Studentradioen i Bergen har eit program som heiter Spillmagasinet:
Spillmagasinet er et av Studentradioens lengstlevende program. Seks gamere samles i studioet hver tirsdag klokken 11:00-12:00 for å snakke om alt innenfor spillverdenen, nytt eller gammelt. Spillmagasinet er en podcast for deg som allerede er glad i spill, og ønsker dypere diskusjoner om spillverdenen.
Men Spillmagasinet er eit ganske nytt namn på podkasten, fram til 19. september 2022 gjekk dei under namnet Hardcore. Og om ein fortset å følgje dei bak i tid, kan ein sjå at den eldste podkasten som ligg ute er frå 18. august 2009. Men dei har faktisk laga programmet sidan august 2005, og den 24. september 2005 publiserte dei programmet som podkast. Du kan lese ein forumtråd om oppstarten på Diskusjon.no.
Det gjer han, trur eg, til den norske podkasten som har halde på lengst.
Så kan ein seie at det er eit Theseus-skip, der både dei involverte, konseptet og namnet har endra seg over tid. Er det då eigentleg den same podkasten? Eg landar på ja, sidan det er ein tydeleg kontinuitet frå start til slutt.
Er det nokon andre som har halde det gåande lenger? NRK var tidleg ute med fleire program, men sjølv om dei framleis kallar tilbodet sitt for «podkast», baserer dei seg ikkje lenger på podkasting-teknologi (som eg er innom i førre innlegg om podkasthistorie). Deira «podkastar» er no heller ein funksjon i ein appane deira. Ein annan tidleg aktør, ITavisen.no, gjekk over frå podkast til video i 2018. Er det andre moglege kandidatar? Og tru kven som tek andreplassen?
Til slutt eit lite sukk. Alt dette var eigentleg notat frå innlegget mitt om Noregs første podkast. Fleire av lenkene eg samla saman den gong er daude, og eg kan ikkje finne dei arkivert på nett. Eg hugsar ikkje kva som ligg på desse, men eg har dei med her i tilfelle nye Internettarkiv dukkar opp (t.d. Nasjonalbiblioteket sitt):
– https://vgd.no/t/Spill/871085-hardcore-radiopremiere
– http://www.battlefield.no/index.php?/forums/topic/56992-hardcore-radio/

@puha @Rudi Eg kjenner John og den originale Hardcore-garden godt – vi/dei speler framleis digitale og analoge spel saman relativt jamnleg!
@tanketom @puha Stas! Håper dei tenkjer på det som ei bragd.
@Rudi @tanketom @puha Som tidligere medlem er jeg stolt, men jeg bærer fortsatt et brennende sinne for at de endret et godt navn til noe så tamt.