Soga om Roy, Fyrste kapittel

Våren år 2000 fekk Vårt land forfattaren Erlend Loe til å leve frå seg ein stiloppgåve i nynorsk under namnet «Pia». Han skreiv han på 1,5 time utan ordliste før han reiste på påskeferie. Det var fyrste gong han skreiv nynorsk sidan privatisteksamen 12 år før. Stilen blei lurt inn i bunka til ein norsklærar på Bjørknes Privatskole og vurdert til 4 på grunn av språkfeila. Sidan den gong har stilen blitt brukt ein del i skulevesenet, sidan han er morosam, og fordi han har ein del klassiske sogetrekk i seg.

Språkrådet hadde lenge ei retta utgåve av teksta på sine nettsider, men sida er borte no. Her er slik ho låg ute der:

Soga om Roy, av Erlend Loe

Roy heitte ein mann. Han var son til Ben, son til Glenn-Ivar, son til Kim den inkontinente frå Oslo. Mor til Roy heitte Connie og var webdesignar for eit lite tidsskrift om mental helse. Roy budde på Alna, ikkje langt frå bomstasjonen. Han var ein o.k. mann, måteleg ven å sjå til, og ikkje så rik. Han var ikkje godt likt av alle og heller ikkje så framifrå i alle ting. Det fanst dei som kalla han ein tapar.

Kona til Roy var Linda, dotter til Audi-Lars, son til Lorentzen med kolonialen, svoger til Jon Herwig Carlsen, som på denne tida jobba med TV, og som ikkje er i nærleiken av å koma denne soga ved.

Roy og Linda hadde ikkje noko godt forhold. Dei prata sjeldan med kvarandre. Som oftast sat dei berre framfor TV-en, og det var mykje irritasjon i lufta.

Halvbroren til Roy heitte Bosse og hadde svensk pass, sjølv om han var oppvaksen i Noreg og snakka norsk så godt som nokon. Det vart aldri tala mykje om kvifor, men årsaka må ha vore at Connie hadde late ein ovfull svenske få viljen sin med henne ein gong ho var på kurs i sjølvutvikling i traktene kring Jämtland og Härjedalen.

Bosse var stor og sterk, men stillfarande og utan sjølvtillit. Roy og Bosse hang saman både støtt og stadig. Dei var gode vener. Der den eine gjekk, kom den andre med. Hadde dei ikkje vore brør, ville folk ha trudd det var homogreier på gang. Ingen av dei hadde noko fornuftig å ta seg til på dagtid. Dei rak for det meste rundt og gjorde ugagn og plaga slike som var annleis enn dei sjølve. Dei var båe lova jobb på Tybring-Gjedde på Alna, men det vart liksom aldri til noko.

No vik soga sør til Grünerløkka i Oslo. Der budde ein mann med namnet Ibrahim, son til Ibrahim, son til Ibrahim, son til Ibrahim frå Izmir i Tyrkia. Ibrahim hadde ei dotter som heitte Houda. Ho var så ven og attråverdig at hennar like ikkje fanst i mils omkrins (og dette var i tettbygd strok). Mannfolk gjekk ikkje av vegen for å drepa for å få Houda. Så fin var ho. Men ho heldt dei alle på avstand. Ho var ikkje interessert. Ho spara seg for den rette. Og mens ho venta, arbeidde ho i grønnsakbutikken til faren, og ingen var som henne til å selja olje og frukt og fetaost og smila til alle og få god pris. Og dessutan las ho medisin om natta.

