Den der tyske Dukkehjem-slutten

Ein vanleg del av historia om Et Dukkehjem (1879) er at Ibsen måtte skrive om slutten for det tyske publikum slik at Nora blei heime. Men har du faktisk lese denne slutten? Du finn han i eit brev Ibsen skreiv 18. februar 1880: NORA.Dass ein Zusammenleben zwischen uns beiden eine Ehe werden könnte. Lebe wohl! …

Noregs første podkast

Laurdagen 3. september 2005 sender NRK første episode av radioprogrammet Kurer. Temaet er podkasting – og i det høvet la dei ut episoden som podkast alt dagen før (klokka 16:56!). I følgje SNL.no er dette NRK sin første podkast, men dette kjem me tilbake til. Fredagspubliseringa gjer at dei blir det første radioprogrammet distribuert som …

Talet bokstavar i det danske alfabet

Det danske alfabetet har 29 bokstavar, nett som det norske (sjå t.d. Dansk sprognævn sin artikkel om alfabetet). Men mange i Danmark trur visstnok at det berre er 28 bokstavar. Forklaringa er, skriv ein Reddit-brukar, at den danske alfabetsongen slår hardnakka fast at det er 28: a b c d e f gh i j …

Alle heiter Glenn i Gøteborg

Eg kan lite om fotball, men ein av dei få tingane eg har lært er: Alla heter Glenn i Göteborg. Bakgrunnen for songen er at laget IFK Göteborg vant UEFA-cuppen i 1982 med fire spelarar på banen med namnet Glenn: Glenn Hysén, Glenn Strömberg, Glenn Schiller og Glenn Holm. Dette fekk ein del merksemd både …

Street art i Stavanger

I Stavanger har dei sidan 2001 hatt «street art»-festivalen Nuart, noko som gjer at det er flotte kunstverk på veggar gjennom heile Stavanger sentrum. Men no melder NRK at Nuart ikkje får meir støtte frå Kulturrådet, og at dei derfor gjer seg: I 2016 kom beskjeden fra Kulturrådet om at Nuart-festivalen ikke lenger ville motta …

Historiske valomatar

Nasjonalbiblioteket har eit fiffig påfunn, dei har laga ein valomat som navigerer deg gjennom dei politiske stridssakene rundt 1890-1925. Her må du ta stilling til stemmerett for kvinner, oppheving av brennevinsforbod, 8 timars arbeidsdager og liknande. Dette er ikkje første av sitt slag, Arkivverket laga ein i 2013 i anledning stemmerettsjubileet, men den er ikkje …

Don Bluths «Østenfor sol, vestenfor måne»

Don Bluth er mannen bak animerte klassikarar som NIMHs hemmelighet (1982), Lillefot og vennene hans (1988) og Anastasia (1997). I starten av 80-talet var han i gang med eit filmprosjekt basert på eit norsk folkeeventyr: East of the Sun and West of the Moon. Me kjenner att eventyret som «Østenfor sol, vestenfor måne«, men han …