Ordet «ørten»

Eg blei nysgjerrig på ordet «ørten». Kva kjem det av? Og kor gammalt er det? La oss sjå kva me finn ut av med litt lekmannsforsking! Av refleks går eg alltid først til UiB/språkrådet si teneste Ordbøkene.no (bokmåls- og nynorskordboka), sidan dei gjerne har litt om opphavet til ord. Om «ørten» skriv dei: «uvisst opphav, …

The Byrds – Gene Tryp (Peer Gynt)

The Byrds var eit amerikansk rockeband som var meir eller mindre aktive frå 1963-2000. Det einaste faste medlemmet var Roger McGuinn, og han blei i 1969 involvert i eit prosjekt med Jacques Levy om å lage ein rocke-musikal basert på Ibsens Peer Gynt (1867). Denne musikalen skulle ha namnet Gene Tryp (anagram av Peer Gynt) …

Barndomsheimens cockney

I språkpodkasten Språktalk (av Helene Uri og Kristin Storrusten) har dei ein episode om «Arvede ord», det vil seie dei ord og vendingar ein har internt i ein familie. Forfattaren Tor Åge Bringsværd er også innom dette i sitt foredrag Min vei til science fiction (bok, foredag), der han koplar det opp mot «cockney»-prat: Det …

Noregs første podkast

Laurdagen 3. september 2005 sender NRK første episode av radioprogrammet Kurer. Temaet er podkasting – og i det høvet la dei ut episoden som podkast alt dagen før (klokka 16:56!). I følgje SNL.no er dette NRK sin første podkast, men dette kjem me tilbake til. Fredagspubliseringa gjer at dei blir det første radioprogrammet distribuert som …

Historiske valomatar

Nasjonalbiblioteket har eit fiffig påfunn, dei har laga ein valomat som navigerer deg gjennom dei politiske stridssakene rundt 1890-1925. Her må du ta stilling til stemmerett for kvinner, oppheving av brennevinsforbod, 8 timars arbeidsdager og liknande. Dette er ikkje første av sitt slag, Arkivverket laga ein i 2013 i anledning stemmerettsjubileet, men den er ikkje …