Rosslandsguden

Eg er sokndøl, men det er først etter at eg flytta heimafrå at eg innsåg kor mykje spanande historie det er i bygda. Særleg Rosslandsguden – eit forhistorisk steinhovud – var noko med tok for gjeve. Ein kan lese om det på t.d. lokalhistoriewiki, men om du meistrar engelsk er det også mogleg å få ei innføring frå Brute Norse på Youtube…med skandifuturistisk estetikk:

The Rossland God: Tales from the Eldritch North

Gira på å dyrke gudebiletet? Det var nettopp det politikarane i bygda var redde for i 2004. Frykta har heldigvis ebba litt ut, no kan ein kjøpe miniatyrversjon av hovudet som suvenir (ikkje på nett).

Oppdatert (12. september 2021) Om den skandifuturistiske estetikken blir for heftig for deg, har Saga Bok forlag også vitja guden og laga ein liten video om det.

Sjå elles min tidligare post om filmanbefalingar frå Brute Norse.