Knut Westad (1955-2017) var den første norske Fantomet-teiknaren, og det var han som fekk i jobben då Fonna Forlag ville gje ut nye historiar om Ingeniør Knut Berg frå 2007-2009. Då Westad døydde i 2014, hadde dei med ei hylling av han i juleheftet, der dei mellom anna nemner at han hadde jobba med ein …
Category Archives: .
50-talets målstrid (som limerick)
Hausten 1957 hadde NRK ein limerick-konkurranse i seks omganger, der dei ba folk om å sende inn sine bidrag. Kvar 14. dag kommenterte Andre Bjerke og Erik Bye nokre av bidraga, og året etter blei ein del av dei gjevne ut i boka En midjesmal frue fra Grue. Mange av dikta handlar om aktuelle tema …
Barndomsheimens cockney
I språkpodkasten Språktalk (av Helene Uri og Kristin Storrusten) har dei ein episode om «Arvede ord», det vil seie dei ord og vendingar ein har internt i ein familie. Forfattaren Tor Åge Bringsværd er også innom dette i sitt foredrag Min vei til science fiction (bok, foredag), der han koplar det opp mot «cockney»-prat: Det …
Ibsens babygulrøter
Litt før klimakonferansen i Glasgow (COP26) hadde The Guardian eit intervju med Greta Thunberg der ho fortel om livet sitt og klimakampen. I det høvet kjem journalisten inn på internhumoren i klimaaktivisetnettverket til Thunberg: And then we have these internal jokes, like the poem about the baby carrot.” At this point, I have to admit …
Noregs første podkast
Laurdagen 3. september 2005 sender NRK første episode av radioprogrammet Kurer. Temaet er podkasting – og i det høvet la dei ut episoden som podkast alt dagen før (klokka 16:56!). I følgje SNL.no er dette NRK sin første podkast, men dette kjem me tilbake til. Fredagspubliseringa gjer at dei blir det første radioprogrammet distribuert som …
Historiske valomatar
Nasjonalbiblioteket har eit fiffig påfunn, dei har laga ein valomat som navigerer deg gjennom dei politiske stridssakene rundt 1890-1925. Her må du ta stilling til stemmerett for kvinner, oppheving av brennevinsforbod, 8 timars arbeidsdager og liknande. Dette er ikkje første av sitt slag, Arkivverket laga ein i 2013 i anledning stemmerettsjubileet, men den er ikkje …
Don Bluths «Østenfor sol, vestenfor måne»
Don Bluth er mannen bak animerte klassikarar som NIMHs hemmelighet (1982), Lillefot og vennene hans (1988) og Anastasia (1997). I starten av 80-talet var han i gang med eit filmprosjekt basert på eit norsk folkeeventyr: East of the Sun and West of the Moon. Me kjenner att eventyret som «Østenfor sol, vestenfor måne«, men han …
Continue reading «Don Bluths «Østenfor sol, vestenfor måne»»
Jo Nesbø og Batman
Den første Harry Hole-boka til Jo Nesbø er Flaggermusmannen (1997). Den tredje er Rødstrupe (2000). På engelsk er dei omsette til The Bat og The Redbreast, men dei kunne hatt namna «Batman» og «Robin». Eg har ikkje lese bøkene, så eg blei nysgjerrig på om dette berre var tilfeldig. I ei VG-sak frå 1996 – …
Aarhus i 1902 (og maskinlæring)
Utviklinga av maskinlæringsteknologi har gjort av «kven som helst» kan gjere avansert oppussing av gamle filmklipp. YouTubar RestoringOldStuff har i det siste kasta seg over dansk filmarkiv og blant anna lagt ut nokon «oppussa» filmklipp frå Aarhus i 1902: Knapt noko av det du ser her kjem frå sjølve videokameraet. Klippa er henta frå Sct. …
Sommaren 1921
Har du høyrt om sommaren 1921? Nei? Det er avisene sin feil. Og din og min. Det meiner i alle fall (den anonyme) skribenten av rubrikken «Av dagens saga» i Morgenbladet 10. august 1921: Det lakker mot høsten, og de faa som husker noget av veiret, begynder at faa en oversigt over denne abnorme sommer. …