Database over norske høyrespel

Eg har sansen for når entusiastar samlar kunnskap om ulike (snevre) områder og gjer han tilgjengeleg for alle. Til dømes har nokon laga ein database over norske høyrespel som stadig blir oppdatert med tilgjengeleg informasjon. I skrivande stund er det registrert like over 900 høyrespel frå 30-talet til i dag, gjerne med skodespelarar, regissør, lenke til t.d. NRK og informasjon om handlinga. Og det heile er sortert på ein måte som gjer at du lett kan finne ein sjanger eller forfattar. Til dømes:

Og det som er så herleg med prosjekt som dette, er at folk gjerne kjem med bidrag når dei ser at noko manglar eller har meir informasjon. Så om du sjølv veit noko, legg det inn som kommentar på det relevante høyrespelet.