Street art i Stavanger

Skjermskot frå Google arts and Culture: Nuart

I Stavanger har dei sidan 2001 hatt «street art»-festivalen Nuart, noko som gjer at det er flotte kunstverk på veggar gjennom heile Stavanger sentrum. Men no melder NRK at Nuart ikkje får meir støtte frå Kulturrådet, og at dei derfor gjer seg:

I 2016 kom beskjeden fra Kulturrådet om at Nuart-festivalen ikke lenger ville motta offentlig støtte. Begrunnelsen lå i det kunstneriske: andre søkerne var rett og slett mer kvalifisert.

Støtten ble faset ut og etter 2019 fikk de ikke mer støtte hos Kulturrådet. Selv om de kunne søkt igjen, valgte han å ikke gjøre det. Reed orker rett og slett ikke å jage pengene lenger.

Heldigvis «heng» kunsten frå førre år att, og om du ikkje har moglegheit til å ta turen ut nett no, har dei lagt ut mange interaktive «collections» på Google Arts and Culture. Desse har fotografi, videosnuttar, 360-bilete, musikk og informasjon om kunstarar undervegs. Eg er ikkje alltid så glad i scrolle-formatet, men det fungerte fint for å sjå litt på kunstbyen Stavanger. Om du heller vil sjå det som berre fotografi, kan sjå alle streetart-bileta på ei side.

Takk til Kjetil for tipset.