Star Wars og Noreg

Det finst ein del koplingar mellom Star Wars og Noreg. (Ja, fleire av dei er ganske søkte.)

Hoth og «Jess Allashane»

Mark Hammil som les "Det Nye".
Bilete av Mark Hamill (Luke) som les Det nye. (via Reddit)

Den mest kjende koplinga Star Wars har til Noreg er at scener frå isplaneten Hoth blei filma på Finse. Dette er det gitt ut ei bok om og det er ein festival på Finse i ære av det. I dokumentaren The Making of Empire Strikes Back er det ein eigen del om filminga i Noreg.

Som ein del av innspelinga var det mange nordmenn som var statistar, bl.a. krimforfattar Tom Egeland. Arve Juritzen og Odd Johan Nelvik meldte seg også på som statistar for å dekke filminga i hemmelegheit for Se&Hør. Ein kan lese meir om det i Dagsavisen (22. april 2005) og Journalisten.no har meir om Se&Hør-saka. Ein kan lese meir om korleis det var å vere statist i denne BT-artikkelen, der det også kjem fram at det er ei norsk bok på veg.

Det er litt usikkerheit om Arve Juritzen som statist spelte figuren «Jess Allashane«. Som kjelde i ein Star Wars-wiki har dei at Juritzen sjølv har signert eit Jess Allashane-samlekort, men det spørs kor god kontroll Juritzen har på dette sjølv: «Jeg vet ikke hva jeg var. Kanskje var jeg stormtroppsoldat. Var stormtroppene de som angrep? Nei, vent litt, vi var opprørere, de snille[.]» (frå Dagsavisen-saka).

Juni frå Hotel Cæsar sine tankar om Star Wars

I 1999 kom Hotel Cæsar-romanen Juni – tyven, tyven skal du hete (1999). I den får ein eit innblikk i kva såpeoperakarakteren Juni tenkte om Star Wars då ho såg han på Forum scene i Bergen i oppveksta:

Juni ble litt imponert, til tross for at hun syntes hele greia var vrøvl. Noen av effektene var utrolig spesielle, og den ene av de unge mennene som spilte hovedrollene, var ikke så aller verst å se på. Han var en blanding av bølle og blautfisk, hard på overflaten og øm under skallet. Ja, med alle de rette klisjeene på riktig plass. Juni kom alltid til å være litt svak for Harrison Ford etter Star Wars.

Tru om om dette kjem til uttrykk i nokon av dei 3123 episodane av Hotel Cæsar?

Namn: Norge, Lars, Eyvind, osv.

I dataspelet Star Wars: X-Wing Alliance (1999) har eit av fraktskipa fått namnet Norge, truleg fordi det er knytt til isplaneten Hoth. Det er i tillegg fleire figurar som har norsk-aktige namn, som Lars-familien og ein kar som heiter Eyvind. Så har me også planeten Voss og svikaren Vidkun. (Oppdatert 24. april 2024: Ja, og i The Mandalorian dukkar Ragnar opp.)

Brødrene Dal og skapningen frå Pirion

I boka Den selsomme historien om brødrene Dal og professor Drøvels hemmelighet (1981), basert på TV-serien, får me møte ein skapning frå «Pirion» (som ikkje er med i serien). Han blir skildra som eit «skrekkinnjagende og hårete monster» med «sammenbitte tenner», viftande «stilkeøyne» og med røyk som siv ut av nesebora. I boka stiller Roms spørsmålet: «Og vil det hårete monsteret fra Pirion noengang få en rolle i Star Wars III?». No er både tredje film, episode III og tredje trilogi i serien ute. Tru kva skapnad i filmane som best passar til skildringa?

Leias kropp

Filmen Rogue One: A Star Wars story kom ut då skodespelar Carrie Fisher (Leia) var 60 år, men er sett i tida like før første Star Wars film. Dei ville likevel ha med karakteren Leia, så dei løyste det med filmtriks: eit digitalt fjes på kroppen til ei anna kvinne. Og ho andre kvinna er norske Ingvild Delia.

C-3PO på festkonsert i Oslo

Anthony Daniels speler C-3PO i alle Star Wars-filmane, og i 1979 var han i Noreg. I ein festkonsert i Oslo i høve «Operation Sail» dukkar han opp på scenen i karakter. Han er først i ein kort sketsj, så dirigerer han litt i eit musikknummer før han får applaus saman med dei andre til slutt. (via Star Wars Norge-gruppa på facebook)

«Stjernekrigen» med Harald Mæle

Harald Mæle har vore stemmen i ei heil rekke norske produksjaner, noko som gjer at stemmen er lett å kjenne att. Ei av desse er eit Star Wars-hefte som blei gitt ut saman med ei lydbok, slik at unge kan lese og lytte samtidig. Du kan lese heftet her og lytte til Harald Mæle (som forteljar og som Darth Vader) her – eventuelt sjå dei saman som ein YouTube-film. Og hadde det ikkje vore kult om nokon sette lyden til faktiske klipp frå filmen? Jo, det hadde det. (via @tanketom)

Norsk (offisiell) Star Wars-kunst

I slutten av 70-talet og starten av 80-talet ga Semic ut ei rekke med Star Wars-teikneseriealbum. Av ein eller annan grunn fekk dei norske Knut Westad til å teikne framsida til heftet Siste advarsel frå 1982.

I 1987 kom spelselskapet Domark ut med eit Star Wars-spel til Atari (og seinare til GameBoy), som dei fekk norske Steinar Lund til å teikne basert på kinoplakaten.

I tillegg til dette har Torstein Nordstrand i nyare tid illustrert eit par Star Wars-bøker: Dawn of the Jedi: Into the Void (2013) og Darth Plagueis (2013).

Prinsesse Leah

Her siterer eg like greitt direkte frå eit intervju med Märtha Louise i Aftenposten:

Ari tok initiativet til [navnet Leah Isadora] fordi han alltid har vært fascinert av danseren Isadora Duncans liv og tragiske død. Han har dessuten reist mye i Midtøsten, og Leah kommer derfra. Så må jeg innrømme at jeg alltid har vært en stor Star Wars-fan, og prinsesse Leia har alltid vært den vakreste i hele verden!

«Jeg er Leah» i Aftenposten 16.06.2005