Sommaren 1921

Har du høyrt om sommaren 1921? Nei? Det er avisene sin feil. Og din og min. Det meiner i alle fall (den anonyme) skribenten av rubrikken «Av dagens saga» i Morgenbladet 10. august 1921:

Det lakker mot høsten, og de faa som husker noget av veiret, begynder at faa en oversigt over denne abnorme sommer. Er det ikke underlig, at vi husker veiret saa daarlig – likesaa daarlig, som vi husker alt andet – mens man i gamle dage kunde gjøre rede for hver tordenbyge, man hadde oplevet? Hvad grunden? Det maa være aviserne, som ødelegger hukommelsen. Naar de begynder at skrive om en ting, er der ingen som vet noget om den ting længer. Dette paradoks skjænker vi Bernard Shaw. – Det som har staat i en avis, er jo glemt dagen efter. Men aviserne har ikke skylden, det er menneskene som bruker aviserne som paaskud for at glemme. Hvis vi ikke hadde vanslegtet fra vore forfædre, vilde mindet om denne sommer leve ned gjennem tiderne, – ja helt til vore barnebarns barn. Vore barnebarns barn skulde igjen fortælle sine barn, at i 1921 var der en mand i Aker som satte poteter den 31te marts og hadde store, nye poteter paa sit bord den 20de juni. Denne merkværdighet kan vel fortjene sin plads i krøniken. Naar sommeren anno 2021 blir utenfor alle regler, skulde bønderne minde hverandre om 1921, da vaaren satte ind med sommerlig glød og vegetationen hadde en tropisk frodighet allerede i mai. Slikt er ikke noget at lite paa, husk 1921, skulde bønderne si i 2021. Men de vil ikke si det, for der er ikke lenger noget baand mellem generationerne, der er ikke engang noget paalidelig «i mands minde». Det var i gamle, gamle dage, at en saga blev nøiagtig gjenfortalt ned gjennem et halvt aartusen.

Så får me sjå om hen treff i sin spådom, altså at sommaren i 2021 blir «utenfor alle regler».

Fredagstaco

I 2011 skreiv Øyvind Holen ei sak om norsk tacokultur for D2, og nokon år seinare publiserte han ei tidslinje over norsk tacohistorie på bloggen sin. Nokon høgdepunkt:

1965: Taco kommer til Norge, da Stavanger-kjøpmannen Allert Middelthon begynner å importere varer for å tilfredsstille behovet til amerikanere som kommer til byen for å lete etter olje i Nordsjøen. […]

1994: Norge møter Mexico i fotball-vm i USA, dette medfører nye butikkampanjer og -demonstrasjoner for og med taco i butikkene. […]

1997: Dagbladet slår fast at taco er ut.

1999: Nordlys slår fast at Norge er blitt «verdens mestetende taconasjon».

I tidslinja kjem det fint fram korleis taco blei ei verdsrett og ein klassikar i Noreg – men eg saknar noko om korleis institusjonen «taco-fredag» kom til. Heldigvis har Internett svar. Atlas Obscura har ein fin artikkel der ser på utviklinga av taco-fredag i Sverige.1 Først blei konseptet fredagskos etablert («fredagsmys«), så kobla Santa Maria fredagskosen opp mot deira texmex-produkt:

Meanwhile, the Swedish spice company Nordfalks, which marketed their Tex-Mex products to appeal to a Swedish audience, eventually changed its name to Santa Maria due to the popularity of its tortillas and tacos. Their TV spots suggested tacos as a staple of Cozy Fridays, and for Swedes, who were already used to smörgåsbord or potluck-style meals piled onto one plate, tacos were something new and exciting, yet familiar too.

Det er også spanande å sjå på korleis me har tilpassa retten til å passe betre til vore matvanar. Særleg agurken er visst eit uvanleg innslag, men det er fleire ingrediensar som amerikanarane reagerer på:

Americans might recognize the ground meat, soft or hard tortilla shells, peppers, onion, tomatoes, and guacamole of Swedish tacos, but not necessarily the cucumber, peanuts, pineapple, and yoghurt sauces that Swedes added to suit their own cultural tastes.

