Gunnlaug Ormstunga-illustrasjonar

Med tanke på kor lenge Gunnlaug Ormstunga har blitt lese i norske skular, er det merkeleg kor få gode illustrasjonar det er basert på handlinga i soga. Eit raskt oversyn på Nasjonalbiblioteket gjer meg eit inntrykk av at ein vanlegvis bruker illustrasjonar frå andre soger eller knytt til tida soga er sett i. Men det er nokre unntak, og dette er dei eg har funne. Veit du om fleire?

Georg Haas sine koparstikk

Sagan af Gunnlaugi Ormstungu ok Skalld-Rafni […] frå 1775 er dekorert med koparstikk av Georg Haas.

Ragnhild Vekterli Leitres illustrasjonar

To hundre år etter Haas, har Ragnhild Vekterli Leitre illustrert ei utgåve av soga. Bilete av Borg er basert på eit måleri som ofte er brukt saman med soga, men som ikkje eigentleg er knytt til ho.

Øvrige Gunnlaug Ormstunga-portrett

Illustrasjonen av Wilheilm Peters er visst berre ein av fleire han laga om Gunnlaug Ormstunge, men eg ser ikkje at dei andre er publiserte nokre stad, og eg veit ikkje kven som har dei. Eg har vore i kontakt med Follo museum og Nasjonalmuseet, men dei veit ikkje noko meir om resten av serien. Dei andre to illustrasjonene er frå lærebøker.

Øvrige illustrasjonar av Torsteins draum

Draumen til Torstein ser ut til å vere eit populært motiv.

Øvrige illustrasjonar av scener frå soga

I Bloch sitt bilete ser ein Gunnlaug kome med sin «one-liner» om at han ikkje haltar når beina er like lange. I måleriet av Fairfax (og skissa) ser ein eit møte mellom Gunnlaug og Helga. I Suul sin teikning ser me scenen der Ravn lurer Gunnlaug under holmgangen, som me og kunne sjå hos Haas og Leitre over.

Glade youtubarar

Det finst mange tolkingar av soga på YouTube, stort sett laga av elevar frå ulike skular. Men det er også nokre lærarar og andre formidlarar som har prøvd seg på å illustrere heile eller deler av soga.