No er å fortelja at Roy og Bosse ein dag hadde teke turen ned i sentrum og sat og drakk på offentleg stad, nærare bestemt i ein park kalla Birkelunden, ikkje langt frå butikken til Ibrahim. Då sa Roy til Bosse: «Det såg eg gjerne, bror, at du fekk ut fingeren og tok deg ei kone, så kunne vi vera to par, eg og Linda og du og di kone, og gjera mykje moro saman, fara til Sverige med campingvogn, til dømes.» «Det hadde ikkje vore meg imot,» svara Bosse, «men kven vil ha ein slik tapar som meg?» Roy svarar: «Ikkje veit eg, bror, men korleis likar du desse småjentene som går der borte ved fontena?» «Dei er både vene og heftige,» seier Bosse, «men eg har ikkje hug til å ta kontakt med dei. Dei kjem berre til å be meg ryka og reisa.» Roy seier: «Gå no til butikken og kjøp noko meir øl, så blir det vel ei råd etter kvart.» Bosse svarar: «Eg er skeptisk, men vil likevel gjera som du seier, bror.» Så gjekk han til Ibrahims butikk og stelte seg i kø framfor kassa. Han stod der og såg dumt ut i lufta, som han alltid gjorde, men då det blei hans tur, kom han til å kasta eit auge på Houda, og kaldsveitten sto i panna på han. Houda seier: «Kva kan eg hjelpa deg med?» Bosse mister no munn og mæle. Han sig saman og fell i bakken. Houda bøyer seg over han og vil hjelpa han opp. Bosse slår opp auga att, og han reiser seg, og han kvad denne visa:

Eg kom for å kjøpa øl, men aldri har eg sett
ei kvinne som deg.
Din like finst ikkje i dette landet.
Me skal vera saman, du og eg, frå denne
dag og livet ut. Ikkje kan eg by deg mykje
gods, men kjærleik skal du få frå morgon til kveld,
så sant eg heiter Bosse. Og dessutan har eg kanskje
noko på gang ute på Tybring-Gjedde.

Det blir ikkje enkelt, for bror min og familien
har tvilsame haldningar
til innvandrarar, men slik skal det likevel
vera, og viss ikkje skal eg lata mitt liv og døy
på flekken.

Houda sa: «Dette var ikkje som eg hadde tenkt det, men du har rett; slik er det laga, og slik må det vera, men eg vil halda fram med å lesa medisin.» Bosse seier: «Sjølvsagt skal du lesa medisin, og eg skal og ta tak i meg sjølv og lesa eitkvart eller brødfø oss på annan måte.»

Då Roy hadde sete så lenge på benken at han byrja å ana uråd, gav han seg i veg til butikken for å sjå kva som hadde gått føre seg med Bosse. På fortauet møter han Bosse og Houda, arm i arm. Roy sa då: «Kva er dette, bror? Her sit eg og ventar på at du skal koma attende med øl, og så kjem du med ei framandkulturell kvinne, og på auga dine ser eg at du tenkjer å ekta henne.» Bosse svarar: «Så er det.» Roy seier: «Ikkje var det dette eg hadde tenkt då eg bad deg om å finna ei kvinne. Stor skam fører du over familien, og ikkje blir det nokon campingtur til Sverige no. Var du ikkje bror min, så drap eg deg no med det same. Eg vil ikkje ha noko meir med deg å gjera, og eg let deg gå fri no, men eg rår deg til å forlata landet, for frå no av går du utrygt kor du enn oppheld deg i Noreg.»

Deretter gjekk brørne kvar til sitt, men ingen av dei tykte seg ferdig med denne saka. Roy vart verande på Alna. Han heldt seg heime. Han såg mykje på TV og var ikkje grei å vera i hus med. Han sa ikkje meir den vinteren.

Og her har du stilen, slik han blei publisert i Vårt land, med rettingar og kommentarar frå læraren.

I artikkelen kommenterer han også nynorsk: «Jeg leser ofte nynorsk, og har kjempestor sans for språket. Ved et uhell kjøpte jeg en gang Snorre på bokmål. All safta var borte. Jeg synes nynorsken skal være en del av det norske språket.»

Seinare let han truckførar Kurt snakke nynorsk etter å ha kakka seg i hovudet i boka Kurtby (2008), og han let djevelen snakke nynorsk i boka Helvete (2019).

Mel-o-toons: Peer Gynt’s Adventures

Visste du at det finst fleire teiknefilmar basert på Henrik Ibsens Peer Gynt (1867)?

Med overgangen frå teiknefilm på kino til billegare fjernsynsproduksjonar på 50-talet, dukka det opp ein del nye aktørar, t.d. Hanna-Barbera (Scooby-Do og The Flintstones). Ein annan aktør som baserte seg på dei same økonomiske animasjonsmetodane var New World Productions som produserte over 100 Mel-O-Toons på ca. 6 minutt kvar. Desse var baserte på klassisk litteratur, folketru, mytologi og anna materiale utan opphavsrett.

