Aarhus i 1902 (og maskinlæring)

Utviklinga av maskinlæringsteknologi har gjort av «kven som helst» kan gjere avansert oppussing av gamle filmklipp. YouTubar RestoringOldStuff har i det siste kasta seg over dansk filmarkiv og blant anna lagt ut nokon «oppussa» filmklipp frå Aarhus i 1902:

Knapt noko av det du ser her kjem frå sjølve videokameraet. Klippa er henta frå Sct. Clemensbro i Aarhus (1902), men bileta som er brukt er blitt forstørra – altså har ein datamaskin «fylt inn» detaljar den trur skal vere der. Det same gjeld fargane, dei er stort sett bestemt av ein datamaskin som har lært frå å analysere store mengder video/bilete-materiale. Men ikkje nok med det: den originale filmen hadde truleg berre rundt 24 bilete i sekundet, mens denne har heile 60. Altså er dei aller fleste bileta denne videoen består av ikkje frå sjølve filmrullen, men datagenererte.

Kamera har aldri kunne gje fullgode attgjevingar av verkelegheita, og moderne mobilkamera gjer ei rekke småendringar som få tenker på som historieforfalsking. Kjem ein til å ta like lett på slik «oppussing» av gamal film? Me får sjå. Dette er uansett teknologi som berre er i startgropa, og det same gjeld nok kva slags haldningar me vil ha til resultata.

Redigert: Og no har turen komme til Noreg. Sjå klipp frå 1912-14 her. (Via reddit)