Historiske valomatar

Nasjonalbiblioteket har eit fiffig påfunn, dei har laga ein valomat som navigerer deg gjennom dei politiske stridssakene rundt 1890-1925. Her må du ta stilling til stemmerett for kvinner, oppheving av brennevinsforbod, 8 timars arbeidsdager og liknande. Dette er ikkje første av sitt slag, Arkivverket laga ein i 2013 i anledning stemmerettsjubileet, men den er ikkje lenger på nett (du kan sjå ei arkivert side om han her).

Det fekk meg likevel til å tenkje: har me ikkje hatt valomatar så lenge no at dei eldste er av ei viss historisk interesse? Eg fant noko historikk i ei masteroppgåve frå 2016:

Den første valgomaten ble lansert i Nederland i 1989, og var en valgomat i papirformat. Den første digitaliserte valgomaten var også Nederlandsk; Stemwijzer produserte i 1998 250,000 «råd», og i løpet av valget i 2006 hadde dette antallet eksplodert til 4.7 millioner. Denne eksplosjonen har man også sett i land som Sveits med valgomaten Smartvote, og i Tyskland med valgomaten Wahl-O-Mat (Fivaz & Nadig, 2010). Man kan også se en klar økning i Norge. Ved stortingsvalget i 2009 var det 38 prosent som oppgav at de hadde tatt en valgomat, og fire år senere svarte 51 prosent at de hadde brukt en slik tjeneste (Karlsen, 2015a). Her ser man en tydelig økning i bruken av denne tjenesten.

Elisabeth Helene Omarhaug (2016): Valgomater – informasjon eller underholdning? s. 9

Eit raskt søk på «valgomat» i Google trends seier det same som Omarhaug i masteroppgåva – det har vore ei klar vekst i interesse for desse. Men kor lenge har me hatt desse i Noreg? I masteroppgåva er det nemnt at TV2 lanserte sin første partitest i 2001 (s. 40), men eg finn ikkje noko spor av den på nett. Men eg fant ein partitest hos Aftenposten frå 2001. Tru om dette er den første i landet? Valomaten er for lengst fjerna frå nett, men det ligg ein arkivert versjon på archive.org:

Så dette var sakene me var opptatt av i 2001. Ein del av dei kan vel framleis vere med i valomatane, medan «Tobin-skatt» og reklamefinansierte skulebøker nok ikkje er viktige kampsaker lenger.

Eg melder min interesse for innsamling og attpublisering av eldre valomatar. Det er sikkert teknisk litt vanskeleg då dei fleste truleg er laga med utgåtte løysingar, men det er dumt om dei blir tapt for æva av den grunn.