Eit sci-fi innfall frå Nicolai Wergeland

Nicolai Wergeland var Eidsvollsmann og far til bl.a. Henrik Wergeland og Camilla Collett. Året han døydde ga han ut boka Tanker og Bekjendelser (1848), som i følgje forordet er til dels betre skildra som «innfall». Eit av desse, nr. 111, tenkjer eg kan vere kimen til ei science fiction-historie (s. 82): 111. […] Ved [Kants …

Mel-o-toons: Peer Gynt’s Adventures

Visste du at det finst fleire teiknefilmar basert på Henrik Ibsens Peer Gynt (1867)? Med overgangen frå teiknefilm på kino til billegare fjernsynsproduksjonar på 50-talet, dukka det opp ein del nye aktørar, t.d. Hanna-Barbera (Scooby-Do og The Flintstones). Ein annan aktør som baserte seg på dei same økonomiske animasjonsmetodane var New World Productions som produserte …

Norsk litteraturhistorie på 1-2-3

Det finst fleire norske litteraturhistorier ope på nett, til dømes Per Thomas Andersen sin Norsk litteraturhistorie (2001-utgåva) kan du lese på Nasjonalbiblioteket sine nettstad. Det same kan du med Knut Nærum sin parodi, Norsk litteraturhistorie fritt etter hukommelsen (2001). Men om du vil begynne med nokre meir fordøyeleg, er det fleire ressursar ute som gjer …

Endeleg kan du synge Dass sin song om horeri

Elevar i vidaregåande skular møter ofte Dass gjennom hans mest kjende verk, som Nordlands trompet og «Herre Gud ditt dyre navn og ære», men det har også vore vanleg å gjere eit visst publikumsfrieri med å ha med utdrag frå «Det Siette Bud. Du skal ikke bedrive Hoor.» T.d. andre strofe: Part legger sig hos …

Gunnlaug Ormstunga-illustrasjonar

Med tanke på kor lenge Gunnlaug Ormstunga har blitt lese i norske skular, er det merkeleg kor få gode illustrasjonar det er basert på handlinga i soga. Eit raskt oversyn på Nasjonalbiblioteket gjer meg eit inntrykk av at ein vanlegvis bruker illustrasjonar frå andre soger eller knytt til tida soga er sett i. Men det …

Vitsar frå bergens første journalist (1772-1773)

Det Bergenske Magazin blei publisert i ti nummer frå 1772 til 1773 av Henrik Bryssel Middelthon. Ei av spaltene som gjekk att i bladet var «Korte Fortællelser, Spøg, Indfald og Gaader». Her er vitsane frå denne spalta: Mi vurdering er at han brukte opp dei beste vitsane i sine første utgåver. Odd Strand skriv om …