Tre av teiknefilmane hadde utgangspunkt i Peer Gynt. Alle tre er frå 1960 og bruker Edvard Grieg sin musikk og har Art Gilmore som forteljar. Peer Gynt blir presentert i starten av kvar teiknefilm som ein ung, norsk mann som draumar om å gifte seg med Solveig, men i kvar teiknefilm har han ein last som ho meiner han må kvitte seg med først.

Peer skryt til Solveig

Peer Gynt’s Adventures on the Stormy Sea (imdb, YouTube). Peer har ein seglbåt, men er ikkje interessert i å lære særleg om segling, sjølv om Solveig oppfordrar han til det. Under eit båtkapplaup hamnar han i ein storm og forliser nesten. Til slutt lover han Solveig å lære seg meir om segling.

Denne har eigentleg fint lite å gjere med Ibsens Peer Gynt, anna enn at Peer er lat og at han på eit tidspunkt er i eit skipsforlis.

Dovregubben

Peer Gynt’s Adventures in the Hall of the Mountain King (imdb, YouTube). Solveig seier at ho ikkje vil gifte seg med Peer før han sluttar å fortelje skrøner. Peer går seg vill og sovnar utanfor ei grotte. Då blir han bært inn i grotta av troll. Peer blir redd, og skrøner om at han eigentleg er ein prins. Trollkongen seier at då må han gifte seg med trolldottera hans. Peer rømmer og lover seg sjølv at om han kjem seg vekk, skal han ikkje skrøne meir.

Ibsens Peer er ein skrønemakar, og han rømmer også frå ein trollkonge (Dovregubben) og dottera hans (Den Grønklædte). Her er det tydeleg at dei har basert seg meir på handlinga frå Ibsens stykke, sjølv om ho er kraftig forenkla.

Peer og Anitra

Peer Gynt’s Adventures in Arabia (imdb, YouTube ). Solveig har sagt at Peer må lære seg å jobbe, så han har fått jobb på eit skip som seilar til landet Arabia. Der blir han lurt av vakre Anitra til å hjelpe ho å stele juvelar frå eit palass. Anitra av med heile byttet, men då Peer finner ho att har ho blitt kidnappa og gjort til slave av andre røvarar. Peer lover at om han kjem seg vekk, skal han aldri stele igjen.

I Ibsens stykke reiser Peer sjølv rundt i verda for å tene pengar, blant anna til Sahara. Der treffer han slavinna Anitra, som saman med andre tar han for å vere profet. Det er altså delvis overlapp her, men det er ein ganske annan historie som blir fortalt i teiknefilmen.

Norsk litteraturhistorie på 1-2-3

Det finst fleire norske litteraturhistorier ope på nett, til dømes Per Thomas Andersen sin Norsk litteraturhistorie (2001-utgåva) kan du lese på Nasjonalbiblioteket sine nettstad. Det same kan du med Knut Nærum sin parodi, Norsk litteraturhistorie fritt etter hukommelsen (2001). Men om du vil begynne med nokre meir fordøyeleg, er det fleire ressursar ute som gjer deg eit raskt overblikk:

Endeleg kan du synge Dass sin song om horeri

Elevar i vidaregåande skular møter ofte Dass gjennom hans mest kjende verk, som Nordlands trompet og «Herre Gud ditt dyre navn og ære», men det har også vore vanleg å gjere eit visst publikumsfrieri med å ha med utdrag frå «Det Siette Bud. Du skal ikke bedrive Hoor.» T.d. andre strofe:

Part legger sig hos Skiøger,
Og bruger dem i Fleng,
Part andres Koner søger,
Og smitter ægte Seng,
En Parti sig besover
Med næste Slegtninge,
Part giør det, som er grover,
Og blander sig med Fæ.

Og slik fortset songen nokre strofer, før Dass kjem med råd til den «Kaade Dreng» og den «lille Pige» om korleis dei bør halde seg borte frå horeri. Det er ein gøyal tekst å lese og fungerer også bra med elevar.

Men no kan ein altså, endeleg, synge han på sin opphavlege melodi.

