Alle heiter Glenn i Gøteborg

Eg kan lite om fotball, men ein av dei få tingane eg har lært er: Alla heter Glenn i Göteborg.

Bakgrunnen for songen er at laget IFK Göteborg vant UEFA-cuppen i 1982 med fire spelarar på banen med namnet Glenn: Glenn Hysén, Glenn Strömberg, Glenn Schiller og Glenn Holm. Dette fekk ein del merksemd både i innlandet (der songen blei til), og i utlandet der journalistar «skrattade åt alla Glenn, de skämtade om ifall det var förnamn eller efternamn». Siste sitat er frå artikkelen «Därför heter «alla» Glenn i Göteborg«, der der ser litt på historia bak fenomenet og snakkar med Glenn-ane sjølv.

Alle fire blei samla igjen i 2017 for å markere at eit av toga i Göteborg fikk namnet Glenn – og i god frukost-TV-stil måtte dei sjølvsagt synge songen saman.

Men er Glenn så vanleg i Göteborg? I følge Ratsit er Göteborg berre på 100. plass (av 290) når det gjeld talet Glenn: «I Göteborgs kommun finns 386 Glenn där den äldste är 79 år och den yngste 16 år». Ein av dei er Glenn Göthe Borg, som er nøgd over å ha Sveriges «mest göteborgska namn».