Nasjonalbiblioteket har eit fiffig påfunn, dei har laga ein valomat som navigerer deg gjennom dei politiske stridssakene rundt 1890-1925. Her må du ta stilling til stemmerett for kvinner, oppheving av brennevinsforbod, 8 timars arbeidsdager og liknande. Dette er ikkje første av sitt slag, Arkivverket laga ein i 2013 i anledning stemmerettsjubileet, men den er ikkje …
Author Archives: Rudi
Don Bluths «Østenfor sol, vestenfor måne»
Don Bluth er mannen bak animerte klassikarar som NIMHs hemmelighet (1982), Lillefot og vennene hans (1988) og Anastasia (1997). I starten av 80-talet var han i gang med eit filmprosjekt basert på eit norsk folkeeventyr: East of the Sun and West of the Moon. Me kjenner att eventyret som «Østenfor sol, vestenfor måne«, men han …
Continue reading «Don Bluths «Østenfor sol, vestenfor måne»»
Jo Nesbø og Batman
Den første Harry Hole-boka til Jo Nesbø er Flaggermusmannen (1997). Den tredje er Rødstrupe (2000). På engelsk er dei omsette til The Bat og The Redbreast, men dei kunne hatt namna «Batman» og «Robin». Eg har ikkje lese bøkene, så eg blei nysgjerrig på om dette berre var tilfeldig. I ei VG-sak frå 1996 – …
Aarhus i 1902 (og maskinlæring)
Utviklinga av maskinlæringsteknologi har gjort av «kven som helst» kan gjere avansert oppussing av gamle filmklipp. YouTubar RestoringOldStuff har i det siste kasta seg over dansk filmarkiv og blant anna lagt ut nokon «oppussa» filmklipp frå Aarhus i 1902: Knapt noko av det du ser her kjem frå sjølve videokameraet. Klippa er henta frå Sct. …
Sommaren 1921
Har du høyrt om sommaren 1921? Nei? Det er avisene sin feil. Og din og min. Det meiner i alle fall (den anonyme) skribenten av rubrikken «Av dagens saga» i Morgenbladet 10. august 1921: Det lakker mot høsten, og de faa som husker noget av veiret, begynder at faa en oversigt over denne abnorme sommer. …
Fredagstaco
I 2011 skreiv Øyvind Holen ei sak om norsk tacokultur for D2, og nokon år seinare publiserte han ei tidslinje over norsk tacohistorie på bloggen sin. Nokon høgdepunkt: 1965: Taco kommer til Norge, da Stavanger-kjøpmannen Allert Middelthon begynner å importere varer for å tilfredsstille behovet til amerikanere som kommer til byen for å lete etter …
«Koffert» etymologi
Kva er opphavet til ord som «fitte», «kuk» og «pikk»? Ein skulle tru at dette var noko alle hadde kontroll på, med tanke på kva ord ein først leitar etter i ordlistene på skulen. Heldigvis er Språk meg! på saka med ein morosam (og fagleg!) tekst som svingar innom vulgære runepinnar, sopp, naglar og kusma. …
Musikk: Noregs punklag
I 1977 kom Noregs Punklag ut med singelen «Du er eit svin/Jeg sitter bare her og kjeder meg». Dette har blitt kalla den første pønkutgjevinga i Noreg, og den har blitt heidra som ei nynorsk plate. Men er det sant? Tja, det kjem an på. Sanninga er at det er ei parodiplate frå Prima Vera, …
Obstfelders «balle»?
I 1880 døyr mora til 14 år gamle Sigbjørn Obstfelder. Ti år seinare er han i Amerika, og der skriv han eit sterkt dikt om saknet: Julaften!Julaften med julelys i vinduerne,bugnende juletrær i storstuerne,julesang ud gjennem dørsprækkerne! Jeg vanked alene i gaderneog lytted til barnesangene.Jeg satte mig ned paa trapperneog tænkte paa min døde mor. * …
Norrøn vikingkortfilm
I 2015 leverte Markus Dahlslett si masteroppgåve Et spor av fortiden – Filmatisk gjenskaping av tidligere epoker. Året etter hadde den praktiske delen av masteroppgåva premiere: vikingkortfilmen Trace (2016, oppdatert i 2020). Gemini.no skreiv om filmen då ha først kom ut, og dei skriv igjen om han no i høve YouTube-premieren. Mest interessant er kanskje …