Det er i det heile ein god del engasjement rundt taco i Sverige. Dei har t.d. eit Taco-museum frå 1995 2, og det har blitt forska på kva tacoen betyr for dei. Eg har ikkje lese forskingsartikkelen, men eg vil gjette at det er mykje det same som her i Noreg.

Oppdater 9. mai 2022: Snubla over ein artikkel på forskning.no om ei masteroppgåve om taco som norsk mattradisjon.

«Koffert» etymologi

Kva er opphavet til ord som «fitte», «kuk» og «pikk»? Ein skulle tru at dette var noko alle hadde kontroll på, med tanke på kva ord ein først leitar etter i ordlistene på skulen3. Heldigvis er Språk meg! på saka med ein morosam (og fagleg!) tekst som svingar innom vulgære runepinnar, sopp, naglar og kusma. Les til dømes forklaringa bak ordet «kuk»:

Når det gjeld kuk, dukkar det opp som tilnamn i mellomnorsk (språket mellom ca. 1349 og 1550), og etymologisk plar ein å stilla ordet saman med artsnamnet kjuke «soppart som veks på trestammar» og det islandske kjúka «mjuk ost, knoke». Den opphavlege tydinga i alle desse orda har nok vore «klump», før dei har utvikla sine særbetydingar etter kvart som tida gjekk. På eit ribbein frå slutten av 1000-talet, finn me runeinnskrifta Starigard/Oldenburg 4, og der står følgande: kukr:kuskutu. Dette skal lesast som kúkr kys kuntu!, moderne norsk «kuk, kyss kunta!». Kuk har altså blitt brukt både i norrønt, mellomnorsk og moderne norsk som penis-ord. Den danske Gravlev-pinnen har ei innskrift som òg moglegvis inneheld ordet kuk, men denne innskrifta er særs vanskeleg å tolka sikkert, trass i at pinnen som innskrifta står på liknar ein kuk.

Les heile Fuð ok vingull. Om norrøne kjønnsdelarSpråk meg!

Sjå også Vasshus sin gjennomgang av bærnamn.

Musikk: Noregs punklag

I 1977 kom Noregs Punklag ut med singelen «Du er eit svin/Jeg sitter bare her og kjeder meg». Dette har blitt kalla den første pønkutgjevinga i Noreg, og den har blitt heidra som ei nynorsk plate. Men er det sant? Tja, det kjem an på.

Sanninga er at det er ei parodiplate frå Prima Vera, og dei som har tankar om pønk, seier at denne plata er pønk berre i namnet (t.d. her og her). Songane er norske tekster på kjente melodiar. «Du er eit svin» (høyr han på YouTube) er på melodien til av Sex Pistols «God save the Queen», medan «Jeg sitter bare her og kjeder meg» (YouTube) er The Whos «I’m a boy». Men ein kjem tydelegvis ikkje utanom plata når ein skriv om norsk pønkhistorie, og ho har fått ei ikonisk rolle i musikkhistoria. På Discogs blir ho seld for 246-300 euro.

Frontfiguren i Noregs Punklag er Kåre Kloakk, som du kan sjå på NRK i 1978.

Og påstanden om at plata er ei nynorsk utgjeving? Vel, berre halvparten av songane er på nynorsk. Bandnamnet er nynorsk, men kolofonen(?) på plata er bokmål.

Obstfelders «balle»?

I 1880 døyr mora til 14 år gamle Sigbjørn Obstfelder. Ti år seinare er han i Amerika, og der skriv han eit sterkt dikt om saknet4:

Julaften!
Julaften med julelys i vinduerne,
bugnende juletrær i storstuerne,
julesang ud gjennem dørsprækkerne!
 
Jeg vanked alene i gaderne
og lytted til barnesangene.
Jeg satte mig ned paa trapperne
og tænkte paa min døde mor.

*

Og jeg gik ud paa markerne —
ud — blandt stjernerne.
Min skygge gled hen over skyggerne
af dødningearmede trær.


