Gisle Surssons saga i Disneys Frost (2013)

I Gisle Surssons saga (Gísla saga Súrssonar) er det ei scene tidleg i boka der fire karar går inn i eit blodsbrorskap:

«[…] Men eg veit ei god råd for dette: vi skal binda venskapen vår med fastare avtalar enn før og sverja oss fire saman i fosterbrorskap.» Alle syntest dei dette var ei god råd. Dei gjekk så ut på Øyrekvalsodden og skar opp av jorda ei torve i halvring, slik at begge endane var faste i jorda, lyfte torvremsa opp på midten og sette eit utskore spyd under. Dette var så langt at ein mann berre kunne nå med handa si opp til spydnaglen. Alle fire skulle no gå under der, Torgrim, Gisle, Torkjell og Vestein. Så rispa dei seg til blods og lét det renna saman i den molda som torvstrimmelen var skoren opp frå, og rørte så alt saman, molda og blodet. Deretter la dei seg på kne og svor eid på at dei skulle hemna kvarandre som brør og kalla alle gudar til vitne.

Nynorsk omsetjing av Jan Ragnar Hagland (s. 14-15)

Dr. Jackson Crawford fortel i Nasjonalbibliotekets arrangement From Heimskringla to Hollywood (36:47) om korleis han har jobba som norrønt-konsulent for blant anna Disney-filmen Frost (2013). Og då dei bad han om eit forslag til korleis ein kunne gjennomføre eit vikingbryllaup, var hans forslag å basere seg på scenen over. Du kan resultaet på YouTube. Det er sjølvsagt ikkje heilt likt som i sagaen, men eg liker at ein kan kjøpe eit leikesett og vite at det er basert på Gisle Surssons saga:

Leiketøysett med karakterane frå Frozen. Dei er kledd som i filmen, med buskar og kvister over sine vanlege vinterkle, med ein boge av papp over. I tillegg følgjer det med eit par små troll.

Crawford nemner også at boka med runeskrift ein ser i filmen (også i klippet over) er på gamalnorsk heller enn norrønt. Folk på nett gjekk raskt i gang med å avkode dei etter at filmen kom ut. I foredraget over avslører Crawford berre at det handlar om «trolls healing heart sickness or something».

Eg har tidlegare skrive om då Dr. Jackson Crawford laga ein saga basert på Star Wars. Eg kan elles varmt anbefale YouTube-kanalen hans.

Oppdatering (2. desember 2025): Dr. Jackson Crawford fortel meir om kva ein veit om bryllaup i norrøn tid.