Ordet «ørten»

Eg blei nysgjerrig på ordet «ørten». Kva kjem det av? Og kor gammalt er det? La oss sjå kva me finn ut av med litt lekmannsforsking!

Av refleks går eg alltid først til UiB/språkrådet si teneste Ordbøkene.no (bokmåls- og nynorskordboka), sidan dei gjerne har litt om opphavet til ord. Om «ørten» skriv dei: «uvisst opphav, dannet etter tallord på -ten«.

Neste steg blir riksmålsforbundet si flotte ordbok NAOB.no. Dei er også usikre, men peiker til ein svensk parallell: «av uviss opprinnelse; jf. svensk aderton «atten», med muntlig uttale a`rtån». Men NAOB har også med sitat, og då kan me sjå at det i alle fall er frå 1991.

Det monumentale bokprosjektet Norsk Ordbok (1939-2016) er i 12 band og inneheld ord frå nynorsk og norske dialekter. Dei er i gang med å revidere artiklane og legge til nye, men det er eit langvarig prosjekt og nettsida er ikkje heilt på plass enno. Men i Norsk Ordbok (alfaversjon) er det er ein artikkel om «ørten» frå 2016. Her har dei ikkje meir informasjon om opphavet, men dei viser til eit par litterære kjelder som er eldre enn 1991. Blant anna er Tone Tryti si bok om norsk slang nemnd, meir om den seinare.

Metaordboka let deg søkje i «rådataen» dei har brukt for å lage Norsk Ordbok, altså setlane med ord som har blit sendt til dei og dialektordbøkene dei har lagt inn i sitt «ordbokhotell». Brukargrensesnittet er dessverre noko vanskeleg, så eg er litt på tynn is sjølv. Men om ein søkjer på «ørten» og trykker på resultata, kjem det ei liste med lenkjer til ymse setlar ein kan sjå på. Eg finn ikkje meir om opphavet, mens den eldste setelen er frå 1983.

Som siste ledd i ordboksarbeidet, vil eg sjå litt på svensk og dansk. I Svenske akademiens ordböckar finn me «arton», som NAOB peika på. Om det er lånt herfrå, er det berre sjølve ordlyden. Via den dugnadsbaserte Wikitonary ser eg at dei på svensk har femtielva/femtioelva som tilsvarande tulletal. I eit søk på danske Ordnet.dk finn eg ikkje «ørten» (eller noko liknande). Tru kva slags tulletal dei bruker på dansk? Det næraste eg kjem etter litt tid på Google er «for hundrede og syttende gang» (frå ordsprog og talemåder).

Det er på tide å sjå i slangboka til Tone Tryti. Me finn ho på Nasjonalbiblioteket: Norsk slang (1984). Tryti skriv:

I tillegg har det i den siste tiårsperioden oppstått enkelte «betydningstomme» nylaginger som brukes som hyperbolske tallord. De vanligste av disse psevdotallene er ørten, fnørten og fjarten, men varianter som fjaksen, fjæksjen og fjøksjen er også i bruk. Alle ordene brukes om en stor, men ikke nærmere avgrenset mengde. […] Disse forsterkende tallekvivalentene kan også brukes sammen med ordinære tallord i kombinasjoner som fjarten tusen, ørten hundre, hundre og fjæksjen, tohundre-og-fnørten og ørtogførti.

«Ørten» er altså berre eit av fleire «hyperbolske talord» som er i omlaup. Ho skriv også at ordet er brukt i romanane Villskudd av Gudmund Vindland (1979) og i Jon Michelets Orions belte (1977). Dette er dei eldste døma av bruk me har funne til no.

Kanskje eg kan grave fram nokre eldre tilfelle enn dei ho har? Nasjonalbiblioteket har digitalisert omtrent heile den norske bokarven og let deg søkje gjennom han. Det burde vere ein smal sak å søke etter «ørten» og sortere etter dato. Problemet er at metodane ein har for å gjere innskanna bilete om til tekst, er framleis langt frå optimale, så ein må bla seg gjennom ein god del støy for å finne relevante treff. Likevel fann eg raskt romanen Din siste vilje (Gunnar Messel, 1977), men me er framleis ikkje lenger bak enn 1977. Eg gjer eit forsøk på å søke i avisane, men då avgrensar eg meg til 70-talet. Det eldste sikre treffet eg kan sjå er Tidens Krav (27. juni 1977). Det er eit til lovande resultat («hennes hele svin og ørten liter kremfløte pr. porsjon») frå Aftenposten (28. februar 1976), men sidan det ikkje ligg ut ope, får eg ikkje sjekke om det faktisk er «ørten» det står. Rekketal/ordenstal-varianten «ørtende»/»ørtande» finn eg i 1979, t.d. i romanen Det er bare kjærligheten som ikke sover og i Klassekampen (23. mai 1979). Og kva med dei andre hyperbolske talorda? Eg finn fjarten i 1977, fnørten i 1976 og ørtogførti i 1983.

Eg burde vel også Google ordet. Her er også problemet støy, men om ein legg til andre stikkord (t.d. «språk»), kjem det fram nokre meir eller mindre relevante treff. På diskusjon.no prøvde dei å talfeste ørten i 2007, men av opphav kjem det berre ein teori om at det heng saman med den gamle vekteininga «ort». I Språkspalta på Facebook diskuterte dei ordet i 2016. Fleire skriv at dei hugser ordet frå 70- og 80-talet, og ein ser også at det er vanleg over store deler av landet. I tillegg kjem det mange fleire døme på hyperbolske tal (og årstal). I eit anna Facebook-innlegg frå 2021 kjem det meir av det same.

Tja, er det då fleire steinar ein kan snu? Det finst jo fleire etymologiske ordbøker i bokform, men dei har eg ikkje tilgang til. På Nasjonalbiblioteket kan ein søke etter «ørten» og sortere etter «faglitteratur – språk», men dei bøkene som kanskje er relevante, ligg ikkje ope ute på nett. Eit søk på forskingsbasen Oria kan kanskje finne akademiske tekster om «talord» og «slang»? Eg fann ikkje noko på nokre raske søk, men her er det uansett også mykje som ikkje ligg ope på nett.

Så det. Eg fann ikkje nokon klare svar, og det er vel framleis fleire steinar å snu. Her er mine avsluttande tankar:

  • Det kan sjå ut som om det på 70-talet var ein periode med språkleg kreativitet når det gjaldt tullete talord. Eller kanskje er det først då dei kjem på trykk? Kor lenge dei florerte munnleg er vanskeleg å seie noko om. Kanskje vil fleire digitaliserte og transkiberte kjelder kunne avdekke meir i framtida? T.d. NRK sine arkiv.
  • Dei første som brukte «ørten» i trykk var alle på østlandet, rundt 76-77. Kanskje spreidte det seg derfrå?
  • Opphavet er framleis eit mysterium. Svenske «arton»? Vekteininga «ort»? Kva veit vel eg. Ordet «ørtogførti» kan jo få ein til å tenke på at det kan vere ein leik med «førti» som har ført til «ørten». Men det kan jo også ha gått andre vegen, at «ørten» klingar bra med «førti».