Det finst mange norskutvikla og/eller norskspråklege spel. Desse er ein del av norsk kulturarv, noko Andreas Hadsel Opsvik argumenterer for i ein artikkel frå Syn og segn 4/2020 (oppdatert for nett). Her skildrar han utfordringa med å ta ta vare på gamle dataspel og spør etter gode ordningar for å passe på at dei blir …
Author Archives: Rudi
Sjå, høyr og les Jon Fosse på nett
Det beste er å skaffe deg ei fysisk bok av Fosse eller å gå på ei framsyning. Men om du ikkje har moglegheit til det, er det heldigvis ganske mykje som er ligg lovleg ute på nett. Ein artig stad å byrje er kanskje Fosse sin skjønnliterære debut? Han fekk ei novelle på trykk i …
Database over norske høyrespel
Eg har sansen for når entusiastar samlar kunnskap om ulike (snevre) områder og gjer han tilgjengeleg for alle. Til dømes har nokon laga ein database over norske høyrespel som stadig blir oppdatert med tilgjengeleg informasjon. I skrivande stund er det registrert like over 900 høyrespel frå 30-talet til i dag, gjerne med skodespelarar, regissør, lenke …
Nynorsk forklart
Jon Fosse seier at nobelprisen hans også er ein pris til nynorsk, og då må verdspressa gjere eit forsøk på å forklare lesarane sine kva det er. Det er mange som baserer seg på Associated Press sin artikkel, der det er eit par avsnitt under «What is Nynorsk?»: While Fosse is the fourth Norwegian writer …
Olav H. Hauge les eigne dikt
I 1970 blir Vise- og lyrikkfestivalen i Haugesund arrangert for første gong. Dei gjentok suksessen dei neste to åra og på festivalen i 1972 var det mellom 12 000 og 13 000 innom festivalen. På gjestelista det året var blant anna Jan Eggum, Finn Kalvik, Knutsen & Ludvigsen, Lillebjørn Nilsen, Ole Paus og Loudon Wainwright …
Kortfilm: Perpetuum Mobile (1949) av Ivo Caprino
Ivo Caprino (1920-2001) slapp sin først kortfilm, Tim og Tøffe, i 1949. I følgje Per Heddal sin Caprino-biografi, gjorde denne inntrykk på ein ansatt frå tobakkfirmaet Glott, så han fekk Caprino til å lage reklamefilm for sigarettmerket «Black Prince»: Caprino skrev manus selv, og ga filmen tittelen «Perpetuum Mobile», evighetsmaskinen.[…] Sigarettreklamefilmen var tydelig inspirert av …
Continue reading «Kortfilm: Perpetuum Mobile (1949) av Ivo Caprino»
«Flyt på energien du kjenner i din ånd»
Norsk Sakprosa let av og til studentar presentere sine masteroppgåver. Eg kan ikkje mykje om diskusanalyse, men eg har sansen for Mirjam Vada Bø sin presentasjon av hennar oppgåve Bare tro på deg selv! En kritisk diskursanalyse av sjangeren inspirerende sitater. Her kan ein t.d. lære om «Pseudo Profound Bullshit»: Især flere hjerte-metaforer kan betegnes …
Star Wars og Noreg
Det finst ein del koplingar mellom Star Wars og Noreg. (Ja, fleire av dei er ganske søkte.) Hoth og «Jess Allashane» Den mest kjende koplinga Star Wars har til Noreg er at scener frå isplaneten Hoth blei filma på Finse. Dette er det gitt ut ei bok om og det er ein festival på Finse …
Skeive Holberg?
Det går for tida ein debatt om Ludvig Holberg i bergensavisa BA. Kjerna i saka er om omgrepet «skeiv» er relevant å bruke om Holberg, der BA-spaltist Erling Gjelsvik meiner at dette er ei unaudsynt sexifisering av Holberg mens UiB-professor Jørgen Sejersted meiner at det er ein fruktbar måte å forstå Holberg sitt forhold til …
Ordet «ørten»
Eg blei nysgjerrig på ordet «ørten». Kva kjem det av? Og kor gammalt er det? La oss sjå kva me finn ut av med litt lekmannsforsking! Av refleks går eg alltid først til UiB/språkrådet si teneste Ordbøkene.no (bokmåls- og nynorskordboka), sidan dei gjerne har litt om opphavet til ord. Om «ørten» skriv dei: «uvisst opphav, …