Don Bluths «Østenfor sol, vestenfor måne»

Don Bluth er mannen bak animerte klassikarar som NIMHs hemmelighet (1982), Lillefot og vennene hans (1988) og Anastasia (1997). I starten av 80-talet var han i gang med eit filmprosjekt basert på eit norsk folkeeventyr: East of the Sun and West of the Moon. Me kjenner att eventyret som «Østenfor sol, vestenfor måne«, men han hadde sin eigen vri på eventyret:

Now the story that we’re telling takes place in the future, about the year 2500, and it has much the same elements in it, except it’s about a young boy and a young girl. She gets the boy in trouble in much the same way. He is discovered – he’s a fugitive from another world. He is discovered because of her, and is taken away to be put to death, and she sets out to rescue him.

It has some fantastic visuals in it, too. We go down to the lost city of Atlantis in one sequence; how she journeys to this land East of the Sun, West of the Moon is on the back of the North Wind, so it has, I think, some beautiful things in it.

Frå eit intervju, sitert på Cataroo.com

Dessverre gjorde ein streik og problem med finansiering at prosjektet aldri blei noko av. Du kan lese meir om prosjektet (og streiken) på Cataroo.com. Men sidan arbeidet alt var i gang, finst det nokon bilete frå korleis filmen skulle bli:

Eg har henta bileta frå LostMediaWiki og Tomtefairytailblog, men eg finner ikkje ei kjelde som kan stadfeste at dei faktisk er frå denne produksjonen.

Sjølv om denne filmen aldri blei noko av, blei det likevel nokre filmar frå Bluth med ei viss skandinavisk kopling. Tommelise (1994) er basert på eit eventyr av H. C. Andersen, mens Trollet i parken (1994) handlar om troll.

Redigert (17. april 2024): Og no kjem ein norsk teiknefilm basert på Maja Lunde si tolking av eventyret. Info frå NFI og eit klipp frå filmen.