Sjå, høyr og les Jon Fosse på nett

Det beste er å skaffe deg ei fysisk bok av Fosse eller å gå på ei framsyning. Men om du ikkje har moglegheit til det, er det heldigvis ganske mykje som er ligg lovleg ute på nett.

Ein artig stad å byrje er kanskje Fosse sin skjønnliterære debut? Han fekk ei novelle på trykk i studentavisa Studvest i 1981. Dei har lagt ut novella «Han» på nett saman med ein artikkel om historia bak konkurransen han var med i og ein med reflekjonar etter han vann nobelprisen.

Nasjonalbiblioteket har laga ei eiga side om korleis ein kan fordjupe seg i deira Jon Fosse-samling. Der kan du også finne ting han har skrive som ikkje er eigne verk, t.d. forord til bøker, artiklar, osb.

For å gjere det hakket lettare, har eg laga ei noko rotete liste basert på det som er å finne på NRK, Nasjonalbiblioteket og elles på nett:

Me får sjå om eg kjem til å oppdatere lista. Det blir spanande.

Oppdatert (11.12.23): NRK hadde ei maratonsending i helga, «Jon Fosse ord for ord», der dei fekk skodespelarar til å lese gjennom all dramatikken hans. Eg har lagt dei inn etter beste evne. Eg trur eg har blanda litt med årstal for bokutgjeving og urframføring, men jaja.

Oppdatert (15.01.26): Det har sjølvsagt kome ein del meir Fosse-stoff på nett, eg la til eit par til produksjonar frå YouTube over. Det er også kome til ein del av piratkopiar av lydbøker på YouTube, men dei let eg vere i fred. I tillegg er det prosjekt som ei tysk maratonlesing av Fosse-stoff som eg vel å ikkje legge inn over.