Jeg fandt et lig mellem sneglimtene,
snejulelysene,
et lig, som endnu bævrede,
en stakkels frostdød spurv.

*

Og jeg gik hjem til mit tagkammer
og satte lyset i min flaske.

Jeg satte lyset i min flaske
og la bibelen paa min kiste.

Jeg knæled ned ved min kiste
og blæste støvet af min bibel.

Jeg folded hænder over min bibel
og graat.

Frå Digte, 1883

Dette er eit dikt som finst i fleire utgåver, men på nettet finst det ein versjon som er vanskeleg å forklare. Frå tredje strofe:

Og jeg gik ud på markerne –
ud – blandt stjernerne.
Min balle gled hen over skyggerne
af dødningearmede trær.

Eg finn ikkje noko spor på at Obstfelder skal ha latt eg-et dra nokon «Balle» nokon stads. Men denne feilen har spreidd seg. Du finn han med anna i bokblogg, forum, elevblogg, og på bokelskere. Fleire av desse ser ut til å vere frå elevar, og det betyr vel at fleire klassar har fått balle-versjonen av diktet til å jobbe med. Anna enn eit par reaksjonar på twitter (1, 2) ser eg ikkje at nokon har prøvd å gjere seg klok på kva slags «balle» det er – og eg lurer på kva lærarar har svart når dei blir spurt om det.

Så kor kjem denne feilen frå? Den eldste førekomsten eg kan finne, er frå dikt.org, der diktet blei lagt inn i databasen med feilen i 2007. Det er vanskeleg å seie om det er her feilen skjedde, eller om den blei kopiert vidare frå ei anna kjelde. Eg har retta opp i feilen på dikt.org, så får me håpe at spreiinga er stogga. Og at ikkje fleire elevar må prøve å forstå kva slags balle som blir dregen over skuggar.

La oss avslutte med å gjere det same som jentene i eit anna dikt frå Obstfelder:

Nu vaagner alle smaa piger.
De tænker ei mere paa baller.

Utdrag av «Nu vaagner alle smaa vover!» frå Digte (1883)

Norrøn vikingkortfilm

I 2015 leverte Markus Dahlslett si masteroppgåve Et spor av fortiden – Filmatisk gjenskaping av tidligere epoker. Året etter hadde den praktiske delen av masteroppgåva premiere: vikingkortfilmen Trace (2016, oppdatert i 2020).

Gemini.no skreiv om filmen då ha først kom ut, og dei skriv igjen om han no i høve YouTube-premieren. Mest interessant er kanskje bruken av norrønt som filmdialog, noko som ingen norsk produksjon hadde gjort før denne. Dahlslett reflekterer litt kring dette i masteroppgåva si:

Dette er et valg som bidrar til å skape en mer troverdig filmopplevelse for norske seere. Tidsånden fra vikingtiden blir mer levende når aktørene snakker det gamle språket og følelsen av å dra tilbake i tid, blir sterkere. Språkvalget har kanskje ikke så mye å si for utenlandske seere, da moderne norsk uansett vil høres ”eksotisk” ut for dem. Likevel er norrønt et effektivt virkemiddel med tanke på norske seere. Ofte virker vanlig norsk dialog i film litt kunstig og konstruert. Dette kamuflerer vi i Trace, ved at publikum ikke vil være i stand til å høre slike kunstige dialoger. I Star Wars: A New Hope (George Lucas.1977), ble Lucas kritisert av skuespilleren Harrison Ford, som sa: ”You can type this shit, George, but you can`t say it.”. (Edith Becker og Kevin Burns. 2004). Her var det lange setninger som var vanskelige for skuespillerne å levere seriøst. Ved å bruke et språk som svært få behersker, stod vi i Trace mye friere til å skrive dialogene slik vi ville, uten å måtte tenke så mye på skuespillernes levering av linjene.

