Eg er ingen Henrik Wergeland-kjenner, så her kan det godt vere at eg bommar i mi tolking. Men teikninga på dette papiret som er scanna inn av Nasjonalbiblioteket («Ms.fol. 584A:3:13::»), ser ut til å vere ei historie om ein mann som blir forført av Huldra:


Men kva er eigentleg greia med utsjånaden til Huldra? Blir ho ein slange? Plante? Fallos? Wergeland skreiv om Huldra i Vinægers Fjeldeventyr (1841), men der møter ein ikkje scenen som er illustrert over. Det same gjeld for «En sangfuld Sommermorgen paa Skreya» (1829) og Fjeldstuen (1845).
Setelen er publisert og såvidt omtalt i Henrik Wergelands Samlede skrifter. Bind 6, del 2 (1938) der dei har skrive kommentaren: «[Møte med huldra] Tegninger av Wergeland av ukjent tid.» Dei tolkar også skrifta som står saman med nokre illustrasjonar på andre sida av setelen, men eg blir ikkje noko klokare av det. Eg finn elles teikninga på nettsida wergeland2008.no (arkivert) og i boka Biografien om Henrik Wergeland : vill og gal og genial (2008), men utan vidare kommentarar eller opplysingar. Kanskje veit me ikkje meir om han?
Wergeland døydde i 1845, så teikninga må vere eldre enn det. Er det i så fall den eldste illustrasjonen me har av Huldra? Om det i det heile tatt er ho? Her håper eg at det kjem fleire svar. Men enn så lenge har de i alle fall eit utgangspunkt for ein Giger-aktig skrekkfilm om Huldra.
Redigert (16. januar, 2026): Eg la inn litt meir informasjon om kor teikninga har blitt kommentert/publisert.
