År utan Olsenbanden

Til neste år (2022) kjem det ein ny film med Olsenbanden, men med tanke på at alle landa i Skandinavia lager Olsenbanden-innhald, er det eigentleg ein så stor nyhende? Kjem det ikkje noko nytt med Olsenbanden kvart år? Eg fann ikkje nokon andre som hadde rekna på det, så eg måtte lage ei oversikt sjølv. Kort sagt er svaret: Frå 1968-2022 har det kome ei ny Olsenbanden-historie i 41 42 43 44 av 54 år. Berre desse åra kom det ingen nye Olsenbanden-historiar: 1980, 1987, 1990, 1991, 1994, 2003, 2007, 2011, 2012, 2017, 2018, 2019, 2021.

1968 Olsen-banden (🇩🇰 film)
1969 Olsen-banden på spanden (🇩🇰 film), Olsenbanden-operasjon Egon (🇳🇴 film)
1970 Olsenbanden og Dynamitt-Harry (🇳🇴 film)
1971 Olsen-banden i Jylland (🇩🇰 film)
1972 Olsen-bandens store kup (🇩🇰 film), Olsenbanden tar gull (🇳🇴 film), Dickie Dick Dickens i Norge (🇳🇴 høyrespel)
1973 Olsen-banden går amok (🇩🇰 film), Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amok (🇳🇴 film)
1974 Olsen-bandens sidste bedrifter (🇩🇰 film), Olsenbanden møter Kongen & Knekten (🇳🇴 film)
1975 Olsen-banden på sporet (🇩🇰 film), Olsenbandens siste bedrifter (🇳🇴 film)
1976 Olsen-banden ser rødt (🇩🇰 film), Olsenbanden for full musikk (🇳🇴 film), Et isoleret tilfælde (🇩🇰 reklamefilm). Olsenbanden: Ruskenaksjonen 1976 (🇳🇴 reklamefilm), Olsenbanden Elkjøp (🇳🇴 reklamefilm), Olje Banden – Det er asocialt (🇩🇰 reklamefilm), Olie Banden – Fyrer for gråspurverne (🇩🇰 reklamefilm), Olie Banden – Isoler nu (🇩🇰 reklamefilm), Olie Banden – Kør fornuftig (🇩🇰 reklamefilm), Olie Banden – Lad fagmanden om fyret (🇩🇰 reklamefilm), Olie Banden – Samkørsel (🇩🇰 reklamefilm), Olie Banden – Sluk lyset (🇩🇰 reklamefilm), Olie Banden – Spar på vandet (🇩🇰 reklamefilm), Olie Banden – Sweater på (🇩🇰 reklamefilm), Olie Banden – Vi skal isolere (🇩🇰 reklamefilm), Spar på energien – energifråsere (🇩🇰 reklamefilm)
1977 Olsen-banden deruda» (🇩🇰 film), Olsenbanden og Dynamitt-Harry på sporet (🇳🇴 film), Olsenbanden tar kinokassa (🇳🇴 reklamefilm), Olsen-bandens store kup (🇩🇰 teikneserie), Esso music party 3 (🇳🇴 sketsjer), Olsenbanden spiller opp (🇳🇴 brettspel)
1978 Olsen-banden går i krig (🇩🇰 film), Olsenbanden og Data-Harry sprenger verdensbanken (🇳🇴 film)
1979 Olsen-banden overgiver sig aldrig (🇩🇰 film), Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder (🇳🇴 film), Olsenbanden: Ruskenaksjonen 1979 (🇳🇴 reklamefilm), Olsenbanden «får» telefon (🇳🇴 reklamefilm), Olsenbanden forteller om dumme ting de har gjort (🇳🇴 sketsj)
1980 Inga ny Olsenbanden-historie?
1981 Olsen-bandens flugt over plankeværket (🇩🇰 film), Olsen-banden over alle bjerge (🇩🇰 film), Olsenbanden gir seg aldri! (🇳🇴 film), Varning för Jönssonligan (🇸🇪 film), Olsebanden på restaurant (🇳🇴 sketsj), Den formidable fangst (🇳🇴 sketsj), Esso Music Party 21 (🇳🇴 sketsjer)
1982 Olsenbandens aller siste kupp! (🇳🇴 film), Jönssonligan & Dynamit-Harry (🇸🇪 film), Olsenbande in der DDR (🇩🇰/🇩🇪 sketsj), Esso Music Party 23 (🇳🇴 sketsjer)
1983 Gjester i «God aften, mitt navn er Jon» (🇳🇴 sketsj), Olsenbanden raner hurtigruta (🇳🇴 teikneserie)
1984 … men Olsenbanden var ikke død! (🇳🇴 film), Jönssonligan får guldfeber (🇸🇪 film), Olsenbanden og Hodeskallekuppet (🇳🇴 teikneserie)
1985 Olsenbanden kupper smuglerskatten (🇳🇴 teikneserie), Nytt kupp fra Olsenbanden (🇳🇴 sketsj), Hermansen tar saken (🇳🇴 roman)
1986 Jönssonligan dyker upp igen (🇸🇪 film), Olsenbanden Dobbeltgjengeren (🇳🇴 teikneserie)
1987 Inga ny Olsenbanden-historie?
1988 Olsenbanden kupper Quruks stjerne (🇳🇴 teikneserie), Egon Olsen i Tivoli-revyen (🇩🇰 sketsj)
1989 Jönssonligan på Mallorca (🇸🇪 film)
1990-1991 Inga ny Olsenbanden-historie?
1992 Jönssonligan & den svarta diamanten (🇸🇪 film), Jönssonligan & den svarta diamanten (🇸🇪 roman)
1993 Jönssonligan – Tajmat och klart (🇸🇪 teikneserie)
1994 Inga ny Olsenbanden-historie?
1995 Jönssonligans största kupp (🇸🇪 film), Jönssonligan Smutsiga affärer (🇸🇪 teikneserie)
1996 Lilla Jönssonligan och cornflakeskuppen (🇸🇪 film), Lilla Jönssonligan och cornflakeskuppen (🇸🇪 roman), Olsen Banden’s spareplan (🇩🇰 reklamefilm), Egon Olsen i Greven på Hittegodset (🇩🇰 sketsj), Lilla Jönssonligan (🇸🇪 brettspel)
1997 Lilla Jönssonligan på styva linan (🇸🇪 film)
1998 Olsen-bandens sidste stik (🇩🇰 film), Jönssonligan – På fri fot (🇸🇪 teikneserie)
1999 Olsenbandens siste stikk (🇳🇴 film), Jönssonligan: Jakten på Mjölner (🇸🇪 dataspel), Olsen-bandens første kup (🇩🇰 fjernsynsserie), Olsen-Bandens Første Kup (🇩🇰 spel), Olsen Bandens sidste stik nu på video (🇩🇰 reklamefilm)
2000 Jönssonligan spelar högt (🇸🇪 film), Jönssonligan går på djupet (🇸🇪 dataspel)
2001 Olsen-banden junior (🇩🇰 film), Olsenbanden Jr. første kupp (🇳🇴 fjernsynsserie), Olsenbanden jr. og millionlotteriet (🇳🇴 teikneserie), Olsen banden junior (🇩🇰 roman)
2002 Olsenbanden jr. går under vann (🇳🇴 film)
2003 Inga ny Olsenbanden-historie?
2004 Olsenbanden jr. på rocker’n (🇳🇴 film), Lilla Jönssonligan på kollo (🇸🇪 film), Olsenbanden jr. Hopper i det! (🇳🇴 teikneserie), Olsenbanden jr. på rocker’n (🇳🇴 barnebok?), Olsenbanden jr.-spillet (🇳🇴 spel), Spillet om Olsenbanden Jr. Første kupp (🇳🇴 brettspel)
2005 Olsenbanden jr. på Cirkus (🇳🇴 musikal), Olsenbanden jr. i vikingenes fotspor (🇳🇴 spel)
2006 Olsenbanden jr. på Cirkus (🇳🇴 film), Olsenbanden jr. Sølvgruvens hemmelighet (🇳🇴 film), Lilla Jönssonligan & stjärnkuppen (🇸🇪 film), Lilla Jönssonligan och glasskampen (🇸🇪 teater)
2007 Olsenbanden jr. Våre villeste eventyr (🇳🇴 barnebok?)
2008 Olsen Banden og den russiske juvel (🇩🇰 musikal), Olsen Banden Spillet: De 14 kup (🇩🇰 brettspel)
2009 Olsenbanden jr. Det sorte gullet (🇳🇴 film)
2010 Olsen-banden på de bonede gulve (🇩🇰 animasjonsfilm), Olsenbanden jr. Mestertyvens skatt (🇳🇴 film), Olsenbanen 1. Møde (🇩🇰 reklamefilm), Olsenbanden Spanien (🇩🇰 reklamefilm), Olsenbanden 1000 ting (🇩🇰 reklamefilm), Olsenbanden lastbil (🇩🇰 reklamefilm)
2011-2012 Inga ny Olsenbanden-historie?
2013 Olsen-banden på dybt vand (🇩🇰 animasjonsfilm), Olsen banden (🇩🇰 spel)
2014 Olsenbanden og Gjensidigekuppet (🇳🇴 reklamefilm), Raskere enn Egon? (🇳🇴 spel), Olsen-Banden på dybt vand live show (🇩🇰 teater?)
2015 Jönssonligan – Den perfekta stöten (🇸🇪 film), Valborgs reiser (🇳🇴 reklamefilm)
2016 Gjensidige satser på animasjon (🇳🇴 reklamefilm), Olsenbanden og dronekuppet (🇳🇴 reklamefilm), Olsenbanden Bil (🇳🇴 reklamefilm), Olsenbanden Tog (🇳🇴 reklamefilm), Olsenbanden Segway (🇳🇴 reklamefilm), Olsenbanden Safe (🇳🇴 reklamefilm), Olsenbanden og jakten på utbytte (🇳🇴 spel)
2017 Olsen Banden Botsen (🇳🇴 reklamefilm), Olsen Banden Ventilasjon (🇳🇴 reklamefilm), Olsenbanden Kumlokk (🇳🇴 reklamefilm), Olsenbanden Tau (🇳🇴 reklamefilm),
2018 Olsenbanden utendørs stunt (🇳🇴 reklamefilm), Das Olsenbande und das Gebiss des Grauenes (🇩🇪 teater)
2019 Inga ny Olsenbanden-historie?
2020 Se upp för Jönssonligan (🇸🇪 film)
2021 Inga ny Olsenbanden-historie?
2022 Olsenbanden – Siste skrik! (🇳🇴 film), Helmaks Elon! (🇳🇴 reklamefilm), Olsenbanden Firstprice Popcorn (🇳🇴 reklamefilm), Olsenbanden-spaning: dag 3 (🇳🇴 reklamefilm), Olsenbanden Jul for alle penga (🇳🇴 teikneserie)
2023 ?
2024 «Jönssonligan» (🇸🇪 film)

