Tidleg vettekunst: Scheurens nisser

Eg er vel først og fremst interessert i norsk vettekunst, eller til nøds nordisk. Men kor går då grensene? Kva om ein tyskar, t.d. Caspar Johann Nepomuk Scheuren (1810-1887), illustrerer ei norsk folkevise i ei utgjeving som blir publisert i Noreg? Ja, til dømes noko slik som denne litografien?: (sjå han i full oppløysing hos Nasjonalmuseet)

Ein stor arabesk med overskrift "Norske Folkelivsbilleder". Det er fleire små felst med illustrasjonar av garsdfolk, budeier og liknande. Riksløva og enkelte dyremotiv er rundt. Det heile er forma som ein halvboge rundt ein illustrasjon av ei budeie med geiter i midten, der ein også kan lese "Christiania". Under er det nokre mindre felt med t.d. nisse-aktige vesen som dansar.

I 1854 kom utgjevinga Norske Folkelivsbilleder, som er basert på illustrasjonar gjort av Adolph Tidemand, men ho opnar med denne arabesken som viser illustrasjonar knytt til folkevisa «Ifjord gætt’ e’ Gjeiten ’ti djupaste Dalom«. Saman med illustrasjonen er ein pedagogisk tekst av Emil Tidemand (Adolphs bror) som presenterer sjangeren arabesk, skildrar dei ulike delane av biletet og peikar på korleis dei heng saman med folkevisa. For eksempel blir figurane i urnesstil skildra som «phantastisk sammenslyngede Dyrlignelser, Drager, Orme».

Mest interessant for min del er noko av det som foregår i nedre del av biletet, det som i teksta blir skildra som «alskens uhyggelige Skikkelser, der lade ane en Afbrydelse af hiin glade, sorglöse Ro»:

Desse (bitte)små, innebura figurane i raudt blir skildra «Nisser og Dværge», det gjer også dei to karane i trekantfelt nær midten. Dei i buret verkar å vere utan særleg skjegg, og det er vanskeleg å sjå om dei gjer noko anna enn å kikke. Karane i trekantfelta har tydeleg skjegg, og han eine speler fele.

Dei store, ovale felta har figurar som passar noko betre til det me i dag vil kalle nisse. Dei har skjegg, store raude luar og ser ut til å vere oppstemte. Men i skildringa av biletet blir dei omtale som «spögelseagtige Væsener, med sælsomme Fagter». Er dei då noko anna enn nissar og dvergar? Det er vanskeleg å vite kor mykje ein skal legge i desse skildringane, som tross alt ikkje er skrivne av kunstnaren sjølv. Det er heller ikkje mykje hjelp å hente i folkevisa, som ikkje i det heile har noko med vetter å gjere. Visa handlar om ei jente som mister fridomen ho hadde fordi har fått eit born.

Her kunne eg eigentleg ha avslutta, men sidan me først kikkar på teikninga, er det verdt å nemne at ein variant av ho har overlevd i original, altså ikkje berre litografiet over. Nasjonalmuseet daterer denne til ca. 1848. Me kan kikke på dei same felta i denne utgåva, då det jo er litt artig å sjå kva som har endra seg mellom dei to versjonane:

Som ein kan sjå er det mange endringar, t.d. den smilande sola og heile komposisjonen, men mest interessant om vettene er kanskje at dei små innebura nissane også har antyding til skjegg. Kva som er årsaka til desse endringane er ikkje lett å seie. Cecilie Bogge leverte i 2001 frå seg ei masteroppgåve om intensjonen bak bileta i Norske Folkelivsbilleder. Der skriv hos blant anna om det å lage litografi:

Som vi no har sett, må maleriet gjennom mange ledd før det blir eit litografi av motivet. Dette gjer sjølvsagt at ein god del informasjon vil gå tapt undervegs; dei som kjenner oljemaleriet Haugianerne, vil sjå at det har skjedd mykje med motivet i litografiet. Først og fremst er det svært forenkla, mange detaljar er forsvunne, fargane er ulike og figurane i bildet ser litt annleis ut.

Eg trur nykelen for å forstå begge versjonane av arabesken, er å undersøke korleis ein i Tyskland visualiserte sine koboldar, gnomar og goblinar. Sjå til dømes dette nydelege, samtidige måleriet frå 1848 av ein gnom som ser på ein jarnbane. Men den jobben overlet eg enn så lenge til nokon andre.

Og om du ikkje har høyrt visa som det heile byggjer på, kan eg varmt tilrå ho. Det finst mange fine framføringar, t.d. denne av Åse Thoresen.

2 replies on “Tidleg vettekunst: Scheurens nisser”

Comments are closed.