Fredagstaco

I 2011 skreiv Øyvind Holen ei sak om norsk tacokultur for D2, og nokon år seinare publiserte han ei tidslinje over norsk tacohistorie på bloggen sin. Nokon høgdepunkt:

1965: Taco kommer til Norge, da Stavanger-kjøpmannen Allert Middelthon begynner å importere varer for å tilfredsstille behovet til amerikanere som kommer til byen for å lete etter olje i Nordsjøen. […]

1994: Norge møter Mexico i fotball-vm i USA, dette medfører nye butikkampanjer og -demonstrasjoner for og med taco i butikkene. […]

1997: Dagbladet slår fast at taco er ut.

1999: Nordlys slår fast at Norge er blitt «verdens mestetende taconasjon».

I tidslinja kjem det fint fram korleis taco blei ei verdsrett og ein klassikar i Noreg – men eg saknar noko om korleis institusjonen «taco-fredag» kom til. Heldigvis har Internett svar. Atlas Obscura har ein fin artikkel der ser på utviklinga av taco-fredag i Sverige.1 Først blei konseptet fredagskos etablert («fredagsmys«), så kobla Santa Maria fredagskosen opp mot deira texmex-produkt:

Meanwhile, the Swedish spice company Nordfalks, which marketed their Tex-Mex products to appeal to a Swedish audience, eventually changed its name to Santa Maria due to the popularity of its tortillas and tacos. Their TV spots suggested tacos as a staple of Cozy Fridays, and for Swedes, who were already used to smörgåsbord or potluck-style meals piled onto one plate, tacos were something new and exciting, yet familiar too.

Det er også spanande å sjå på korleis me har tilpassa retten til å passe betre til vore matvanar. Særleg agurken er visst eit uvanleg innslag, men det er fleire ingrediensar som amerikanarane reagerer på:

Americans might recognize the ground meat, soft or hard tortilla shells, peppers, onion, tomatoes, and guacamole of Swedish tacos, but not necessarily the cucumber, peanuts, pineapple, and yoghurt sauces that Swedes added to suit their own cultural tastes.

Det er i det heile ein god del engasjement rundt taco i Sverige. Dei har t.d. eit Taco-museum frå 1995 2, og det har blitt forska på kva tacoen betyr for dei. Eg har ikkje lese forskingsartikkelen, men eg vil gjette at det er mykje det same som her i Noreg.

Oppdater 9. mai 2022: Snubla over ein artikkel på forskning.no om ei masteroppgåve om taco som norsk mattradisjon.

  1. Det eldste treffet eg finn om tacofredag i Noreg er frå 2001, og det passar godt med historia frå Sverige.
  2. «I sjuhärdad fanns tidigt drömmen om ett taco-museum, som en träffpunkt för en intresserad allmänhet och för människor med ett professionellt engagemang i taco.»