Noregs første podkast

Laurdagen 3. september 2005 sender NRK første episode av radioprogrammet Kurer. Temaet er podkasting – og i det høvet la dei ut episoden som podkast alt dagen før (klokka 16:56!). I følgje SNL.no er dette NRK sin første podkast, men dette kjem me tilbake til. Fredagspubliseringa gjer at dei blir det første radioprogrammet distribuert som podkast, då dei slår Kanal24 sitt program Supertanker med Eirik Newth med berre to og ein halv time. Du kan følgje dramatikken i kommentarfeltet til Eirik Newth.

Men vent no litt, kvifor presiserer Newth at det er det første riksdekkjande radioprogrammet som blir podkast? Kurer-episoden ligg ikkje ute på nett, men i skildringa av ho så nemner dei «Bohemene», som la ut radioprogram til nedlasting våren 2005. I ein arkivert versjon av Bohemene.no kan ein sjå filene til nedlasting alt 12. januar 2005, og truleg før dette også (det står 2004 på sida). Men det å leggje ut filer til nedlasting er ikkje det same som ein podkast, sidan ein podkast krevjer at ein har ein såkalla podtkaststraum (SNL). Bohemene fekk også ein straum etter kvart, men det kan sjå ut som om det ikkje var før i september 2005. Det er framleis før Kurer og Supertanker, men SNL nemner også at ITavisen hadde ein tidleg podkast. Den kom 5. august same år. Er det då den tidlegaste?

I kommentarfeltet til Eirik Newth sin bloggpost over nemner NRK-journalistane at dei har sendt Urørt som podkast sidan «i vinter», og her kjem me inn i nok ei nøtt når ein skal definere kva som er ein podkast. Podkasting er både ein måte å distribuere lydfilar på (podkaststraumen), og ein type program ein kan høyre på. Så om Urørt sender ut enkeltsongar med hjelp av ein podkaststraum, er dei då den første podkasten? Dette var ei problemstilling alt i 2005, Journalisten.no nemner det i ein artikkel om fenomenet podkast (der dei og lanserer omgrepet «lommekringkasting»):

P3-programmet «Urørt» hadde på uoffisiell basis startet med å podcaste musikkdemoer, men RadioAdressa var først ute i Norge med å tilby ordinær podcasting. Fra slutten av april har radiokanalen lagt ut «Sex og samlivsmagasinet» i podcastformat en time etter ordinær sendetid hver fredag formiddag.

Men vent no litt, ein podkast frå april 2005? Det stemmer. Adressa.no har ein artikkel frå 29. april 2005 om sin podkast:

Nå kan du laste inn Eva’s sexråd på din Ipod: Først ute med PodCasting

adressa.no og RadioAdressa er først i Norge med å tilby radioprogram på din iPOD gjennom såkalt PodCasting. Du kan nå nyte Eva og Torsten i Sex- og Samlivsmagasinet akkurat når du vil.

Fortsatt litt flaut å høre samlivsterapeut Eva Mohn snakke i RadioAdressa om de nyeste vibratorene og de tøffeste stillingene?

Litt småflaut å høre om hvordan man blir en bedre oralelsker mellom 10 og 11 på en fredag?

Vi forstår deg og derfor tilbyr vi nå hver eneste sending som podcast hver fredag klokka 12.

Adressa blir med dette de første som podcaster regulær radio i Norge.

Pod what? Podcast – en måte å få annet enn musikk inn på iPOD’en din på en enkel måte.

Så no har me første podkast frå eit riksdekkjande program og dei første som driv med «ordinær» podkasting. Når det gjeld Urørt sin song-podkast finn eg berre ein artikkel frå september same år. Eg har altså ikkje eit svar på kor tid dei først begynte å eksperimentere med podkast-løysinga. (Kanskje nemner dei det i Kurer-episoden?)

Men sidan Adressa var den første ordinære podkasten, er det då noko anna som framleis er eldre? I leitinga fann eg endå ein tidleg norsk podkast: Digital-hverdag.com (lansert 15. juli 2005). Gjennom kommentarfeltet der havna eg på ein bloggpost på senikk.com frå 28. mars 2005:

Min egen lille podcast

Siden jeg enda har tilgode å finne en eneste norsk podcast så lagte jeg min egen lille, hehe. Denne podcasten min er ikke noe interessant å lytte på da, det var mer som en test for meg selv hva som skulle til av programvare på Linux for å lage en.

Ellers så må jeg si at jeg er overrasket over at en ny teknlogi slik som podcasting faktisk skulle få brassnerden ut av huset for å gå litt oftere tur :P Podcasting og iPod er to flotte ting :-)

Så det jeg egentlig lurer på nå er denne podcasten min den første norske? Hvis noen finner noen norske podcast så vil jeg gjerne høre om det.

I sjølve podkast-straumen kan ein sjå at podkasten hadde namnet Brassnerd ;-), den første episoden «Hello World!» blei publisert 27. mars klokka 9:31 GMT med skildringa: «Maybe the first Hello World podcast and also proberbly the first norwegian podcast».

Så om ein definerer «ein podkast» som eit program (ikkje song) som nyttar podkasting-teknologi, trur eg at eg har funne fram til Noregs første podkast. Men ein skal ikkje sjå bort frå at det er fleire steinar der ute ein kan snu – kanskje dukker dei faktiske lydfilene opp?

Oppdatert 24.11.21: Aftenposten skriv om podkasting 28. februar 2005. Radio rett i lomma døgnet rundt. NRK seier då: «Jeg tror podcasting har et kjempepotensial. Hele denne nedlastings-tankegangen kommer til å revolusjonere medieindustrien. Vi kommer helt sikkert til å gjøre tester på dette[.]»