Trond Haugen skriv i «Om en ukjent melodi hos Petter Dass» (Edda vol. 111, Utg. 3) om korleis han fant fram til melodien. Kort sagt står det i dei gamle manuskripta at melodien er «Den bekandte Søvren Tvillings Vise: Hør til Fattig og Rige &c», og dette har forskarar for lengst funne ut at er den same som «Quid tua? Det er: Huad kommer det dig ved?«. I den står det at melodien er «Pickelhærings Melodi», men der har det stoppa opp – denne visa/melodien skal vere tapt. Men med å snu nokre steinar, finn Haugen at dette ikkje er eit tapt vise, men at ho «hadde gått som en farsott over hele Nord-Europa i første halvdel av 1600-tallet.» Du kan lese ferda hans fram til melodien i artikkelen.

Så kva er melodien? Haugen skriv:

Den ble sunget på den britiske klovnefiguren Pickelhærings egen melodi; en tysk-nederlandsk variant av den britiske luttenisten Thomas Robinsons «Walking in a country towne» i lutt-tabulatoren The Schoole of Musick fra 1603. Melodien ble publisert med noter og separat numerisk tabulatur for lutt i Adriaen Valerius’ posthume Neder-Landtsche Gedenck-Clanck i 1626.

Notene til melodien er gjengitt i artikkelen, og «Walking in a country towne» er det mange variantar av på YouTube. Så her er det berre å finne fram teksta og synge med til meloden. Om Pickelhæring-varianten er veldig annleis, får ein håpe at nokon grip sjansen og tener Spotify-millionar på ei nyinnspeling av Dass.

Er du frista til å gå på din eigen skattejakt etter barokke melodiar? Rosinen i pølsa er her tidlegare nemnde «Herre Gud! dit dyre Navn og Ære«. Denne skal ein eigentleg synge til visa «Vill ey bonden laate vell etc», men den har framleis ingen funne. Lykke til!

Gunnlaug Ormstunga-illustrasjonar

Med tanke på kor lenge Gunnlaug Ormstunga har blitt lese i norske skular, er det merkeleg kor få gode illustrasjonar det er basert på handlinga i soga. Eit raskt oversyn på Nasjonalbiblioteket gjer meg eit inntrykk av at ein vanlegvis bruker illustrasjonar frå andre soger eller knytt til tida soga er sett i. Men det er nokre unntak, og dette er dei eg har funne. Veit du om fleire?

Georg Haas sine koparstikk

Sagan af Gunnlaugi Ormstungu ok Skalld-Rafni […] frå 1775 er dekorert med koparstikk av Georg Haas.

Ragnhild Vekterli Leitres illustrasjonar

To hundre år etter Haas, har Ragnhild Vekterli Leitre illustrert ei utgåve av soga. Bilete av Borg er basert på eit måleri som ofte er brukt saman med soga, men som ikkje eigentleg er knytt til ho.

Øvrige Gunnlaug Ormstunga-portrett

Illustrasjonen av Wilheilm Peters er visst berre ein av fleire han laga om Gunnlaug Ormstunge, men eg ser ikkje at dei andre er publiserte nokre stad, og eg veit ikkje kven som har dei. Eg har vore i kontakt med Follo museum og Nasjonalmuseet, men dei veit ikkje noko meir om resten av serien. Dei andre to illustrasjonene er frå lærebøker.

Øvrige illustrasjonar av Torsteins draum

Draumen til Torstein ser ut til å vere eit populært motiv.

Øvrige illustrasjonar av scener frå soga

I Bloch sitt bilete ser ein Gunnlaug kome med sin «one-liner» om at han ikkje haltar når beina er like lange. I måleriet av Fairfax (og skissa) ser ein eit møte mellom Gunnlaug og Helga. I Suul sin teikning ser me scenen der Ravn lurer Gunnlaug under holmgangen, som me og kunne sjå hos Haas og Leitre over.

Glade youtubarar

Det finst mange tolkingar av soga på YouTube, stort sett laga av elevar frå ulike skular. Men det er også nokre lærarar og andre formidlarar som har prøvd seg på å illustrere heile eller deler av soga.

Til info: Noregs mest kjente spøkelse

Har du ein tanke om kva som er Noregs mest kjente spøkelse? Mi erfaring er at mange slit med å kome med eit godt svar. Det finst eit hav av regionale spøkelse, t.d. Munken i Nidarosdomen, den brune mannen på Sande og Octavia Sperati på Den Nasjonale Scene, men desse er ikkje særleg kjente over heile landet. I tillegg er det nokre spøkelse i populærkulturen, som spøkelsa i Uhu! og nokre sære scenar i Hotel Cæsar, men desse er heller ikkje kjente blant særleg fleire enn dei som såg på desse seriane.

Min brannfakkel er at ingen av desse kjem i nærleiken av populariteten til det mest kjente spøkelset me har: Kaptein Sorte Bill av Torbjørn Egner.

Han er i følgje songen ein sjørøvarkaptein «fra femtenhundre og fjorten» som bl.a. røva ein spansk gullfregatt i «femten atten». Men songen går langt i å få fram at dette er lenge sidan: «Det hendte very plenty i den gamle gode tiden […] men femten hundre og den tid det er ganske lenge siden». Og til slutt seier han det omtrent rett ut når han nemner «De som får besøkelser av Kaptein Bill og spøkelser».

Dette er ikkje ei ny oppdaging, ein kan t.d. sjå i NRK-serien Drømmen om Kaptein Sorte Bill (1990) korleis Kaptein Sorte Bill lærar Nøtteliten å spøke. Ein ser det også i den (litt) meir akademiske artikkelen «Sorte Bill, Sabeltann og jakten på oljen» (Bøygen 3/2013, s. 47), der Sorte Bill og Sabeltann blir sett opp mot kvarandre.

Dette innlegget starta eigentleg som eit forsøk på å finne svar på kva det betyr at Kaptein Sorte Bill er frå 1514. Blei han kaptein då? Sidan han røva ein fregatt i 1518 så kan det ikkje vere fødselsåret. Men siden me no veit at han var eit spøkelse, kan ein jo tenke seg at det var året han døydde? Då heng det på greip kvifor han fleire hundre år seinare vel nettopp dette året som då han «er fra».

Vitsar frå bergens første journalist (1772-1773)

Det Bergenske Magazin blei publisert i ti nummer frå 1772 til 1773 av Henrik Bryssel Middelthon. Ei av spaltene som gjekk att i bladet var «Korte Fortællelser, Spøg, Indfald og Gaader». Her er vitsane frå denne spalta:

  • Et muntert Hoved blev spurgt: hvorledes man lettest kunde giøre sit Navn bekiendt efter sin Død? Ved at efterlade sig stor Gield, svarede han. (s. 46)
  • Hvilken lumpen Trappe! Her burde intet skikkelig Menneske gaae, sagde en Tyv om Galgie-Stien. (s. 46)
  • En Fattig, som ey hadde Brød i Huset, blev spurgt: hvor det stod til hiemme hos ham? Som i Himmelen, svarede han; thi der hverken æder eller drikker man. (s. 88)
  • En blev spurgt: Hvilken Regierings form var ældst? Han svarede: Kone-Regimente. (s. 88)
  • En Junker pralede af, at han ved Academier hadde anvendt mere enn 1000 Rdlr. Troe De mig, min Ven! viskede en ham i Øret, kunde De finde en, som vilde kiøbe det, De har lært herfor, for 100 Rdlr., da slaae De kun til. (s. 127)
  • Til en, som vilde gifte sin Søn, sagde en anden: Sønnen var endnu for ung, han skulde bie til han blev klog. Skal han bie indtil han blir klog, svarede Faderen, da blir han nok aldrig gift. (s. 127)
  • Keyser Friderich den Tredie, da man spugte: hvorfor han aldrig drak Viin? svarede: paa Bunden av Bægeret ligge alle Laster. (s. 292)
  • Anarcharsis har sagt: Viinstokken bær tre Druer: Den eene til Sundhed; den anden til Drukkenhed; den tredie til vis Skade. (s. 292)
  • Lægerne tvistede i Nærværelse af en Syg, hvilket Vand der var kostbareste? Det er Menneske-Vand, svarede den Syge, thi det maa man betale Eder for at see paa. (s. 323)
  • Præsten spurgte en Bonde-Pige; hvem hun først holdt sig til om Morgenen, naar hun stod op? Til Senge-Stolpen, svarede hun. Ja, jeg mener ikke saa, sagde Præsten; hvem tænker du først paa, naar Du vogner? paa vor Naboes Søn, svarede Pigen. (s. 323)
  • En Mand blev tildømt at betale 50 Kroner, som Han skyldede en anden, da han længe undskyldede sig med Umueligheden, blev een af Øvrigheden tilsidst fortørnet og sagde: Ja, da skal vi nok lære Eder det. Manden takkede underdanigen, og bad, at de med det samme tillige vilde lære ham at betale andre 100 Kroner, som han skyldede en anden, og ligeledes ikke vidste at kunde skaffe. (s. 404)
  • Perillus havde af Alexander begiert en Udstyr for sin Dotter, men da han fik 50 Talenter, syntes ham selv, det var formeget. Det kand maaskee, svarede Alexander, synes formeget for dig at modtage, men ikke for mig at give. (s. 404)
  • Man raadede een, som vilde sønderrive en Klippe, fra dette Foretagende, saasom Klippen var af haard Stens Art… Men min Pung er dog stærkere end Klippen, svarede han, og fik den og med stor Bekostning sønderminet. (s. 404)

Mi vurdering er at han brukte opp dei beste vitsane i sine første utgåver. Odd Strand skriv om magasinet og Middelthon i Bergensk presse i tre århundrer (1999, s.8-9):

Sammenliknet med […] de øvrige bergensavisene på 1770-tallet, virker «Magazinet» egentlig ganske avvekslende. Mellom de til dels lettkjøpte «Fortællelser» dukker det opp journalistiske godbiter, som forsvarer avisnavnet. I nr.4 av avisen presenterer han således flere sider med «Avisnyt», til og med på vers, en ide han hadde hentet fra den danske avisen «Mercur». Og selv [kritikeren] Fasting må vedgå at for eksempel de medisinske artiklene er «ypperlige». Tonen er iblant frisk, som i Middelthons eget allegoriske eventyr om handelsforholdene i Bergen gjennom tidene, en finurlig måte til å få sagt byens kjøpmenn noen sannhetsord. Her varter han opp med en billedbruk som vi, nå vel to århundre senere, kjenner igjen fra Donald-litteraturens gnierfigur Onkel Skrue. Om en mann heter det i eventyret at «han var glubsk Rig» og at han «fik saa mange Penge, at han maatte holde Folk til at skuffe i dem, at de ikke skulde mugnes». Kanskje kan vi utrope Henrik B. Middelthon til byens aller første journalist?.

Figurtegner (1983)

For ein del år sidan kjøpte eg ein gammal datamaskin av typen Dragon 32. Med han kom det ein del spel/program på kassett, som vil seie at programvaren er lagra som lydfiler – det var eit format som var lett tilgjengeleg den gong då. Men eg fekk ikkje til å spele dei av. Heldigvis var det ei reserveløysing: laste ned lydfilene frå nett og spele dei av via mobilen. Det fungerte bra for alle spela/programma med unntak av eit:

Kassett med merkelapp og teksta "Figurtegner".
«Figurtegner»

Dette programmet, «Figurtegner», såg ut til å vere på norsk, men eg fann det ikkje nokon plass i arkiv over Dragon 32-utgjevingar. Og der stoppa det opp nokre år sidan.

Nyleg hadde eg eit innlegg om «geriljarkivering» av dataspel, og då kom eg til å tenke på denne kassetten. Eg tok kontakt med youtubaren Arctic Retro (som eg viser til i innlegget om Tiki-100) og høyrde om han ville prøve seg. Han takka ja, og etter litt fram og tilbake så fann han ei løysing. Du kan sjå heile prosessen i videoen her:

YouTube: MYSTERY computer cassette revealed – What’s on it and for what machine is it ?

Som det kjem fram i videoen, var det ikkje et program til Dragon 32, men til Commodore 64. Han fekk liv i det og sendte filene til meg. Eg har lasta det opp på Internet Archive, så må andre gjerne laste det opp andre passander stader. Programmet er ein slags «sprite-editor» som let deg lage pikselgrafikk. Men heilt korleis ein skal bruke det er ikkje så lett å seie. Det går an å prøve det i ein emulator som Vice.

Eg fann også ein reklame for «Norsk figurtegner» til sals i Mikrodata nr. 4 frå 1984 (s. 35), då for 360 kr.

Utsnitt frå Mikrodata 4 1984. Salsannonse for program til Commodore 64, bl.a. "Norsk figurtegner" for 360 kr.

