Peter Christen Asbjørnsen var med på å gje ut Nor – en Billedbog for den norske Ungdom. Indeholdende: Store og gode Handlinger af Nordmænd; norske Folkesagn og Eventyr i 1837. I tillegg til å vere den første utgjevinga av segn og eventyr frå Asbjørnsen, er det også første gong dei blir illustrert. På bloggen til Andreas Faye-selskapet skriv dei utfyllande og informativt om Nor, du kan bl.a. lese om kor uvanlege dei er i dag og om korleis dei ulike utgåvene skil seg frå kvarandre.
Men eg saknar illustrasjonane til segnen «Spillemanden», som handlar om ein spelemann som får besøk av underjordiske og ein «gammel Mand» som bur under badstua hans. Denne illustrasjonen er ein tidleg illustrasjon av eit vette frå norsk folketru, og eg liker godt å sjå korleis desse figurane blei visualisert. Skildringane i sjølve segna og eventyra er ofte nokså knappe. Her er illustrasjonen frå dei tre utgåvene av Nor, høvesvis 1838, 1843 (i beste kvalitet eg kunne finne) og 1861:



Ordet «nisse» er ikkje brukt, men det er jo sjølvsagt freistande å seie at dette er ein tidleg nisse-teikning. Her er korleis han er skildra i segna:
[…] saa sad der paa Peiskrakken en gammel Mand med et Skjæg, der rak helt ned til Bænken, ja det var over en Alen langt; han havde ogsaa en Pibe, og for frem og tilbage med en Brand, ligesom Jo selv, og skulde tænde paa den; ret som det var saa gik den ud, saa tændte han paa igjen, og det blev ikke anderledes.
Og kven er kunstnaren? Me veit ikkje. Men om hen er norsk, vil eg tru dette er ei av dei første, norske nisseteikningane.
Eg har elles skrive litt om Werenskiold sine nissar tidlegare.
