Dikt: Snigelen (Olav H. Hauge)

Snigelen

Snigelen skrid yver vegen

med augo på stett.

Han gjev svarten

i farten

berre leidi er rett

Olav H. Hauge, Seljefløyta (2018)

Via Samlaget på Instagram

Oppdatert 17. desember 2025:

Litt meir informasjon om diktet:

«Snigelen» blei først publisert i antologien Dikt for deg og andre barn (1985) frå Samlaget, der dei ba diktarar om å sende inn dikt til ei bok for barn. Sidan har det dukka opp i fleire samlingar og samanheng, t.d. Den Store dikt- og regleboka (1989) og Seljefløyta (2018). I tilegg til at Samlaget la det ut på sin Instagram (over), var det også dagens dikt på Olav H. Hauge si Facebook-side (driven av Dr. Jackson Crawford) i 2021.

At diktet har gjort inntrykk kan ein også sjå gjennom korleis det har blitt brukt. Blant anna dukkar det opp i starten av dei akademiske utgjevingane Microbial ecology in early life stages of marine fish : development and evaluation of methods for microbial management in intensive larviculture (1999) og i Internasjonale menneskerettigheter (2003).

Diktet står fint på eigne bein, men det er jo også interessant å lese det saman med eit av Hauge sine mest kjende dikt: «Du var vinden«: