Kortfilm: Perpetuum Mobile (1949) av Ivo Caprino

Frå Perpetuum Mobile (Nasjonalbiblioteket/YouTube)

Ivo Caprino (1920-2001) slapp sin først kortfilm, Tim og Tøffe, i 1949. I følgje Per Heddal sin Caprino-biografi, gjorde denne inntrykk på ein ansatt frå tobakkfirmaet Glott, så han fekk Caprino til å lage reklamefilm for sigarettmerket «Black Prince»:

Caprino skrev manus selv, og ga filmen tittelen «Perpetuum Mobile», evighetsmaskinen.[…] Sigarettreklamefilmen var tydelig inspirert av Storm P.s tegninger. […] Figurene er festlig utført av Ingse Gude, og filmen vant prisen «Annonsørenes Oscar» for 1951.

Frå Ivo Caprino! : et portrett av askeladden i norsk film av Per Heddal (1993) s. 120

Nasjonalbiblioteket har gjort denne reklamefilmen tilgjengeleg for alle. Han er på litt over 3 minutt og er herleg absurd. Dei har i tillegg restaurert han med siste skrik i datateknologi: «Filmen er oppskalert ved hjelp av kunstig intelligens og digitalt retusjert på Nasjonalbibliotekets lab i Mo i Rana.» (Du kan også sjå han direkte på YouTube.)

I følgje ein artikkel i Dagbladet var Bjarne Sandemose invovlert i å lage sigarettmaskinen i filmen, og i ein rapport laga for rettssaken om «Il Tempo Gigante» dukker det opp eit bilete frå ein av Caprino sine skissebøker som viser korleis han såg maskin for seg:

Nokre av dukkene kan ein sjå i Caprino sin neste kortfilm, Musikk på loftet (1950), der dei dukker opp som konsertpublikum. (Kjelde: Barne TV).