Den norske filmen Flukt (Roar Uthaug. 2012) og i den kommende filmen Birkebeinerne (Nils Gaup. 2016), der handlingen er satt til tidlig middelalder, snakker aktørene moderne norsk – dette kan bidra til å senke autentisiteten og innlevelsen hos tilskueren, ved at man stadig blir påminnet at filmen er laget i dag. Grunnen til at dette blir gjort, kan være at filmene blir kommersielt lettere tilgjengelig for folk flest. Språkvalget i Trace gjorde det likevel ekstra utfordrende for skuespillerne. For eksempel ga det dem ikke rom for å improvisere med dialogen, de måtte holde seg til setningene de hadde lært.

Det kunne også være vanskelig for skuespillerne å leve seg inn i karakterene de spilte, da de til tider var usikre på det de uttalte, faktisk betydde.

Se også tidlegare innlegg om Beforeigners.

Måleri: Kristiania-bohemen (ca. 1929)

Måleriet er sjeldan omtalt med eige namn, men i følgje nettsida til Grand heiter det Kristiania-bohemen.

På Grand Café i Oslo heng eit stort veggmåleri av Per Krohg (1889-1965), der han har teikna foreldra sine og ein heil del andre kjente personar som var i (og utanfor) kretsen som pleidde å vere på kafeen rundt 1890-åra. Du kan lese meir om måleriet i Trygve Nergaards Bilder av Per Krohg (2000).

Nokon av personane kjenner du kanskje att, men ikkje alle er kjende. Eg har prøvd å finne relevant informasjon om alle, men fleire av dei fann eg ikkje gode biografiske tekster om. Nykel-illustrasjonen under er frå skuleboka Tekst og tanke (1999-utgåva).

1) Henrik Ibsen, 2) Sigbjørn Obstfelder, 3) statist, 4) Sven Gjems, 5) Milly Bergh, 6) Siegfried Løvenskiold, 7) Ludvig Bergh, 8) Ludvig Skramstad, 9) Ivar Aasen, 10) Thorvald Meyer, 11) Bille Aubert, 12) Mathias Skeibrok, 13) inspektør Ingebretsen, 14) Christian Krohg, 15) Jørgen Brunchorst, 16) Lars Holst, 17) Bjørnstjerne Bjørnson, 18) Carl Thaulow, 19) Oscar Preuthun, 20) statist, 21) Edvard Diriks, 22) Amund Helland, 23) Gerhard Munthe, 24) Olaf Hansson, 25) Oda Krohg, 26) Alexandra Thaulow, 27) Johan Selmer, 28) Hans Jæger, 29) Christian Friele, 30) Kalle Løchen, 31) Olaf Olsen, 32) statist, 33) Amandus Schibsted, 34) Edvard Munch, 35) Frits Thaulow, 36) Kristian Fritzner, 37) Hjalmar «Hjalle» Lie, 38) Christian Michelet og 39) Ola Thommessen

Rosslandsguden

Eg er sokndøl, men det er først etter at eg flytta heimafrå at eg innsåg kor mykje spanande historie det er i bygda. Særleg Rosslandsguden – eit forhistorisk steinhovud – var noko med tok for gjeve. Ein kan lese om det på t.d. lokalhistoriewiki, men om du meistrar engelsk er det også mogleg å få ei innføring frå Brute Norse på Youtube…med skandifuturistisk estetikk:

The Rossland God: Tales from the Eldritch North

Gira på å dyrke gudebiletet? Det var nettopp det politikarane i bygda var redde for i 2004. Frykta har heldigvis ebba litt ut, no kan ein kjøpe miniatyrversjon av hovudet som suvenir (ikkje på nett).

Oppdatert (12. september 2021) Om den skandifuturistiske estetikken blir for heftig for deg, har Saga Bok forlag også vitja guden og laga ein liten video om det.

Sjå elles min tidligare post om filmanbefalingar frå Brute Norse.

