Figurtegner (1983)

For ein del år sidan kjøpte eg ein gammal datamaskin av typen Dragon 32. Med han kom det ein del spel/program på kassett, som vil seie at programvaren er lagra som lydfiler – det var eit format som var lett tilgjengeleg den gong då. Men eg fekk ikkje til å spele dei av. Heldigvis var det ei reserveløysing: laste ned lydfilene frå nett og spele dei av via mobilen. Det fungerte bra for alle spela/programma med unntak av eit:

Kassett med merkelapp og teksta "Figurtegner".
«Figurtegner»

Dette programmet, «Figurtegner», såg ut til å vere på norsk, men eg fann det ikkje nokon plass i arkiv over Dragon 32-utgjevingar. Og der stoppa det opp nokre år sidan.

Nyleg hadde eg eit innlegg om «geriljarkivering» av dataspel, og då kom eg til å tenke på denne kassetten. Eg tok kontakt med youtubaren Arctic Retro (som eg viser til i innlegget om Tiki-100) og høyrde om han ville prøve seg. Han takka ja, og etter litt fram og tilbake så fann han ei løysing. Du kan sjå heile prosessen i videoen her:

YouTube: MYSTERY computer cassette revealed – What’s on it and for what machine is it ?

Som det kjem fram i videoen, var det ikkje et program til Dragon 32, men til Commodore 64. Han fekk liv i det og sendte filene til meg. Eg har lasta det opp på Internet Archive, så må andre gjerne laste det opp andre passander stader. Programmet er ein slags «sprite-editor» som let deg lage pikselgrafikk. Men heilt korleis ein skal bruke det er ikkje så lett å seie. Det går an å prøve det i ein emulator som Vice.

Eg fann også ein reklame for «Norsk figurtegner» til sals i Mikrodata nr. 4 frå 1984 (s. 35), då for 360 kr.

Utsnitt frå Mikrodata 4 1984. Salsannonse for program til Commodore 64, bl.a. "Norsk figurtegner" for 360 kr.

Når ein opnar programmet kjem det også fram kven som har laga det: Sam Data ved «Jan Sverre Samuelsen». Haugesund avis omtalar han som den «tillitsfulle datainteresserte ungdomsarbeideren», men melder at han dessverre døydde i august 2023. Eg håper han ville satt pris på at programmet hans frå 1983 no ligg ute på nett.

Oppdatert (20. november 2023): I ein kommentar på youtube-klippet viser @StoneOakvalley_ComputerStuff til ein reklame frå Hjemmedata nr. 5 1984 der ein kan sjå eska som programmet blei solgt i: