Ein vanleg del av historia om Et Dukkehjem (1879) er at Ibsen måtte skrive om slutten for det tyske publikum slik at Nora blei heime. Men har du faktisk lese denne slutten? Du finn han i eit brev Ibsen skreiv 18. februar 1880:
NORA.
Dass ein Zusammenleben zwischen uns beiden eine Ehe werden könnte. Lebe wohl! (will gehen.)
HELMER.
Nun denn, – gehe! (fasst sie am Arm) Aber erst sollst du deine Kinder zum letztenmale sehen!
NORA.
Lass mich los. Ich will sie nicht sehen! Ich kann es nicht!
HELMER (zieht sie gegen die Thüre links.)
Du sollst sie sehen! (öffnet die Thüre und sagt leise) Siehst du; Dort schlafen sie so sorglos und ruhig. Morgen, wenn sie erwachen und rufen nach ihrer Mutter, dann sind sie – mutterlos.
NORA. (bebend)
Mutterlos –!
HELMER.
Wie du es gewesen bist.
NORA.
Mutterlos! (kämpft innerlich, lässt die Reisetasche fallen und sagt) O, ich versündige mich gegen mich selbst; aber ich kann sie nicht verlassen. (sinkt halb nieder vor die Thüre.)
HELMER (freudig aber leise)
Nora!
(Der Vorhang fällt.)
Eg fann ikkje ei norsk omsetjing etter eit raskt søk, sjølv om ho sikkert finst. Så hei, kvifor ikkje lage ei på nynorsk?
NORA.
At det å bu saman kunne bli til eit ekteskap mellom oss. Farvel! (ønsker å gå.)
HELMER.
Nå, men så – av garde! (grip armen hennar) Men først skal du sjå dine born for siste gong!
NORA.
La meg gå. Eg vil ikkje sjå dei! Det kan eg ikkje!
HELMER (trekker ho mot døra til venstre).
Du skal sjå dei! (opnar døra og seier nøgd) Ser du; der søv dei så rolege og roa. I morgon, når dei vaknar og spør etter mor, er dei – morlause.
NORA. (ristande)
Morlause –!
HELMER.
Slik som du.
NORA.
Morlause! (kjempar i sitt indre, mistar reisetaska og seier) Å, eg syndar mot meg sjølv, men eg kan ikkje forlate dei. (synker halvvegs ned framføre døra.)
HELMER (glad, men stille)
Nora!
(Teppet fell.)
Ibsen skreiv sjølv om den tyske slutten at den var «en barbarisk voldshandling» mot Et Dukkehjem, men han fekk aldri høve til å seie noko om mi nynorske omsetjing av han.
For ordens skuld: Eg gjer ut omsetjinga med Creative Commons Attribution 4.0 International