«Koffert» etymologi

Kva er opphavet til ord som «fitte», «kuk» og «pikk»? Ein skulle tru at dette var noko alle hadde kontroll på, med tanke på kva ord ein først leitar etter i ordlistene på skulen1. Heldigvis er Språk meg! på saka med ein morosam (og fagleg!) tekst som svingar innom vulgære runepinnar, sopp, naglar og kusma. Les til dømes forklaringa bak ordet «kuk»:

Når det gjeld kuk, dukkar det opp som tilnamn i mellomnorsk (språket mellom ca. 1349 og 1550), og etymologisk plar ein å stilla ordet saman med artsnamnet kjuke «soppart som veks på trestammar» og det islandske kjúka «mjuk ost, knoke». Den opphavlege tydinga i alle desse orda har nok vore «klump», før dei har utvikla sine særbetydingar etter kvart som tida gjekk. På eit ribbein frå slutten av 1000-talet, finn me runeinnskrifta Starigard/Oldenburg 4, og der står følgande: kukr:kuskutu. Dette skal lesast som kúkr kys kuntu!, moderne norsk «kuk, kyss kunta!». Kuk har altså blitt brukt både i norrønt, mellomnorsk og moderne norsk som penis-ord. Den danske Gravlev-pinnen har ei innskrift som òg moglegvis inneheld ordet kuk, men denne innskrifta er særs vanskeleg å tolka sikkert, trass i at pinnen som innskrifta står på liknar ein kuk.

Les heile Fuð ok vingull. Om norrøne kjønnsdelarSpråk meg!

Sjå også Vasshus sin gjennomgang av bærnamn.

  1. Statistikken frå UiB si ordliste har ikkje oversikt over dei mest populære søkeorda (lenger), men her er ein gammal forum-post om det mest populære ordet 4. mars 2006.