Olav H. Hauge les eigne dikt

I 1970 blir Vise- og lyrikkfestivalen i Haugesund arrangert for første gong. Dei gjentok suksessen dei neste to åra og på festivalen i 1972 var det mellom 12 000 og 13 000 innom festivalen. På gjestelista det året var blant anna Jan Eggum, Finn Kalvik, Knutsen & Ludvigsen, Lillebjørn Nilsen, Ole Paus og Loudon Wainwright III. Men også den 63 år gamle fruktbonden og lyrikaren Olav H. Hauge.

Terje Emil Johannessen, som var involvert i å arrangere festivalen, seier at dei klarte å «overtale [Hauge] til å komme fra Ulvik», medan Olav H. Hauge skriv i dagboka si 4. mars: «Brev frå Forfattarsenteret i Bergen, med spørsmål um å koma til festivalen i Haugesund i sumar. Eg segjer ja.» (Hauge s. 16). Hauge ender opp med å lese dikt på ei utescene foran det han sjølv seier er 2000 publikmarar – for det meste ungdom. Dikta han les er «Lodd», «Sleggja», «Sagi», «Katten» og «I dag såg eg». Deler av festivalen blir filma og vist på NRK, derfor kan ein i dag sjå Olav H. Hauge lese eigne dikt (nokon har også lagt klippet på YouTube). Eit lydopptak blei også gjeve ut på LP-plata frå festivalen.

Dette klippet har blitt eit fast innslag i klasserommet for min del, gjerne med ei innleiing der eg presenterer Olav H. Hauge som ein til dels introvert fruktbonde. Reaksjonane han får frå festivalungdomen fascinerer elevane. Forfattar Gunhild Øyehaug skildrer korleis det er å sjå klippet i ei spalte i BT (17. januar 2011):

Olav H. Hauge står i Haugesund i 1972 iført ein grå dress og tek seg god tid med å lese opp, og han har, verkar det som, øvd inn ein måte å lese på som høver til ein visefestival, han les på ein måte som framhevar det humoristiske ved dikta, noko som fører til at det grassitjande, syttitals-hippieliknande Haugesundspublikummet ler godt og høgt når han til dømes seier at han stor tru på nymånen «men det er vel den gamle». Dei gapskrattar nesten, kan vi sjå, og vender seg til kvarandre med sine syttitalsfrisyrar for liksom å nikke «høyrde du det, eller! DET ER VEL DEN GAMLE!»

Eg innbiller meg at eg kan sjå på ansiktet til Hauge, som held maska ganske godt trass publikums humring og latter, at han har ei slags neonkjensle innvendig. Ein plutseleg, lysande tråd over sambandet mellom han, dikta og publikum.

Tidlegare nemnde medarrangør Johannessen, peiker på Hauge sin diktlesing som eit av høygdepunkta frå festivalene: «Han sto på scenen i en grå, falmet dress, men diktene hans satt som et skudd».

Etter opplevinga skriv Hauge om festivalen i dagboka si, men fokuserer mest på korleis Harald Sverdrup har gløymt namnet på busken «tindved»:

8. juli 1972.
Heime att i kveld frå Haugesund. Reiste um Odda i går. Var med på festivalen i Haraldsteltet i går kveld. Strålande sol. 6000 ungdomar hadde slege reir kring Haraldshallen. I teltet var godt 2000 samla. Larsen kom ikkje, so Harald Sverdrup kom i staden hans. Elles var Lillebjørn nilsen, Lars Klevstrand, og fire songarar og spälmenn från Sverige der. So las Sverdrup og eg. Ja ja. Han er populær, det skal vera visst.

Etterpå sat og låg eg og Sverdrup i eit telt, prata med gjentor og gutar, fekk øl og brennevin. Mykje liv! Dei har mykje moro dei unge i dag! […]

Harald Sverdrup kor han leita etter namnet på busken! Kom ikkje på tindved. Laut ha greide på det! Ringde til slutt frå festival-kontoret i Haraldshallen kl. 1 um natti, vekte kona og spurde henne, dei hadde nett fenge busken frå Reisæter på Ås. Tindved! Ho hugsa det! Han var ovanpå att. Javisst! Tindved!
Eg kom heller ikkje på namnet på busken, endå eg var med Reisæter då han skar stiklingar av han øvst i Bøverdalen. Ikkje alle tek naturfag so alvorleg som Sverdrup.

Hauge kommenterer også festivalen litt meir i eit brev til Martin Nag 19. juli: «Slik røvarleir skulde ein ikkje våga seg inn i. Det var no ei trøyst for meg at Harald Sverdrup var der, eg hadde då godt lag.»

Men reaksjonane var ikkje berre positive. I ei masteroppgåva om dei tre lyrikk-festivalane siterer Vegard Aalbu eit brev frå Willy Dahl til Hauge: «Jeg har snakket med et par-tre som var i Haugesund på festivalen, og de syntes du hadde kommet mer enn skapelig fra det. Selv om det selvfølgelig er tosket av deg å gå med slips.» (Aalbu, s. 67).