Mel-o-toons: Peer Gynt’s Adventures

Visste du at det finst fleire teiknefilmar basert på Henrik Ibsens Peer Gynt (1867)?

Med overgangen frå teiknefilm på kino til billegare fjernsynsproduksjonar på 50-talet, dukka det opp ein del nye aktørar, t.d. Hanna-Barbera (Scooby-Do og The Flintstones). Ein annan aktør som baserte seg på dei same økonomiske animasjonsmetodane var New World Productions som produserte over 100 Mel-O-Toons på ca. 6 minutt kvar. Desse var baserte på klassisk litteratur, folketru, mytologi og anna materiale utan opphavsrett.

Tre av teiknefilmane hadde utgangspunkt i Peer Gynt. Alle tre er frå 1960 og bruker Edvard Grieg sin musikk og har Art Gilmore som forteljar. Peer Gynt blir presentert i starten av kvar teiknefilm som ein ung, norsk mann som draumar om å gifte seg med Solveig, men i kvar teiknefilm har han ein last som ho meiner han må kvitte seg med først.

Peer skryt til Solveig

Peer Gynt’s Adventures on the Stormy Sea (imdb, YouTube). Peer har ein seglbåt, men er ikkje interessert i å lære særleg om segling, sjølv om Solveig oppfordrar han til det. Under eit båtkapplaup hamnar han i ein storm og forliser nesten. Til slutt lover han Solveig å lære seg meir om segling.

Denne har eigentleg fint lite å gjere med Ibsens Peer Gynt, anna enn at Peer er lat og at han på eit tidspunkt er i eit skipsforlis.

Dovregubben

Peer Gynt’s Adventures in the Hall of the Mountain King (imdb, YouTube). Solveig seier at ho ikkje vil gifte seg med Peer før han sluttar å fortelje skrøner. Peer går seg vill og sovnar utanfor ei grotte. Då blir han bært inn i grotta av troll. Peer blir redd, og skrøner om at han eigentleg er ein prins. Trollkongen seier at då må han gifte seg med trolldottera hans. Peer rømmer og lover seg sjølv at om han kjem seg vekk, skal han ikkje skrøne meir.

Ibsens Peer er ein skrønemakar, og han rømmer også frå ein trollkonge (Dovregubben) og dottera hans (Den Grønklædte). Her er det tydeleg at dei har basert seg meir på handlinga frå Ibsens stykke, sjølv om ho er kraftig forenkla.

Peer og Anitra

Peer Gynt’s Adventures in Arabia (imdb, YouTube ). Solveig har sagt at Peer må lære seg å jobbe, så han har fått jobb på eit skip som seilar til landet Arabia. Der blir han lurt av vakre Anitra til å hjelpe ho å stele juvelar frå eit palass. Anitra av med heile byttet, men då Peer finner ho att har ho blitt kidnappa og gjort til slave av andre røvarar. Peer lover at om han kjem seg vekk, skal han aldri stele igjen.

I Ibsens stykke reiser Peer sjølv rundt i verda for å tene pengar, blant anna til Sahara. Der treffer han slavinna Anitra, som saman med andre tar han for å vere profet. Det er altså delvis overlapp her, men det er ein ganske annan historie som blir fortalt i teiknefilmen.