Talet bokstavar i det danske alfabet

Det danske alfabetet har 29 bokstavar, nett som det norske (sjå t.d. Dansk sprognævn sin artikkel om alfabetet). Men mange i Danmark trur visstnok at det berre er 28 bokstavar. Forklaringa er, skriv ein Reddit-brukar, at den danske alfabetsongen slår hardnakka fast at det er 28:

a b c d e f g
h i j k l m n o p
q q r r s s t
q q r r s s t
u v x y z æ ø å
otte-og-tyve skal der stå

Kjelde: danskesanger.dk

Det er likevel ikkje snakk om at dei har trossa sanninga for å få eit rim til å gå opp. Bokstaven «W» blei nemleg ikkje ein dansk bokstav før i 1980 (skal ein tru informationsordbogen.dk), før dette blei bokstaven lista opp saman med V. Eg har ikkje funnet ei kjelde som seier noko om kor gamal den danske alfabetsongen er, men her er han i ei bok frå 1969 – altså er den eldre enn bokstaven W som eigen bokstav i dansk.

Dette er elles ikkje ein nyhende i Danmark, der det har vore diskutert mange gonger nett, og i 2010 marknadsførte eit barnealbum seg med ein ny versjon av songen der talet er retta til 29. Men det kan vere verdt å spørje danskane i livet ditt om kor mange bokstavar dei trur det er i alfabetet sitt.

Oppdatering: La til ei lenke til ei side frå ei dansk ordbok. (Takk M. Trinde!)

Via u/augustuen på reddit.