Endeleg kan du synge Dass sin song om horeri

Elevar i vidaregåande skular møter ofte Dass gjennom hans mest kjende verk, som Nordlands trompet og «Herre Gud ditt dyre navn og ære», men det har også vore vanleg å gjere eit visst publikumsfrieri med å ha med utdrag frå «Det Siette Bud. Du skal ikke bedrive Hoor.» T.d. andre strofe:

Part legger sig hos Skiøger,
Og bruger dem i Fleng,
Part andres Koner søger,
Og smitter ægte Seng,
En Parti sig besover
Med næste Slegtninge,
Part giør det, som er grover,
Og blander sig med Fæ.

Og slik fortset songen nokre strofer, før Dass kjem med råd til den «Kaade Dreng» og den «lille Pige» om korleis dei bør halde seg borte frå horeri. Det er ein gøyal tekst å lese og fungerer også bra med elevar.

Men no kan ein altså, endeleg, synge han på sin opphavlege melodi.

Trond Haugen skriv i «Om en ukjent melodi hos Petter Dass» (Edda vol. 111, Utg. 3) om korleis han fant fram til melodien. Kort sagt står det i dei gamle manuskripta at melodien er «Den bekandte Søvren Tvillings Vise: Hør til Fattig og Rige &c», og dette har forskarar for lengst funne ut at er den same som «Quid tua? Det er: Huad kommer det dig ved?«. I den står det at melodien er «Pickelhærings Melodi», men der har det stoppa opp – denne visa/melodien skal vere tapt. Men med å snu nokre steinar, finn Haugen at dette ikkje er eit tapt vise, men at ho «hadde gått som en farsott over hele Nord-Europa i første halvdel av 1600-tallet.» Du kan lese ferda hans fram til melodien i artikkelen.

Så kva er melodien? Haugen skriv:

Den ble sunget på den britiske klovnefiguren Pickelhærings egen melodi; en tysk-nederlandsk variant av den britiske luttenisten Thomas Robinsons «Walking in a country towne» i lutt-tabulatoren The Schoole of Musick fra 1603. Melodien ble publisert med noter og separat numerisk tabulatur for lutt i Adriaen Valerius’ posthume Neder-Landtsche Gedenck-Clanck i 1626.

Notene til melodien er gjengitt i artikkelen, og «Walking in a country towne» er det mange variantar av på YouTube. Så her er det berre å finne fram teksta og synge med til meloden. Om Pickelhæring-varianten er veldig annleis, får ein håpe at nokon grip sjansen og tener Spotify-millionar på ei nyinnspeling av Dass.

Er du frista til å gå på din eigen skattejakt etter barokke melodiar? Rosinen i pølsa er her tidlegare nemnde «Herre Gud! dit dyre Navn og Ære«. Denne skal ein eigentleg synge til visa «Vill ey bonden laate vell etc», men den har framleis ingen funne. Lykke til!