Stort brurefølge

Om det er ni «gjester som følgjer eit brurepar til og frå kyrkja», kan dei alle skildre gruppa dei er i med same ord på same målform, men på kvar sin måte. Det er ni lovlege variantar av ordet på nynorsk.

Skjermskudd frå UiB si nettordbok http://ordbok.uib.no

I bokmålsbryllaupet kan ei tilsvarande gruppe berre bestå av ein person.

Redigert (17.12.20): «Diskret» på bokmål er også verdt å sjå på.

Redigert (21.6.21): I Dag og Tid 24/2021 spør Marita Liabø om kor mange lovlege former av «å lykkønske» det er i ordboka. Svaret er 16 på nynorsk (og berre ein på bokmål):

lukkynska, lukkynske, lukkynskja, lukkynskje, lukkønska, lukkønske, lukkønskja, lukkønskje, lykkynska, lykkynske, lykkynskja, lykkynskje, lykkønska, lykkønske, lykkønskja, lykkønskje

I same veke skriv Gaute R. Risholt til Bergens Tidende om at det er for mykje valfridom i bokmål. Han bruker ordet «vannstandsenkingen» som døme og finn 24 lovlege varianter:

vass-standssenkninga, vass-standssenkningen, vasstandssenkninga, vasstandssenkningen, vass-standsenkninga, vass-standsenkningen, vasstandsenkninga, vasstandsenkningen, vass-standssenkinga, vass-standssenkingen, vasstandssenkinga, vasstandssenkingen, vass-standsenkinga, vass-standsenkingen, vasstandsenkinga, vasstandsenkingen, vannstandssenkninga, vannstandssenkningen, vannstandsenkninga, vannstandsenkningen, vannstandssenkinga, vannstandssenkingen, vannstandsenkinga, vannstandsenkingen.