Database over norske høyrespel

Eg har sansen for når entusiastar samlar kunnskap om ulike (snevre) områder og gjer han tilgjengeleg for alle. Til dømes har nokon laga ein database over norske høyrespel som stadig blir oppdatert med tilgjengeleg informasjon. I skrivande stund er det registrert like over 900 høyrespel frå 30-talet til i dag, gjerne med skodespelarar, regissør, lenke …

Kortfilm: Perpetuum Mobile (1949) av Ivo Caprino

Ivo Caprino (1920-2001) slapp sin først kortfilm, Tim og Tøffe, i 1949. I følgje Per Heddal sin Caprino-biografi, gjorde denne inntrykk på ein ansatt frå tobakkfirmaet Glott, så han fekk Caprino til å lage reklamefilm for sigarettmerket «Black Prince»: Caprino skrev manus selv, og ga filmen tittelen «Perpetuum Mobile», evighetsmaskinen.[…] Sigarettreklamefilmen var tydelig inspirert av …

«Flyt på energien du kjenner i din ånd»

Norsk Sakprosa let av og til studentar presentere sine masteroppgåver. Eg kan ikkje mykje om diskusanalyse, men eg har sansen for Mirjam Vada Bø sin presentasjon av hennar oppgåve Bare tro på deg selv! En kritisk diskursanalyse av sjangeren inspirerende sitater. Her kan ein t.d. lære om «Pseudo Profound Bullshit»: Især flere hjerte-metaforer kan betegnes …

Star Wars og Noreg

Det finst ein del koplingar mellom Star Wars og Noreg. (Ja, fleire av dei er ganske søkte.) Hoth og «Jess Allashane» Den mest kjende koplinga Star Wars har til Noreg er at scener frå isplaneten Hoth blei filma på Finse. Dette er det gitt ut ei bok om og det er ein festival på Finse …

Ordet «ørten»

Eg blei nysgjerrig på ordet «ørten». Kva kjem det av? Og kor gammalt er det? La oss sjå kva me finn ut av med litt lekmannsforsking! Av refleks går eg alltid først til UiB/språkrådet si teneste Ordbøkene.no (bokmåls- og nynorskordboka), sidan dei gjerne har litt om opphavet til ord. Om «ørten» skriv dei: «uvisst opphav, …

The Byrds – Gene Tryp (Peer Gynt)

The Byrds var eit amerikansk rockeband som var meir eller mindre aktive frå 1963-2000. Det einaste faste medlemmet var Roger McGuinn, og han blei i 1969 involvert i eit prosjekt med Jacques Levy om å lage ein rocke-musikal basert på Ibsens Peer Gynt (1867). Denne musikalen skulle ha namnet Gene Tryp (anagram av Peer Gynt) …