Til info: Noregs mest kjente spøkelse

Har du ein tanke om kva som er Noregs mest kjente spøkelse? Mi erfaring er at mange slit med å kome med eit godt svar. Det finst eit hav av regionale spøkelse, t.d. Munken i Nidarosdomen, den brune mannen på Sande og Octavia Sperati på Den Nasjonale Scene, men desse er ikkje særleg kjente over heile landet. I tillegg er det nokre spøkelse i populærkulturen, som spøkelsa i Uhu! og nokre sære scenar i Hotel Cæsar, men desse er heller ikkje kjente blant særleg fleire enn dei som såg på desse seriane.

Min brannfakkel er at ingen av desse kjem i nærleiken av populariteten til det mest kjente spøkelset me har: Kaptein Sorte Bill av Torbjørn Egner.

Han er i følgje songen ein sjørøvarkaptein «fra femtenhundre og fjorten» som bl.a. røva ein spansk gullfregatt i «femten atten». Men songen går langt i å få fram at dette er lenge sidan: «Det hendte very plenty i den gamle gode tiden […] men femten hundre og den tid det er ganske lenge siden». Og til slutt seier han det omtrent rett ut når han nemner «De som får besøkelser av Kaptein Bill og spøkelser».

Dette er ikkje ei ny oppdaging, ein kan t.d. sjå i NRK-serien Drømmen om Kaptein Sorte Bill (1990) korleis Kaptein Sorte Bill lærar Nøtteliten å spøke. Ein ser det også i den (litt) meir akademiske artikkelen «Sorte Bill, Sabeltann og jakten på oljen» (Bøygen 3/2013, s. 47), der Sorte Bill og Sabeltann blir sett opp mot kvarandre.

Dette innlegget starta eigentleg som eit forsøk på å finne svar på kva det betyr at Kaptein Sorte Bill er frå 1514. Blei han kaptein då? Sidan han røva ein fregatt i 1518 så kan det ikkje vere fødselsåret. Men siden me no veit at han var eit spøkelse, kan ein jo tenke seg at det var året han døydde? Då heng det på greip kvifor han fleire hundre år seinare vel nettopp dette året som då han «er fra».