Musikk: Noregs punklag

I 1977 kom Noregs Punklag ut med singelen «Du er eit svin/Jeg sitter bare her og kjeder meg». Dette har blitt kalla den første pønkutgjevinga i Noreg, og den har blitt heidra som ei nynorsk plate. Men er det sant? Tja, det kjem an på.

Sanninga er at det er ei parodiplate frå Prima Vera, og dei som har tankar om pønk, seier at denne plata er pønk berre i namnet (t.d. her og her). Songane er norske tekster på kjente melodiar. «Du er eit svin» (høyr han på YouTube) er på melodien til av Sex Pistols «God save the Queen», medan «Jeg sitter bare her og kjeder meg» (YouTube) er The Whos «I’m a boy». Men ein kjem tydelegvis ikkje utanom plata når ein skriv om norsk pønkhistorie, og ho har fått ei ikonisk rolle i musikkhistoria. På Discogs blir ho seld for 246-300 euro.

Frontfiguren i Noregs Punklag er Kåre Kloakk, som du kan sjå på NRK i 1978.

Og påstanden om at plata er ei nynorsk utgjeving? Vel, berre halvparten av songane er på nynorsk. Bandnamnet er nynorsk, men kolofonen(?) på plata er bokmål.