Kva er opphavet til ord som «fitte», «kuk» og «pikk»? Ein skulle tru at dette var noko alle hadde kontroll på, med tanke på kva ord ein først leitar etter i ordlistene på skulen. Heldigvis er Språk meg! på saka med ein morosam (og fagleg!) tekst som svingar innom vulgære runepinnar, sopp, naglar og kusma. …
Author Archives: Rudi
Musikk: Noregs punklag
I 1977 kom Noregs Punklag ut med singelen «Du er eit svin/Jeg sitter bare her og kjeder meg». Dette har blitt kalla den første pønkutgjevinga i Noreg, og den har blitt heidra som ei nynorsk plate. Men er det sant? Tja, det kjem an på. Sanninga er at det er ei parodiplate frå Prima Vera, …
Obstfelders «balle»?
I 1880 døyr mora til 14 år gamle Sigbjørn Obstfelder. Ti år seinare er han i Amerika, og der skriv han eit sterkt dikt om saknet: Julaften!Julaften med julelys i vinduerne,bugnende juletrær i storstuerne,julesang ud gjennem dørsprækkerne! Jeg vanked alene i gaderneog lytted til barnesangene.Jeg satte mig ned paa trapperneog tænkte paa min døde mor. * …
Norrøn vikingkortfilm
I 2015 leverte Markus Dahlslett si masteroppgåve Et spor av fortiden – Filmatisk gjenskaping av tidligere epoker. Året etter hadde den praktiske delen av masteroppgåva premiere: vikingkortfilmen Trace (2016, oppdatert i 2020). Gemini.no skreiv om filmen då ha først kom ut, og dei skriv igjen om han no i høve YouTube-premieren. Mest interessant er kanskje …
Måleri: Kristiania-bohemen (ca. 1929)
På Grand Café i Oslo heng eit stort veggmåleri av Per Krohg (1889-1965), der han har teikna foreldra sine og ein heil del andre kjente personar som var i (og utanfor) kretsen som pleidde å vere på kafeen rundt 1890-åra. Du kan lese meir om måleriet i Trygve Nergaards Bilder av Per Krohg (2000). Nokon …
Rosslandsguden
Eg er sokndøl, men det er først etter at eg flytta heimafrå at eg innsåg kor mykje spanande historie det er i bygda. Særleg Rosslandsguden – eit forhistorisk steinhovud – var noko med tok for gjeve. Ein kan lese om det på t.d. lokalhistoriewiki, men om du meistrar engelsk er det også mogleg å få …
Knagenhjelms dagbøker
Dagbøker let ein ta del i kvardagar tilbake i tid. Arthur Knagenhjelm (1866-1938) skreiv dagbok gjennom store deler av livet, og alle desse dagbøkene ligg digitalisert og kommentert på nett, heilt ope for publikum: Dagboken ble påbegynt i 1882, mens Knagenhjelm fremdeles var en ung gymnasiast, og ble ført – med noen avbrudd – helt …
Ein lesar i 1982
I boka Seks lesere på skolen (1989) skriv Jon Smidt om eit studieprosjekt han gjorde som lærar på vidaregåande skule. Han følgde seks elevar sine lesevaner og litteraturarbeid i norskfaget gjennom dei tre åra dei gjekk på skulen. Den første oppgåva dei får, er å skrive om seg sjølv som lesarar. Eg har særleg sansen …
Astrups draumar om mord
Den fjortande november 1909 skriv Nikolai Astrup eit brev til ekteparet Høst der han, blant anna, fortel om nokon vonde draumar han har hatt: Tiltrods for denne min «egenretfærdighed» plages jeg som sagt af angest og samvittighedsnag, som giver sig udslag særlig i drømme, hvor jeg stadig er udsat for at blive dræpt – og …
Nord-Karelen
Karelen-området har historisk sett tilhørt Finland, men ble etter vinterkrigen på 40-tallet delt mellom Finland og Soviet. I dag er Nord-Karelen og Sør-Karelen to av Finlands len, men områdene som ble overtatt av Russland er fremdeles en politisk sak i Finland. Nok om det. I 1986 slapp Leevi and the Leavings en munter sang om …