Knagenhjelms dagbøker

Dagbøker let ein ta del i kvardagar tilbake i tid. Arthur Knagenhjelm (1866-1938) skreiv dagbok gjennom store deler av livet, og alle desse dagbøkene ligg digitalisert og kommentert på nett, heilt ope for publikum:

Dagboken ble påbegynt i 1882, mens Knagenhjelm fremdeles var en ung gymnasiast, og ble ført – med noen avbrudd – helt til slutten av 1937, året før han døde. Den håndskrevne originalen omfatter 20 linjerte bøker, der en sirlig håndskrift og få rettelser og overstrykninger vitner om at forfatteren gikk til dette arbeidet med stort alvor. Etter hans død gikk dagboken i arv til sønnen og deretter til dennes sønn av 2. ekteskap, Niels Jacob Knagenhjelm, som også er i besittelse av en rekke private fotografier fra familien, hvorav noen er brukt som illustrasjoner til denne artikkelen.

Ad Notam: Arthur Knagenhjelm

For ein skatt! Eg rådar deg til å trykke deg inn og bla rundt. Her er eit knippe sitat frå kort etter historiske hendingar:

Riksretten i 1884 (innføring av parlamentarisme)

I går kl.12 falt riksrettsdommen, som lød på at statsminister Selmer for alle tre poster av anklagen har sitt embete som statsminister og medlem av kongens råd forbrutt. – Venstrebladene uttaler håp om at forsoning nå vil inntre, og at høyre lojalt vil bøye seg for riksrettens dom. – Ja måtte det nå innse, at det gjelder om å få et ministerium i overensstemmelse med majoriteten av velgerne! – De i kveld ankomne hovedstadsblader («Morgenbladet») oppfordrer kongen til ikke å eksekvere dommen mot statsminister Selmer. Eksekverer ikke kongen dommen, er revolusjonære tilstander inntrådt. Hvor skal det så bære hen? Jeg er virkelig bange for mitt fedrelands skjebne.

28. februar 1884

Stortinget vedtek at Noreg er uavhengig

Jeg er nettopp kommet hjem fra en spasertur i strøket. Der var en masse mennesker på benene i den lune, stille sommeraften. Men overalt hersket der den største og mest mønstergyldige ro. Alle jeg talte med, både av eldre og yngre, var på det rene med, at den løsning av krisen, som var vedtatt av Stortinget, var den eneste mulige, og var enige i, at på en verdigere måte kunne «revolusjonen» ikke vært foretatt. Selvfølgelig var der enkelte, hvem tilbudet om den norske trone til en prins av huset Bernadotte ikke tiltalte, men jeg føler meg overbevist om, at fremtiden skal vise, at dette tilbud er tegn på en klok og fremsynt politikk.

7. juni 1905

Første verdskrig bryt ut

De første skudd er løsnet i Serbia. Stormaktene søker å megle. Særlig er den engelske utenriksminister aktiv, men det later til, at hans forslag ikke vinner gehør hos den tyske regjering. Også her er stemningen ytterst nervøs. Men det er allikevel, som om man nødig vil tro, at det virkelig skulle bli alvor med en alminnelig europeisk krig. Nervøse folk begynner alt å proviantere.

30. juli 1914

Henrik Ibsen døyr

I aften da jeg kom ned til Nationaltheatret for å høre Herold synge, møttes mine øyne av flagget på halv stang. Rent instinktmessig gikk det som et lyn gjennom meg: Henrik Ibsen er død. Og så var også tilfellet.

23. mai 1906

Børskrakket

Den store børskrise i New York i oktober måned har nok en langt mer vidtrekkende betydning enn amerikanerne har villet innrømme. Det har stadig vært fremholdt, at det kun var en rent forbigående krise, og at det vesentlig kun var børsjobbere, som hadde jobbet aksjene opp i kurser, der var helt fantastiske, som ville berøres av den.

Litt efter litt siver det dog ut, at arbeidsledigheten derover er stadig stigende og snart kan bli faretruende. Der er overproduksjon der som i Europa, og vareprisene på verdensmarkedet begynner å falle så betenkelig, at de snart ikke dekker produksjonsomkostningene.

30. desember 1929

Hitler vinn valet i 1933

Hitler kan derfor nå føle seg fast i sadelen og vil sikkert gjennomføre sitt program med fast hånd. I første rekke later det til, at nazienes programpost om «Død over jødene» vil bli aktuell. Der skal reises boikottaksjon mot jødiske forretninger – dommere, advokater og leger av jødisk opprinnelse, selv om de nå er kristne, skal fjernes osv. Man har følelsen av å være kommet tilbake til rent middelalderske metoder.

