Geriljaarkiverte dataspel

Det finst mange norskutvikla og/eller norskspråklege spel. Desse er ein del av norsk kulturarv, noko Andreas Hadsel Opsvik argumenterer for i ein artikkel frå Syn og segn 4/2020 (oppdatert for nett). Her skildrar han utfordringa med å ta ta vare på gamle dataspel og spør etter gode ordningar for å passe på at dei blir bevart. Utgangspunktet er at Flash, eit program som blei brukt til laging og speling av spel, la inn årene. Kva skjer så med alle (dei norske) spela som er laga i det programmet? Korleis kan ein ta vare på dei for framtida? Situasjonen i dag er det han kallar «geriljaarkivering frå dedikerte fans»:

Såkalla emulatorar, programvare som latar som dei er fordums spelmaskiner, har blitt laga på dugnad av fangrupperingar på nett i fleire tiår allereie. Men, sidan dei ikkje er utvikla av skaparane av maskinene dei emulerar er dei sjeldan ein perfekt rekonstruksjon. Og dess nyare maskiner dei later som dei er, dess vanskelegare er arbeidet. […] I Flash sitt tilfelle har det privatet initiativet Flash Point Archive dukka opp, ein nettstad som søkjer å ta vare på Flash-spela.

Og mens me ventar på at f.eks. Nasjonalbiblioteket eller eit spelmuseum skal ta på seg arbeidet, er det desse geriljaarkivarane ein må setje sin lit til.

For andre typer spel enn Flash, er Internet Archive mitt beste råd. Her har fleire geriljaarkivarar lasta opp norske spel. Spesielt @norsktegnefilmsang har lasta opp mykje, men ein finn også bidrag frå andre brukarar, t.d.:@hjallar2000, @kamilla_kirkholm og @aardvark1640. Reddit-brukaren u/stankybusiness har laga ei liste over nokre av dei norske dataspela ein kan finne der.

Nokre spel, som Espen i Asmo, kan ein spele direkte i nettlesaren. Andre må ein bruke ulike verktøy for å få i gang på nyare maskinar. YouTube-kanalen Mulles retrospel har laga videoar som fortel korleis ein kan gjere det på Windows og Mac:

Kanalen hans er også full av videoar frå norske spel, om du vil ha ein raskare veg inn i nostalgien.