I podkasten til Dag og Tid blir tidlegare redaktør av Samlaget, Sverre Tusvik, intervjua om Olav H. Hauge sine dagbøker (i episoden 4. mai 2023). I den kjem han om ein påstand om at det har vore skrive dagbøker «innanfor det nynorske» samanhengande sidan Aasen si tid:
- Ivar Aasen skreiv dagbok frå 1830-1896. Dei er utgjeve i eit band, men Tusvik åtvarer om at dei er skrivne på ein kjedeleg måte.
- Rasmus Løland skreiv dagbok frå 1873-1898. Dei er digitaliserte, men ikkje gjevne ut. I følgje Sverre Tusvik skal Ernst Berge Drange ha transkribert dei, så ein får tru at dei blir publisert ei gong.
- Arne Garborg skreiv dagbok frå 1905-1923. Desse er transkriberte og utgjeve i seks bind.
- Olav H. Hauge skreiv dagbok frå 1924-1994. Desse er transkriberte og utgjeve i fem bind.
- Nokon skriv truleg dagbok frå 1994…?
Med unntak av åra 1899-1904, så stemmer jo påstanden eigentleg ganske godt. Tru kven som blir neste i rekka?