Manglar årstal på: Olsen Banden på spil (70-talet)

Ein kan seie at nokre av desse er ikkje «nye historiar», sidan dei er basert på filmar frå dei andre landa, men for min del held det at dei er laga på ny (og ikkje dubba/teksta). Eg går ut i frå at noko manglar, gje gjerne ein lyd så skal eg oppdatere lista.

Desse er eg ikkje sikker på om kjem gjennom nålauget: Kjell titter opp (🇳🇴 animert reklamebanner, 2017), Egon og Kjell (🇳🇴 animert reklamebanner, 2017) Oksen Goliat (🇳🇴 animert reklamebanner, usikker på år), Olsen Banden spilleautomaten (🇩🇰 spel, på nett 2012) og Olsen Banden 2 (🇩🇰 spel, på nett ca. 2021), Olsen Bandens store juleplan (🇩🇰 adventskalender 2022), HelMax (🇳🇴 reklameplakat, 1991)

Oppdatert (30. mars 2022): Det var visst fleire Gjensidige-reklamar, eg fann to frå 2017.
Oppdatert (11. april 2022): I episode 100 av podkasten Perler for Svin ser vertane på «Olsenbanden-apokryfer». Episoden kan anbefalast i seg sjølv, men dei nemner også fleire historiar som eg ikkje hadde på lista: Olsenbanden forteller om dumme ting de har gjort (1979), Den formidable fangst (1981), Nytt kupp fra Olsenbanden (1985), Raskere enn Egon (2014), Olsenbanden og jakten på utbytte (2016). Dei er no lagt til, og i tillegg så fann eg ein handfull fleire Gjensidige-reklamar som ikkje var på lista – med anna ein frå 2018. Og ein heil del danske sketskjar.
Oppdatert (2. juni 2022): Romanen Hermansen tar saken (1985) inneheld ikkje Olsenbanden, men han får likevel sin plass på lista. I tillegg er det to norske barnebøker(?) og eit dataspel baserte på Olsenbanden jr.-serien som kom ut i 2004, 2005 og 2007.
Oppdatert (21-26. september 2022): Perler for Svin kjem med fleire gode tips: Norske «Esso Music Party»-kassettar, danske Stofa-reklamar, ein Firstprice-reklame og eit julehefte for 2022. Mads Aas tipser også om ein Elon-reklame og ein reklame for Ferda. Eg har og lagt inn dei brettspela eg fann og eit dansk iPhone-spel.
Oppdatert (19. september 2023): @Sjarlatan på X melder om ein reklameannonse frå 1991. Det hadde vore fint å ha noko for året 1991, men eg veit ikkje om dette er nok.