Når ein opnar programmet kjem det også fram kven som har laga det: Sam Data ved «Jan Sverre Samuelsen». Haugesund avis omtalar han som den «tillitsfulle datainteresserte ungdomsarbeideren», men melder at han dessverre døydde i august 2023. Eg håper han ville satt pris på at programmet hans frå 1983 no ligg ute på nett.

Oppdatert (20. november 2023): I ein kommentar på youtube-klippet viser @StoneOakvalley_ComputerStuff til ein reklame frå Hjemmedata nr. 5 1984 der ein kan sjå eska som programmet blei solgt i:

Geriljaarkiverte dataspel

Det finst mange norskutvikla og/eller norskspråklege spel. Desse er ein del av norsk kulturarv, noko Andreas Hadsel Opsvik argumenterer for i ein artikkel frå Syn og segn 4/2020 (oppdatert for nett). Her skildrar han utfordringa med å ta ta vare på gamle dataspel og spør etter gode ordningar for å passe på at dei blir bevart. Utgangspunktet er at Flash, eit program som blei brukt til laging og speling av spel, la inn årene. Kva skjer så med alle (dei norske) spela som er laga i det programmet? Korleis kan ein ta vare på dei for framtida? Situasjonen i dag er det han kallar «geriljaarkivering frå dedikerte fans»:

Såkalla emulatorar, programvare som latar som dei er fordums spelmaskiner, har blitt laga på dugnad av fangrupperingar på nett i fleire tiår allereie. Men, sidan dei ikkje er utvikla av skaparane av maskinene dei emulerar er dei sjeldan ein perfekt rekonstruksjon. Og dess nyare maskiner dei later som dei er, dess vanskelegare er arbeidet. […] I Flash sitt tilfelle har det privatet initiativet Flash Point Archive dukka opp, ein nettstad som søkjer å ta vare på Flash-spela.

Og mens me ventar på at f.eks. Nasjonalbiblioteket eller eit spelmuseum skal ta på seg arbeidet, er det desse geriljaarkivarane ein må setje sin lit til.

For andre typer spel enn Flash, er Internet Archive mitt beste råd. Her har fleire geriljaarkivarar lasta opp norske spel. Spesielt @norsktegnefilmsang har lasta opp mykje, men ein finn også bidrag frå andre brukarar, t.d.:@hjallar2000, @kamilla_kirkholm og @aardvark1640. Reddit-brukaren u/stankybusiness har laga ei liste over nokre av dei norske dataspela ein kan finne der.

Nokre spel, som Espen i Asmo, kan ein spele direkte i nettlesaren. Andre må ein bruke ulike verktøy for å få i gang på nyare maskinar. YouTube-kanalen Mulles retrospel har laga videoar som fortel korleis ein kan gjere det på Windows og Mac:

Kanalen hans er også full av videoar frå norske spel, om du vil ha ein raskare veg inn i nostalgien.

Sjå, høyr og les Jon Fosse på nett

Det beste er å skaffe deg ei fysisk bok av Fosse eller å gå på ei framsyning. Men om du ikkje har moglegheit til det, er det heldigvis ganske mykje som er ligg lovleg ute på nett.

Ein artig stad å byrje er kanskje Fosse sin skjønnliterære debut? Han fekk ei novelle på trykk i studentavisa Studvest i 1981. Dei har lagt ut novella «Han» på nett saman med ein artikkel om historia bak konkurransen han var med i og ein med reflekjonar etter han vann nobelprisen.

Nasjonalbiblioteket har laga ei eiga side om korleis ein kan fordjupe seg i deira Jon Fosse-samling. Der kan du også finne ting han har skrive som ikkje er eigne verk, t.d. forord til bøker, artiklar, osb.

For å gjere det hakket lettare, har eg laga ei noko rotete liste basert på det som er å finne på NRK, Nasjonalbiblioteket og elles på nett:

Me får sjå om eg kjem til å oppdatere lista. Det blir spanande.

Oppdatert (11.12.23): NRK hadde ei maratonsending i helga, «Jon Fosse ord for ord», der dei fekk skodespelarar til å lese gjennom all dramatikken hans. Eg har lagt dei inn etter beste evne. Eg trur eg har blanda litt med årstal for bokutgjeving og urframføring, men jaja.