Olson in Oslo

Amma, dyd og Otto er palindromar, det vil seie ord som ein kan lese begge vegar. Som alle andre utfordringar, går det sport i å lage så lange palindromar som mogleg, og eit av dei største palindromverka (på engelsk i alle fall) er romanen Dr. Awkward & Olson in Oslo (1980) av Lawrence Levine. Han er på engelsk, men som du kan sjå har han «Oslo» i namnet. Tyder det at det er ei norsk kopling?

Fasit: Nei. Namnet på romanen er namna til to av personane i han. Dr. Awkward er eit palindrom, det same er Olson in Oslo. Ein må berre sjå bort frå mellomrom og teiknsetting. Dessverre er truleg det den einaste grunnnen til at Oslo er involvert, at det er hendig for palindromet sin del, men lat oss nå likevel sjå litt nærmare på denne romanen.

Dr. Awkward & Olson in Oslo finst ikkje på nett per no, og det kan sjå ut som om det er ganske vanskeleg å få tak i eit eksemplar av romanen, men han finst heldigvis i minst eit amerikansk bibliotek, og då er det vel berre snakk om tid. Det næraste ein kjem på nett, er ei slags redgjøring for prosjektet frå forfattaren sjølv. Der skriv han litt om korleis han jobba med å lage palindrom, og kor «obskure» ord han tillot seg å bruke. Han skjønte også at det ikkje var mogleg å skrive ein vanleg roman:

But now, determined to construct the palindromic novel, I found myself on shifting ground. I quickly realized that even a solid schema was only the beginning. I needed dialogue, action and whatever character development I could manage. I realized that a palindromic novel as a fast read, with pace, excitement and a believable plot with a slam-bang finish was a mostdistant possibility. Palindromes of great length do not lend themselves to simplicity.

Så korleis løyser han det? Jo, han går for fri assosiasjon – omtrent som dei tidlege modernistane (t.d. James Joyce). Og korleis ser det ut? Redegjøringa har fleire døme:

DR. AWKWARD’S RAGE ESCALATED: «ROY! DRAT! AH, SAPRISTI! PEEP! I NIM! O, DONNA’S RAE, YET A FLAN, GISLA REVES! EYE ENOS, SOR CAD, NA, HADES SAP. OLSON IN OSLO – AH – DOOM!»

«DOOM?» SPAKE SAM X. «NO, I TARGET NINE PO HABIT HOOPS. O, CAW ME! HADE, TSO, PIR, EVA C. NIN. OSLO ME, HADE. SOP RET NIO: TI BUS, N. ABE EBAN? NOT SO, BOSTON.»

DOC AWKWARD LAUGHED IN SOME GLEE: «EE! GYM'»

Og når det same avsnittet kjem att seinare i boka, baklengs, ser det slik ut:

«MY GEE! EEL GEM! O, SNIDE H.GUAL, DRAW KWA COD. NOT SO, BOSTON?»

«N. ABE EBAN (SUBITO!) INTERPOSED: «AHEM!»

OLSON IN CAVE RIPOSTED: «AHEM? WACO’S POOH! TI! BAH! OPEN INTEGRATION? XMAS, E. KAP’S MOOD. MOOD – HA!»

OLSON IN OSLO PASSED A HAND ACROSS ONE EYE.

«SEVERAL SIGNAL FATE YEARS – ANNO DOMINI. PEEP IT, SIR PASHA. TARDY ORD. ETA LAC SEEGARS, DR. AWKWARD.»

Levine insisterar på at det ikkje er «nonsense», men heller at kvar digresjon og frie assosiasjon dannar ein del av ei heilskap. Men er det eit plott? Og kven er så denne Olson in Oslo? Forfattaren forklarer:

The book, I decided, would be a modern morality play in the form of a detective-chase novel. It would be a contest between Dr. Awkward, a man of unrelieved vice, criminality, corruption and knavery, the avatar of absolute immorality on earth, and Olson in Oslo, the manifestation of human goodness and moral eloquence, a strong wise old graybeard, the conscience of the planet. […] The plot involves a bumbling private eye, Sam X. Xmas, and his inamorata, Mabel E. Bam, who with eleven of their close associates succeed (with the conspicuous help of Olson) in tracking down and bringing Dr. Awkward to justice. After decades of malefaction, the man of monstrous evil will no longer pollute the planet.

I ei samtidig bokmelding i Los Angeles Times fortel meldaren litt om prosjektet og avslutter med ei rettferdig hylling:

We defy any reader to try to read more that a few pages of the output, but we salute Levine for his chutzpah in tackling the project. The world needs more Levines–playful eccentrics determined to scale the heights where no one has gone before, even if getting there isn’t much of an accomplishment.

Mon tru kva som er Noregs mest imponerande palindromverk?