Mars 1933

Og så vidare! Sjå også Vårt Oslo si sak om dagbøkene, der dei har gjort sitt eige utval av sitat.

Ein lesar i 1982

I boka Seks lesere på skolen (1989) skriv Jon Smidt om eit studieprosjekt han gjorde som lærar på vidaregåande skule. Han følgde seks elevar sine lesevaner og litteraturarbeid i norskfaget gjennom dei tre åra dei gjekk på skulen. Den første oppgåva dei får, er å skrive om seg sjølv som lesarar. Eg har særleg sansen for «Kent», det hadde vore spanande å møte ein elev med same lesevanar i desse dagar:

22.09.82
«Jeg – en leser»

Jeg leser nesten aldri, bortsett ifra lekser. Min mening er at det er litt kjedelig (usosialt), men av og til hender da det at jeg griper tak i noe leselig som feks tegneserier eller bøker. Også leser jeg avisen før jeg går på skolen (hvis jeg rekker det). I avisen leser jeg bynytt, kinoannonser, interesser i «kunngjøringer», tegneserier, «Ordet fritt» og hvis det skulle være noe interesagnt på forsiden. Jeg leser kun korte spalter.

Når det gjelder tegneserier og det er kjedelig og har flust med tid er jeg «altslukende» fra barnetegneserier til superserier alt etter hva jeg har for hånden, men kjærlighet og legeromaner ligger underst i bladbunken. Noen eks på tegneserier er Donald, Fantomet, Sølvpilen, 007, Supermann, Colt, Agent X9, Månebaron, Asterix, Hulk (Bamse, hjerterevyen, legeromanen). Kunne sikkert ramse opp en halv side til, men jeg skylder på at papiret er dyrt.

Av bøker går det mest på krim og action og Westernromaner som Morgan Kane som sikkert er den mest kjente, men helt ukjent er nok ikke revolvermannen i fra Washita Clay Allison som ofte går under dekknavnten James Green, som har nese for Whisky, kvinner, poker og et realt slagsmål (vi to har meget felles) Noen flere personlige data er det ikke om han (og meg)

Ellers går det mest på lekser når det gjelder lekser her i gården, det kan være i ferier eller på hytta, som sagt så er det kun avisen som blir lest regelmessig.

Ellers leser jeg musikk-aviser, som Puls, Smash hits, Flexipop og Bravo. Sist nevnte er tysk. Smash hits og Flexipop er engelske blader. Bravo er det mest for postersene (bilder) at det blir kjøpt men jeg klarer da enkle tekster under bilder. Smash Hits og Flexipop er lette og forstå og så har de bra dekning over nye grupper og plater. Puls er norsk, de er litt sene med dekning av nye plater, den blir helst hvis det er et større intevju med en gruppe som jeg har interesse av. Så går det mye på lesing av tekster på platecoverne, og det er for det meste på
engelsk.

For tiden er det også en del bilteori inne i hodet å går. Holder på å lese til prøven på bilsakkyndige, der leser jeg gjerne noen sider per dag, men det holder jo ikke på i evigheter.

Ukeblader leses eller blaes igjennom engang i Uken, hvor det går mest på Ungdom stoff og spesielle intervjuer. Som du ser så leses det ikke noe spesielt, men det blir ikke lest så mye som det virker her.

Seks lesere på skolen, s. 57

Han les mykje til å «nesten aldri» lese, noko som tek han litt på senga. Eg startar alltid skuleåret med nye norskklasser med at dei skriv eit brev til meg om deira forhold til norskfaget og lesing, og det er få som sjølvrapporterer at dei les så mykje som «Kent» gjer. Men eg trur det handlar meir om at det er vanskelegare å ha oversikt over kva ein les no, for kor mykje les ein i sosiale media?

Du kan lese heile boka på Nasjonalbiblioteket.