent the political concept of socialism.

«When A Baby Carrot Was The Symbol For Socialism» av Moshita Prajapati (2018)

Sjølv om Ibsen ikkje skreiv eit dikt om gulrøter, har altså nokon gjort det, og Ibsen har av ein eller annan grunn fått æra for det. Diktet ser altså slik ut:

Kjære, babygulrot

Babygulrot
Liten
Stygg
Lever i gulrotens skygge
Babygulrot.

Forfattaren er (framleis) ukjend, men det er kreditert til «Henrik Ibsen, 1942». Det kan sjå ut som diktet fekk merksemd i den engelstalande verda gjennom eit innlegg frå tumblr-brukaren ticklishvagina den 21. mai 2015. Ho er norsk, men set diktet om til engelsk for bloggen sin:

Dear, babycarrot

Babycarrot
small
ugly
lives in the shadow of the carrot
babycarrot

Innlegget har i skrivande stund 141237 samhandlingar berre på tumblr. Om ein søkjer på «Ibsen baby carrot» på google, kjem det fleire skjermdumpar av innlegget på twitter, reddit og andre sosiale media. I tumblr-innlegget viser ho ikkje til kjelde, men ein kan sjå frå biletet at det truleg er frå dikt.org, der ein framleis i dag kan finne diktet (kreditert til «Ukjent»). Etter å ha gravd litt i Archive.org sitt nettarkiv og i det som ligg ute i dag på dikt.org, har eg laga meg ei slags tidslinje:

  • 29. november 2014: Diktet finst kanskje på «nye dikt» på forsida til dikt.org, men dette kan også vere eit anna dikt med same namn (sjå nedanfor).
  • 29. mars 2015: Dette er den eldste arkiverte versjon eg finn av sjølve diktet. Her er «Henrik Ibsen, 1942» med.
  • 22. februar 2016: Diktet blir sletta fra dikt.org
  • 31. mai 2016: Diktet blir lagt inn på ny av brukaren Rosa Klebb med kommentaren: «Det var oppgitt feil forfatter, men det er fortsatt et veldig fint dikt og jeg må analysere det i norsken så ikke slett!!»
  • 17. oktober 2016: Brukaren «Dr. Julius No» legg inn att Henrik Ibsen som forfattar, og 7. november legg han også inn att «1942». (Begge deler blir fjerna 27. november 2017.)

Eg kan altså ikkje finne sikkert kven som oppretta diktet, men kanskje det kan vere verdt å høyre med «Dr Julius No» eller «Rosa Klebb»? Hen som driv dikt.org vil kanskje også finne meir i sine loggar.

Eit anna mogleg spor eir eit anna dikt med same namn («Kjære, babygulrot!») som eg finn på dikt.org rundt desember 2014, men som står oppført med «Max Marius 03. mars 2014». Eg tok kontakt med Max Marius, og han stadfestar at han skreiv dette diktet, men hadde ikkje noko meir informasjon om det andre babygulrot-diktet.

Personen bak diktet kan i alle fall skryte på seg internasjonal merksemd langt ut over det dei fleste norske dikt får. Brannfakkel: kanskje er det eit av dei mest lesne norske dikta frå 2000-talet? Om ein ser vekk frå songtekstar, trur eg at det er høgt oppe på lista, i alle fall. Med tanke på kor utbreidt diktet er på nett, er det vanskeleg å klandre Thunberg for at ho tek det for god fisk. Og kven veit, kanskje var skuletimen ho hadde om Ibsen på ein fredag?