I 2015 tok eg eit sommarkurs i grønlandsk språk og litteratur ved Ilisimatusarfik (Grønlands Universitet). Der skreiv eg ei oppgåve om grønlandsk science fiction, som eg tenkte det kunne vere relevant å dele med omverda. Eg har gjort små endringar i han her, mest for å tilpasse han Internett. I dette innlegget vil jeg raskt …
Author Archives: Rudi
Liste: Kristian Elster d.e. sine blikk
Kristian Elster (d.e.) var ein kritikar og forfattar som levde frå 1841 til 1881. Eg veit ikkje om det er unikt for han, men eg oppdaga at han ganske ofte skildrar blikk. Her er eit utval, sidetala er frå hans samlede verker (bind 1, bind 2): Det er mange fleire blikk i verka hans. Eg …
Dagbøker innanfor det nynorske
I podkasten til Dag og Tid blir tidlegare redaktør av Samlaget, Sverre Tusvik, intervjua om Olav H. Hauge sine dagbøker (i episoden 4. mai 2023). I den kjem han om ein påstand om at det har vore skrive dagbøker «innanfor det nynorske» samanhengande sidan Aasen si tid: Med unntak av åra 1899-1904, så stemmer jo …
Vas, skrap og murene mellom oss
Eit utdrag frå eventyret «Lurvehette» (Norske Folkeeventyr, 1852, s. 340): En Dag sprang den lille Jomfruen, de havde taget til sig, nede i Gaarden fremmenfor Slottet og legede med et Guldæble. Saa kom der en Fattigkjærring gaaende; hun havde ogsaa en liden Gjente med sig, og det varede ikke længe, saa var Gjentungen og den …
Eit sci-fi innfall frå Nicolai Wergeland
Nicolai Wergeland var Eidsvollsmann og far til bl.a. Henrik Wergeland og Camilla Collett. Året han døydde ga han ut boka Tanker og Bekjendelser (1848), som i følgje forordet er til dels betre skildra som «innfall». Eit av desse, nr. 111, tenkjer eg kan vere kimen til ei science fiction-historie (s. 82): 111. […] Ved [Kants …
Segn om Bergens opphav
Mange byar har eit mytisk opphav, t.d. har Roma historia om Romulus og Remus. Men visste du at Bergen også har eit slikt? Det finst eit (lite omtalt) segn i fleire utgåver frå 1500-talet om mystiske lydar i vågsbunnen – stemmar og musikk – som var eit teikn på at det ein dag ville kome …
Soga om Roy, Fyrste kapittel
Våren år 2000 fekk Vårt land forfattaren Erlend Loe til å leve frå seg ein stiloppgåve i nynorsk under namnet «Pia». Han skreiv «Soga om Roy» på 1,5 time, utan ordliste, før han reiste på påskeferie. Stilen blei lurt inn i bunka til ein norsklærar på Bjørknes Privatskole og vurdert til 4 på grunn av …
Mel-o-toons: Peer Gynt’s Adventures
Visste du at det finst fleire teiknefilmar basert på Henrik Ibsens Peer Gynt (1867)? Med overgangen frå teiknefilm på kino til billegare fjernsynsproduksjonar på 50-talet, dukka det opp ein del nye aktørar, t.d. Hanna-Barbera (Scooby-Do og The Flintstones). Ein annan aktør som baserte seg på dei same økonomiske animasjonsmetodane var New World Productions som produserte …
Norsk litteraturhistorie på 1-2-3
Det finst fleire norske litteraturhistorier ope på nett, til dømes Per Thomas Andersen sin Norsk litteraturhistorie (2001-utgåva) kan du lese på Nasjonalbiblioteket sine nettstad. Det same kan du med Knut Nærum sin parodi, Norsk litteraturhistorie fritt etter hukommelsen (2001). Men om du vil begynne med nokre meir fordøyeleg, er det fleire ressursar ute som gjer …
Endeleg kan du synge Dass sin song om horeri
Elevar i vidaregåande skular møter ofte Dass gjennom hans mest kjende verk, som Nordlands trompet og «Herre Gud ditt dyre navn og ære», men det har også vore vanleg å gjere eit visst publikumsfrieri med å ha med utdrag frå «Det Siette Bud. Du skal ikke bedrive Hoor.» T.d. andre strofe: Part legger sig hos …
Continue reading «Endeleg kan du synge Dass sin song om horeri»