Måleri: Kristiania-bohemen (ca. 1929)

Måleriet er sjeldan omtalt med eige namn, men i følgje nettsida til Grand heiter det Kristiania-bohemen.

På Grand Café i Oslo heng eit stort veggmåleri av Per Krohg (1889-1965), der han har teikna foreldra sine og ein heil del andre kjente personar som var i (og utanfor) kretsen som pleidde å vere på kafeen rundt 1890-åra. Du kan lese meir om måleriet i Trygve Nergaards Bilder av Per Krohg (2000).

Nokon av personane kjenner du kanskje att, men ikkje alle er kjende. Eg har prøvd å finne relevant informasjon om alle, men fleire av dei fann eg ikkje gode biografiske tekster om. Nykel-illustrasjonen under er frå skuleboka Tekst og tanke (1999-utgåva).

1) Henrik Ibsen, 2) Sigbjørn Obstfelder, 3) statist, 4) Sven Gjems, 5) Milly Bergh, 6) Siegfried Løvenskiold, 7) Ludvig Bergh, 8) Ludvig Skramstad, 9) Ivar Aasen, 10) Thorvald Meyer, 11) Bille Aubert, 12) Mathias Skeibrok, 13) inspektør Ingebretsen, 14) Christian Krohg, 15) Jørgen Brunchorst, 16) Lars Holst, 17) Bjørnstjerne Bjørnson, 18) Carl Thaulow, 19) Oscar Preuthun, 20) statist, 21) Edvard Diriks, 22) Amund Helland, 23) Gerhard Munthe, 24) Olaf Hansson, 25) Oda Krohg, 26) Alexandra Thaulow, 27) Johan Selmer, 28) Hans Jæger, 29) Christian Friele, 30) Kalle Løchen, 31) Olaf Olsen, 32) statist, 33) Amandus Schibsted, 34) Edvard Munch, 35) Frits Thaulow, 36) Kristian Fritzner, 37) Hjalmar «Hjalle» Lie, 38) Christian Michelet og 39) Ola Thommessen